Gå til innhald

Det å feriera aleine…

juli 9, 2009

Eh aleine og aleine… Eigentleg er eg jo her i ei gruppe, eg har ei oppgåve å utføra, og eg har nokre av mine beste venner med på same turen.

Likevel kjenner eg at det er litt uvant for meg å ha så mykje tid som bare er mi, og som eg kan bruka heilt som eg vil. Det er mest godt, men og litt utfordrande. Eg får tid til å tenkja mine eigne tankar til endes, og eg har tid til å prioritera akkurat dei tinga eg vil. Eg kjenner at eg er van med å ha mange menneske tett inntil meg heile tida, og eg blir glad når eg får verdas søtaste melding frå Ingrid om at eg er sakna heime.

Dagen i dag er på sett og vis ein fridag med lite felles program. Me vakna til svarte skyer og regn, men lufta er varm og deilig. Dagen starta med morgonbøn og meditasjon for dei som ville det. Jan, som høyrer til i frelsesarmeen leia oss. Først eit bibelord, og så stille bønn. Det vart avrunda med Bjørn Eidsvåg sin “Se i nåde til oss, se i nåde til oss, Kyrie, eleison, miskunna deg over oss”, på høgtalaranlegget. Kyrie eleison er på ein måte ein tråd gjennom livet mitt. Gud, miskunna deg over oss og gråt for oss…

Etterpå var det deilig lang frokost med to lange og interessante samtalar med to ulike menneske eg aldri har snakka med før. Dette å møta andre i samtale og god tid er noko av det aller finaste med slike opphald som dette.

Eg har vore på marknad med Torhild og Per Magne. Eg prøver å aktivera spansken min, men det er ikkje mi aller sterkaste side å pruta. Eg tenkjer at uansett så har eg sikkert mykje meir å rutta med enn dei som prøver å selgja ting til meg. Men sjølvsagt er prutinga eit slags spel. Torhild er ganske driven på det, og eg ser at selgjarane ler og kosar seg medan dei tilbyr ein betre og betre pris på varene.

Me var blitt anbefalte å ha kontantane i lomma i staden for i vesker og lommebøker, for det er ein del lommetjuvar i området. Slike råd funkar ikkje alltid for meg. Etter ein deilig salat på ein fortausrestaurant i lag med sju andre, oppdaga eg til mi forskrekking at 50-eurosetelen ikkje låg i lomma mi lenger… Ingen kunne då ha kome til bukselomma mi?

Tanken slo meg at pengane kunne ha falt ut då eg var på toalettet på restauranten halvannan time tidlegare… Kva var då oddsa for å finna han att. Fadderbarnet mitt Maren, sprang inn for å sjekka, og der fann ho seddelen på golvet. Eg kan viss ikkje få understreka det kraftig nok; verda er betre enn sitt rykte…

I ein pause for meg sjølv las eg meir Martin Lönnebo. Han oppfordra menneska til å be til Gud om å få kjærleik til og medkjensle med andre menneske som ei gåve. Samtidig advarte han om at det ville kunna gjera vondt å bli bønhøyrd. Ein risikerte å få mykje å gråta over. Det trur eg er veldig sant. Det å kunna ta inn andre si smerte gjer ein sterk, men samtidig sårbar. Men eg trur verda treng medkjensle og empati. Eg snakka i dag med ein gut på alder med den eldste son min. Han skriv mellom anna bøker. Han sa at det overordna målet for alt ein gjer bør vera å gjera verda litt betre. Det er eit ambisiøst prosjekt, men eg trur han har rett.

Dagens vesle sjokk var då eg stod på det vesle spanske kjøkkenet mitt og togg i meg noko i full fart. Plutseleg togg eg på noko hardt og oppdaga at eg stod med ei tannkrone i handa. Det er ei jeksel med krone, som eg trur er rotfyld. Heilt spontant sette eg tanna på plass og trykte til, og eg høyrde eit knepp som frå ein trykk- knapp. Etterpå sat ho tilsynelatande heilt fast… Eg håpar det bare er å få limt det på plass att. Eg får tygga forsiktig…

Eg har ikkje veldig stor trong til å besøkja spanske tannlegar. Dersom ho dett ut igjen, får eg pakka ho inn og låsa ho inne i safen til eg skal heim att… Så får den vidare utviklinga i tannhistoria bli ein sak mellom meg og Knut Mauland, den utmerka tannlegen min heime…

Nå skal eg gå meg ein tur og sjå kven og kva eg møter. Det kan bli interessant.

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Gunn permalink

    Du må kose deg og hilse kjente. Pass godt på pengene og tennene

  2. emma permalink

    Berre ta det med ro- vi har fleire tenner i kommodeskuffen i gangen…

  3. Ra-To permalink

    Jaja, Heidi, skulle tanna finna det for godt å smyga seg ut igjen, så fins det mange knallflinke tannlegar i distriktet der du er. Eg var hos ein norsk ? ein bergenser ? i Alfaz i si tid. Men tvitvi for at tanna blir der ho er! Nyt dagane! 🙂

  4. Heidi permalink

    Takk for omsorgen, alle saman. Tanna er på plass og pengane i lommeboka, trur eg… Nå skal eg heim og sjekka at eg drog ut strykejernet i dag morges. Skikkeleg luksus å starta dagen med å stryka dagens sommarkjole.Og nå ler eg igjen Emma. Tenkjer på fotografiet av nokre av svograne mine… Dei må jo lura på kva menneske det er som sit her og «tullflirer…»

  5. Skylla permalink

    «verda er betre enn sitt rykte…» så fint! Jag tror det också. Håller tummarna för att tanden stannar på plats.

  6. Heidi permalink

    Ho har gjort det til nå

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: