Gå til innhald

Det ser blått ut frå månen

mars 17, 2009

seier Rolf Jacobsen i eit dikt. Diktet går ut på å fortelja at alt på jorda, det viktige og det uviktige, det store og alt som er smått, alt som er fint og alt som er gale, ser blått ut fra månen. Det ser blått ut frå månen alt saman…

Nå har eg for andre kvelden på rad brukt dei siste timane av dagen til å øva inn tiandeklasseprosjektet “Blå” med ein gjeng femtenåringar. I går var det veldig kaotisk, som slike prosjekt alltid er i ein gitt fase, i dag var det meir orden på ting. Ein av utfordringane er framføringa av Rolf Jacobsen sitt dikt. Ungdomane har kvar sine linjer dei skal seia høgt, og mange linjer dei skal seia samtidig. Eg har tru på at det skal bli bra til slutt.

Sunniva har klipt håret i ein relativt kort bob- frisyre. Det er fint. På torsdag reiser ho og Vilde saman med meg til Drammen. På fredag skal me sjå Ingrid spela fru Klinke i Den spanske flue,- med eller utan krykker.

Martin Lönnebo utfordrar meg til å sjå på livet som eit mysterium. Eit mysterium eg skal våga å finna min plass i. Livet er ikkje ein opphoping av problem eg skal prøva å finna svaret på, men eit mysterium eg skal leva. Det er ein fin tanke å henga timane mine på.

Og eg som tenkte å ta livet meir med ro. Nå er eg i ferd med å svara ja på ei stor utfordring. Det er eit så spennande oppdrag at eg ikkje klarer å takka nei. Meir enn det kan eg ikkje røpa nå. Nå kjenner eg at dagen har blitt godt brukt. Eg skal ta tidleg kveld.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. emma permalink

    whaschera?

  2. Heidi: permalink

    I morgon skjer dette: Eg og Sunni og Vilde tek tog til Drammen viss Vilde blir kvitt øyrebetennelsen sin. Vilde og Sunniva hoppar av i Drammen og søv hos Ingrid. Eg tek tog til Lysaker og søv hos deg. Fredag tilbake til Drammen for å sjå forestilling. 🙂 Ikkje rart du blir forvirra. Kom ikkje på at du kunne lesa dette før eg fekk snakka meir med deg. Sorry…

  3. Skylla permalink

    Otroligt fin tanke! Den ska jag minnas. Jag är dålig på det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: