Jeg er din barndoms gade
Jeg er din barndoms gade
jeg er dit væsens rod,
jeg er den bankede rytme
i alt vad du længes mod.
Eg lånte nokre ord av Tove Ditlevsen igjen. Nå er eg ferdig med å lesa «Samlede digte», men pulsslaga i dikta hennar treff rytmen i min eigen puls på ein måte som gjer at orda hennar ligg og nynnar og dunkar som ein bakgrunnsmusikk til tankane mine. Eg har hatt ei fin helg. På lørdag hadde eg først skriveelevane mine på fellestime med kunstfagelevar, der me leika oss med ville hestar og fantasidyr. Etterpå gjekk me til skulekjøkkenet og åt knekkebrød med ost før me begynte å laga disposisjon til ei billedbok. Etterpå gjaldt det å koma seg heim i full fart for å gjera seg klar til russefest, eh, eller for å vera meir ærleg og konsis, tretti-års jubileum for russefeiringa. Til mi eiga overrasking så hadde eg sommarfuglar i magen med tanken på å møta att folk eg ikkje har sett på så lenge. Eg merka at det berørte meg sterkare enn eg hadde trudd. Det første som skjedde var at me samla oss klassevis til vorspiel, og det er jo ein sympatisk måte å organisera det heile på, sidan vennene mine frå klassen er dei eg verkeleg har lyst til å møta att. Eg gjekk på ein stor vidaregåande skule med åtte parallelle klassar, så det var jo langt frå alle eg kjende den gongen heller.
Det var ein varm velkomst heime hos Per, og det var så fint å møta alle saman igjen. Eg oppdaga at dette er menneske eg framleis bryr meg mykje om, og som eg godt kunne tenkja meg å samtala med oftare. Etterpå var det middag, framleis klassevis og så var det dans. Det litt kjedelege var at dansemusikken var så høg at det var vanskeleg å snakka saman, og det å snakka var det eg hadde aller mest lyst til å gjera, men dansing er ikkje så dumt det heller, og ute på gangen gjekk det an å snakka meir med folk frå andre klassar. Her møtte eg og ein eg gjekk ni år saman med på grunnskulen som eg ikkje hadde sett på alle desse åra, for han hadde ikkje vore på nokre av jubilea. Det kjendest merkeleg og fint på same tida. Dei fleste har eg jo sett av og til med ujamne mellomrom. Elles møtte eg fleire av dei eg har gått saman med på barneskulen eller ungdomsskulen. Det slår meg ofte kor fort eit liv går. Slike treff er som å gå inn i eit rom ein ikkje har vore i på lenge, og så går verda vidare som om ingenting har skjedd, sjølv om det meste forsåvidt må ha skjedd. Det er ei merkeleg greie å leva eit liv. Eg øver meg i kunsten å halda tida fast, men uansett kor godt eg klorer meg fast så renn det sand gjennom timeglasset heile tida, og det er vel faktisk slik det heile er tenkt å vera.
Då eg var veldig ung, kanskje før eg fylde 20, las eg Århundradets kärlekssaga av Märta Tikkanen. Der festa eg meg ved følgande dikt. Eg siterer etter minnet, så den svenske ortografien er nok ikkje heilt perfekt
Jag sat bredvid min mamma
och höll hennes hand
då hennes ljusblå blick brast.
Den gången lovade jag henne
at jag aldrig skulle siga som hon:
Jag har inte fått.
Det jag skal siga
om jag måste, är:
Jag har inte gjort.
Der og då bestemde eg meg for å gjera dette til ein slags livsregel for meg sjølv. Eg skal ikkje seia «Eg har ikkje fått», i verste fall skal eg seia «Eg har ikkje gjort». Eg er glad for at eg las desse linjene, for eg meiner å kjenna at dei har gjort noko med innstillinga mi til livet. Og så går eg tilbake til Tove Ditlevsen:
Fløj du så vidt over lande,
voksede du fra din ven,
-jeg er din barndoms gade,
jeg kender dig alltid igen.
Tove Ditlevsen skriver om barndommens gade som stedet der ein vart slått til bakken og lærte seg «hårdhed og spot». Heldigvis var min barndom av det langt lysare slaget, men me ber alle med oss ein barndom og ei tenåringstid i ryggsekken når me skal ut i det vaksne livet. Ofte tenker eg om barna, både dei på skulen og dei heime, deira barndom er nå. Det er desse inntrykka dei skal ta med seg som fundamentet for sitt vidare liv. Det er ein utfordrande, fin og litt skremmande tanke.
Elles så har me bekymra oss litt for dei eine katten nå i helga. Ho har vore slakk og bare ligge ein plass på golvet eller i ein sofa i timesvis. Ho har mjaua etter mat og vatn, men knapt nok ete noko. Ho er blitt veldig tynn. Eg ringde etter Jan Ivar som var einig i at ho virka slakk, tynn og kanskje lettare dehydrert, men han fann ikkje nokre symptom. Han har jobba hos ein dyrlege, så han er min faste konsulent når noko skjer med kattane. Nest etter sjuke barn, så er sjuke dyr noko av det som verkeleg kan gjera meg uroleg. Jan Ivar meinte at viss ho ikkje var kvikkare i dag, ville han ha teke henne med til dyrlegen. Akkurat nå ringde han for å høyra korleis det gjekk med pasienten, og eg kunne melda at ho virkar ganske mykje kvikkare. Eg er litt i tvil om eg skal ta ein telefon til dyrlegen likevel. Eg prøvde å få ein ormekur på apoteket, i fall det kunne vera parasittar som har gjort henne så tynn, men fekk til svar at me måtte ha resept for å få det. Kanskje dei kan ringa bort ei resept til apoteket…
Heidi
From → Barna mine, Barndomen min., Bøker, Gode venner., Kattar