Gå til innhald

Cerca de Villajoyosa.

juli 10, 2009

I dag tenkte eg at eg for alvor ville kjenna på at eg var på eigne venger og gå opp og ned til byen aleine. Det er ein fin gangveg ned dit med masse sitrustrær, så folk her har døypt den vegen for appelsinstien.

I tillegg til appelsiner så veks det fiken, avocado, sitronar, lime og fersken der. Og så er det mange av desse flate spanske murhusa med gneldrande hundar og magre kattar rundt. Det blømer oleander og vindelblomar, og overalt er det desse kalkaktige sneglar som sit tett i tett på steinar og strå, og til og med på rusta nettinggjerde sit sneglane tett, tett saman, kva glede dei nå måtte ha av det…

Eg fann vegen ned, og min orienteringsevne teke i betraktning, så var eg ganske stolt av meg sjølv. Nede på stranda traff eg andre gjester frå Solgården, og eg angra på at eg ikkje hadde teke med meg badetøy. Det såg heilt nydeleg ut å bada. Eg sa noko om at eg kanskje kom ned att med badetøy, og så sette eg meg på ein fortausrestaurant for å få i meg litt væske før eg skulle ta fatt på den lange vegen opp igjen. Det vart ei flaske vatn og ein café solo, begge deler smakte godt.

På veg opp ringde Torhild på mobilen for å høyra kor eg var, og eg sa at viss eg ikkje var heime om ein time fekk ho etterlya meg. Sjølvsagt klarte eg å ta feil av vegen ein plass, og på eit slags stotrande spansk fekk eg forhøyrt meg om vegen med ein eldre mann i ein pickup. Han forklarte og eg meinte å forstå.

Ved neste sving sat det ein ung mann i tjue års-alderen på ein moped. Han såg på meg, og smilte eit smil eg nærmast vil karakterisera som litt fårete. Fordi han såg sånn på meg, sa eg at eg var på veg til Hacienda del sol, og han bekrefta at eg var på rett veg. Den første mannen sa at eg skulle fylgja stien i ca ein kilometer. Så begynte ein merkeleg seanse. Den unge mannen kjørde framfor meg, og stoppa ca kvar hundrande meter for å visa kor eg skulle gå. Eg nikka og smilte, men hadde ei litt ubehageleg magekjensle. Det var siesta, og ikkje eit menneske var å sjå.

Eg snakka strengt til meg sjølv og sa at eg hadde overaktiv fantasi, og at denne snille unge mannen bare ville visa meg vegen… Til slutt kjende eg meg att, peika opp på bygningane der eg skulle, så sa eg takk og farvel… Derfor vart eg overraska då mopedguten plutseleg stod framfor meg på vegen med dette merkelege smilet sitt endå ein gong. Venta han å få pengar? Eg kjende ikkje for å rota i veska etter pengane aleine som eg var.

Plutseleg hadde guten gått av mopeden, drege ned buksa og stod der og blotta seg… Eg var ikkje veldig høg i hatten, men reagerte veldig rasjonelt. Eg såg han inn i augene med mitt strengaste lærerinneblikk og sa “No!!!” Så tok eg opp mobilen att, og prøvde å ringa Torhild i håp om at ein mobilsamtale ville skremma han. Eg sette opp farten og visste at det var vegarbeidarar rundt neste sving som eg kunne skrika til om nødvendig. Heldigvis datt han av lasset. Eg var sjeleglad for å kunna småspringa opp den siste bakken og vera trygg på Torhild sin veranda…

Sannsynlegvis var han ein blottar og heilt ufarleg, men det var ei ekkel oppleving uansett. Per Magne lurte på om eg hadde teke nummeret på mopeden, men det var vel det siste eg tenkte på der og då. Men eg har varsla ungdomsleiarane om at dei aldri må la jentene gå aleine den strekningen.

Det kjem ikkje eg heller til å gjera, det kan eg forsikra alle heime som måtte bli engstelege av å lesa dette. Det er irriterande at slike mannfolk skal innskrenka fridomen vår, men slik er det…

Og Torhild gav meg masse kaldt vatn og litt frukt, og eg fekk snakka hendinga ut av kroppen. Etterpå hadde eg nokre late timar ved symjebassenget med boka som fekk nordisk råds litteraturpris, skriven av ei jente som heiter Strindberg til etternamn.

Me har vore på kinarestaurant nede i byen og på kveldsavslutning oppe i kyrkja. Natta ligg fløyelsmjuk og varm kring Solgården, sirissane sirrar og flaggermysene flagrar planlaust rundt. Akkurat nå kjennest det faktisk litt trygt at det er låste portar og nattevakter rundt Solgården om nettene. I morgon skal eg jobba både kveld og føremiddag.

Heidi

From → Uncategorized

10 kommentarar
  1. Gunn permalink

    Bevares!! Det der var lite kjekt, eg blir sint med tanke på at det finns folk som ødelegger andres frihetsfølelse og rasende sint med tanke på at det finns folk som vil skade andre.
    Sånn allikevel så har eg tre polske ungdommer på overnatting. De er i distriktet for småjobber, og eg hadde lyst å vær snill mot dei så eg tilbaud losji et par dager.

  2. Leif permalink

    Hadde du vin og kaker i kurven til bestemor?
    (Ville han smøres inn på ryggen??)

  3. Heidi permalink

    Ja, lite kjekt Gunn. Håpar polakkane er greie gutar. Så fint at dei møter slike menneske som deg.
    Eg hadde ikkje vin og kaker, og eg er redd han ville ting som eg er langt mindre bekvem med å tenkja på enn smøring på ryggen. Går ikkje i detalj om kva som skjedde, men eg kan ikkje sjå at eg gjorde noko som var feil på nokon måte. Eg trur det kunne ha skjedd kven som helst, og det var godt det var meg og ikkje ein 16 åring… Men han var ikkje heilt god, og eg har sjeldan vore så redd.

  4. Gunn permalink

    Mob mld fra deg var tom

  5. Heidi: permalink

    Det stod at eg er heilt enig med deg, og at eg ikkje har mista mi tru på mennesket 🙂

  6. emma permalink

    No er eg sjokka, Leif! Kom deg ned og ta vare på frua! Det er sjeldan blottarane gjer meir enn å vise seg fram. Uansett: Det er godt du har gode menneske rundt deg, Heidi. kLEM

  7. Heidi permalink

    Du er eit godt og ansvarleg menneske Emma. 🙂 Problemet mitt var at eg ikkje var overbevist om at fyren var blottar… Eg visste ikkje heilt kva intensjonar han hadde…

  8. Heidi permalink

    Og by the way, eg tek Raudhetteparallellen med ein viss porsjon humor.

  9. Skylla permalink

    Olustigt! Jag har en förmåga att råka ut för blottare – eller hade i alla fall när jag bode i Stockholm. Vet inte vad hos mig som drar dem.

  10. Heidi permalink

    Nei, ikkje eg heller Skylla. Eg må innrømma at eg har ein eigen evne til å koma ut for galningar, men denne gongen kan eg ikkje forstå at eg var uforsiktig på nokon måte…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: