Gå til innhald

Kaffi i koppen og katt på tastaturet.

mars 15, 2009

Katten mel og kosar seg. Eg prøver å halda han i armane mine medan eg skriv, for det er så kronglete at han tråkkar på bokstavane.

Etter ei travel veke kom det ei intens helg med ein roleg sundag føremiddag. I smuttholet mellom alt som skal skje sit eg her og skriv, og det er så fint at eg ikkje har lyst til å slutta med det.

Snøklokkene ringler i bedet framfor huset, og har fått fylgje med blå og gule krokus. Naboen som lufta hunden sin fortalde meg at ho fraus fordi ho var blitt så lei av å gå med vinterkåpe. Medan eg snakka med henne såg eg bare seljekvister bera gåsungar. Eg klarte ikkje halda fingrane borte, eg måtte stryka dei mot fingertuppane, kinna og leppene når ingen såg på.

Eg trudde at eg var ein sånn typisk lærar-type med auditiv og visuell sans som mine sterkaste greier, men då me ein gong for fleire år sidan tok ein test på eit kurs, fekk eg vita at eg var veldig taktil. Det vil seia at eg har ein medfødd trong til å ta og klemma og plukka på alt eg ser, og at eg lærer mykje gjennom fingrane… Slike testar skal ein sjølvsagt ta med minst ei klype salt, men det er faktisk slik at eg alltid har hatt det med å ta på alt og alle… Og i dag var det altså gåsungar. Saman med det skarpe morgonlyset og dagane som varer lengre og lengre før sola går ned blir fasiten fin: Det er rett og slett blitt vår.

“Blåveisen blømer i gråbleike vårer”, skriv Einar Skjæråsen. Blåveis har me ikkje på mine kantar av landet, men så lenge krokusen sprett fram og snøklokkene kikker småsjenert ned i bakken så er våren her meir enn god nok som han er.

I veka som gjekk fekk eg henta ned ein del greier. Nå er eg ferdig med alle manus som skal skrivast før ferien, trur eg. Eg manglar bare ein avslutningssong til Mathilda, men det skal vera raskt gjort.

Sunniva møter våren med knallraude knelange gummistøvlar og ei kofte etter oldemor. Ingrid sit i Drammen og maler havfruer. På torsdag sende ho meg melding midt i kunst- og handverkstimen om at ho hadde sklidd på isen i bakken og var på veg til legevakten for å sjekka om ho hadde brukke ankelen.

“Det er ikkje lov å senda meldingar i timane,” sa elevane som trong hjelp borte ved symaskinane. Eg forklarte dei at i nødsfall var det lov, dersom ein altså var lærar og ikkje elev… Eg måtte jo vita korleis det gjekk… Heldigvis var det ikkje beinbrot, men ei forstuing. Ho vart send heim att med krykker og sterke smertestillande tablettar.

På torsdag og fredag skal teaterklassen hennar ha stor oppsetjing av “Den spanske flue”, der ho har ein av hovudrollane. Eg spurde litt bekymra korleis det kom til å gå nå, men ho kunne fortelja at Fru Klinke var mellom femti og seksti år, så då ville det ikkje sjå unaturleg ut om ho i verste fall måtte gå med stokk… Så då så…

Jan Ivar og eg tok på fredag farvel med gamle HC Andersen. Me hadde den siste forestillinga for i år. Kanskje det blir den siste nokonsinne? I utgangspunktet var det ei jubileumsforestilling som bare skulle gå ein sesong, men kvart år har me blitt spurt om å ta ein ny runde med sjetteklassingane i kommunen. Nå har me reist rundt i fem sesongar med bilen full av koffertar, prinsessekjolar, hermelinskappar og høgdehoppstativ.

Då me kom til skulen der me skulle vera på fredag, fekk eg eit lite anfall av prestasjonsangst. Ein frilance- filmfotograf hadde rigga seg til med kamerastativ, mikrofon og eit gedigent filmkamera. Nokon hadde tenkt på at stykket vårt burde filmast som dokumentasjon på det me hadde å fara med og det me hadde gjort. Eg visste at vedkomande kanskje ville dukka opp, men sidan eg ikkje hadde høyrt noko meir, vart eg likevel litt overraska…

Dei første fem minutta av teaterstykket var eg veldig merksam på at eg vart filma, men etterkvart gløymde eg det heldigvis av og kunne konsentrera meg om det eg skulle… Eg er vel glad for at me har fått det på film, men er ikkje sikker på om og når eg skal kikka på det. Å sjå seg sjølv på film er hakket verre enn å høyra sin eigen stemme på lydband, og det siste er frykteleg. Meir profesjonell enn det er eg ikkje, det må eg bare innrømma…

Men nå har me lagt ei bleikrosa rose på kista til HC for siste gong, i alle fall for ei stund, og etterpå feira me med å gå på kafé og kjenna den gode kjensla av å vera i mål med eit prosjekt…

Etter eit tidlegare omtalt dansekurs var eg saman med verdens beste venninner og åt mexikansk mat heime hos Anne Mette. Litteraturkveldane våre har ikkje alltid rom for så mykje litteratur, men det gjer ikkje så mykje.

Laurdag føremiddag vart eg henta av Hanne Lise og Dominique for å få skyss til dansekurset. Hanne Lise hadde fylt ein stor termoskopp med rykande varm kaffi slik at eg skulle kosa meg med kaffi på vegen. Ho er sånn omtrent den mest omtenksomme personen eg veit om.

Då me skulle heimom og skifta klær før femtiårsdagen, vart det smaragdgrøn kjole i staden for svart. Eg finn ikkje den svarte underkjolen, og sidan eg har det med å leva med prinsippet ferdiglagde gjerningar framfor langtidsplanlegging, hender det at det trengst litt improvisering i svingane…

Femtiårsdagen vart fin. To stover fulle av folk, nydeleg heimelaga tapasanretning og tid til å bare vera levande, nyssgjerrig og litt søvnig etter nokså store porsjonar liv.

Nå prøver eg å fortelja meg sjølv at nok er nok. Så lange tekstar som dette orkar nok dei færraste å lesa. Laksen står i omnen og oppvasken frå det siste halve døgnet står tålmodig og ventar. I fryseboksen har eg frosne bollar og kanelrullar som eg tenkte å by mine næraste på. I kveld skal me vera med Halvard på konfirmantfest.

Eg høyrer at andre har alle detaljar klar til sine konfirmasjonar først i mai. Sjølv har eg knapt nok hatt tid til å ofra det ein tanke, men visst kjem me til å koma i mål.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Skylla permalink

    Gåsungar!? Är det «videkissar»? Vad sött! 🙂
    Och snöklockor, är det samma som vi kallar snöklockor? Har de och krokus kommit redan? Konstigt att tänka sig när vi har en halvmeter snö fortfarande.

    50? Vem? Inte du väl?

  2. Heidi: permalink

    Ja, gåsungar er det same som videkissar. Lærte meg ordet akkurat nå, eg var inne og søkte på google. Mange stader i Norge og er det framleis masse snø. Ingrid ringte akkurat for å fortelja at ho hadde ramla på isen og slått den vonde foten endå meir… Nei då, ikkje min femtiårsdag. Det er det leeeenge til endå… Me var heime hos ei venninne som fylte femti. 🙂

  3. Torhild permalink

    Takk for at du er raus og deler dosar med levd liv!!Eg nyt å lesa det du skriv! Gler meg til å sjå dykk dansa 🙂

  4. Elin permalink

    … og tenk at eg skulle koma over bloggen din via ein dansk blogg… verda er jammen ikkje stor lenger.
    Elles har ikkje me heller så mykje planlagt til konfirmasjonen i haust…
    Har lagt inn bestilling på sekkelageret då, men elles er alt ope. Du har jo rutine å flyta på , det er meir enn kva eg har 😉

  5. Heidi: permalink

    Neimen hallo, Elin! Det er heilt sikkert at av og til er verda underleg lita… Ein konfirmasjon tek du på strak arm! Og vår konfirmasjon er i mai 🙂

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: