Skip to content

Autumn leaves.

november 21, 2010

Svigerfar sin nittiårsdagvart behørig feira med mange gjester og stort kalas sist helg. Enten har det skjedd noko med folk sin alder, eller så har det skjedd noko med min eigen, sannsynlegvis ein kombinasjon, for plutseleg er ikkje folk veldig gamle sjølv om dei er nitti. Det er første gongen eg har vore med på at ein person med så høg alder blir feira med eit skikkeleg stort selskap. Det var dekka til 36 personar i stova hos svigerforeldra mine, og svigerfar var det sjølvsagte midtpunktet for talar og helsingar, og for lysbilete frå den tida han gjekk på skulen med matrosdress og prelskrage, og familien hans reiste på ferie rundt i Norge i det som nå absolutt ville ha vore ein veteranbil. Eit av  fotografia viste mor hans, som vakker ung jente i fotsid kvit sommarkjole og med stort kvitt sjal, barbeint på eit svaberg. Sannsynlegvis levde ho eit liv i ein heilt annan verden enn mine formødre som var tenestejenter og etterkvart fabrikkarbeiderskar. Verda smeltar saman og jamnar seg ut, og bra er det. Ei av dei kvinnelege slektingane til barna mine reiste i si tid til København med ny garderobe i kofferten og skulle vera der i eit dannelsesår og perfeksjonera seg som pianistinne. Der nede hadde ho sosial omgang med HC Andersen mellom anna, ho har skrive sine memoarer, som finst i bokform.

Sunniva song vakkert for bestefaren sin, «Autumn leaves», akkompagnert av Halvard på piano. Samtidig som me feira nittiårsdagen, feira me og at Gunnar, det eldste barnebarnet til nittiårsjubilanten, fylde tretti år same dagen. At vesle Gunnar, som var tre år når eg vart kjend med han, nå er blitt tretti, og driv og jobbar med ein doktergrad, er og ein merkeleg kjennsgjerning. Då mest alle gjestene hadde reist heim, og maten var rydda unna, var me att for å hjelpa til med siste omgang rydding for dagen. Svigerfar ville rydda vekk pianokrakken, som var blitt brukt ved bordet. I det same eg tenkjer at han ikkje burde bera så pass store ting, snublar han, tek overbalanse og dett rett framover. Pianokrakken deisar i golvet, og blir knust til pinneved. Svigerfar slår hovudet i restane etter den splintra krakken, og får eit skikkeleg kutt i panna. I nokre sekundligg han flat på golvet, og eg tenkjer at nå gjekk lårhalsane… Heldigvis var han like heil, det må ha vore pianokrakken som tok av for dei verste slaga, bortsett frå kuttet i panna. Han får ein kul på storleik med eit lite horn, og det blør frå kuttet. Overlege som han er, så vil han ordna såret sjølv, og ingen får hjelpa, men til slutt så blir Sunniva teken til nåde. Ho plastrar og lappar og teipar, og til slutt får hen ein kvit hodebandasje frå førstehjelpsmappa i bilen surra rundt hovudet. Han ser ut som ein klassisk krigsinvalid med stokk og stor bandasje rundt hovudet i det han følgjer oss ut for å ta farvel, glad trass alt, for ei fin feiring. Me får forhindra at han går ut på den glatte trappa for å vinka, me vil ikkje ha fleire dramatiske fall.

Me overnattar hos nevøen vår i det som var barndomsheimen til kjærasten min, der eg vart teken med heim for å helsa på svigerforeldra mine for første gongen for nokså nøyaktig 27 år sidan. Morgonen etter overraskar barna våre med å servera far sin farsdagskake frå eit konditori i Sandvika med grøn marsipan og bringebærsyltetøy. Kaka er pynta som ei farsdagskake bør, med biltete av ein fotball, ein elektrisk drill ogeit par joggesko…
Så var det bare å koma seg i bilen og kjøra heim att dei femti mila me kjørte bort to dagar tidlegare. Heldigvis slepp me unna snøfall denne gongen, og kjem trygt fram relativt tidleg på kvelden.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: