Men nokre gonger er eg mest av alt barnsleg.
Nokre dagar
har folk hengeøyre og hundenasar
når dei ser på meg.
Dei kan til og med sildenasar og grisetryne,
eller store tåpelege smil
fordi dei nettopp har kjøpt seg ei avis
eller blomar til kjærastane sine.
Husa i gata er rosa,
heilt til det skiftar til grønt
på neste side
der Donald Duck kjem springande
med den forferdelege naboen hakk i hel.
Ole Dole og Doffen er ferdige
med hakkespettmøta sine for sommaren.
Dei smugrøyker i ei portrom
medan dei tel pengane på sparegrisen sin.
Dolly vrikkar forbi med nye høghæla sko
og ein ring på fingeren
som gjer at ho ikkje ser kor ho trør.
Heldigvis for henne
trør ho rett inn i armane til heldige Anton,
som nettopp har møtt ein millionær
med grisenase og frakk med pelskrage,
som bare fekk lyst til å gje han to millionar.
Nå kan Dolly få diamantring
på den andre handa og,
Ho kan gløyma dei kvardagslege tankane
om at ho kanskje snart burde søkja seg jobb ein plass.
Klodrik snoflar rundt i nærleiken med den fjollete rosa topplua si,
og får Mikke Mus,
som er på veg til eit viktig møte med Politimeister Fix,
til å kikka opp frå notatblokka si.
Høgt oppe over taka på høghusa svingar Magica seg
med ein sveitt tiøring i handflata si .
Langt der nede ser ho Langbein spasera gjennom gata
med sin gamle ven Klaus
han er som alltid litt nedtrykt
med den store trekragen rundt halsen sin.
Langbein skal på eksamensfest til Ferdinand.
Han har vurdert å stiva seg opp på eit par supernøter ,
men har klart å ståtti mot innfallet.
Det ville vera flautt for Ferdinand
om han stod der i dei gamle ullunderkleda sine,
så ein får strama seg opp som best ein kan.
Bestemor Duck køyrer forbi i traktoren
med lange svarte gummistøvlar .
Ho har møkkagreipet klar,
på kjøkkenet ligg det ei høne i gryta
og fire eplepaiar med vaniljefyll
står klare i varmluftsomnen.
Det er framleis håp for verda.
Heidi
Måtte freden i Andeby spreia seg til Burma…..
Ja, ikkje sant…
🙂
Fantastisk! Naboen heiter Jensen…Guffen- har han fått sparke? Eg elskar Doland som ofte barn seier. HUMM!!! Gler meg til å sjå dere igjen! Då skal vi feste!!!
Hummmm!
Nei då Guffen ligg under eit tre og er like ubrukeleg som vanleg, men han har vel sin plass i det store spelet han og, han kjem nok når eplepaien er klar til servering, tenkjer eg. 🙂