Gå til innhald

Den nye diktsamlinga mi.

november 21, 2010

eller det som eg håpar skal bli ei diktsamling begynner å ta form. Eg er spent på om nokon vil gje det ut. Det har blitt mykje vanskelegare å finna eit forlag som torer å satsa på dikt enn det var før, så vidt eg forstår. Det får visa seg etterkvart. Akkurat nå jobbar eg med å få tekstane ferdige, eg filer og sliper og pussar, og les høgt for dei som vil høyra på for å få respons. Eg har gitt meg sjølv deadline til jul. Me får sjå.

Eg har send vidare kunstutstillinga som eg har vist fram, på torsdag hadde me forestilling med visning av kunstverk og kulturskuleelevar som song, spelte piano, klarinett og gitar, dramaelevar i små rollespel, skriveelevar som las eigne tekstar, og meg sjølv som forteljar. Det er nok å henga energien sin på her i verda. Nå er det sundag føremiddag, eg har gjort klar tekstane til bønevandring på kveldsgudstenesta i kveld. Huset luktar av salt fårekjøt, som me skal ha til middag, og kjøttkaker som me og skal ha til middag. Ein livsglad og forviten liten mopsehvalp har hoppa og sprutte rundt beina våre. Ingrid og Leif arbeidar med kvar sin heimeeksamen, og dei yngste ungdomane tek livet med ro. Dei har hatt ei intens veke med opning av Vågen vidaregåande skule, og fantastiske opningsforestillingar kvar kveld frå tysdag til fredag. Det var 70 små happeningar som føregjekk samtidig. Jamsessions på grupperom, dramaforestillingar på gangar og i klasserom, danseforestillingar ein kunne sjå gjennom glasvindauge inn til opplyste rom, til og med på toaletta, og i dusjar og garderobar var det musikarar, dansarar og songarar. Forestillinga vart avrunda med at alle elevane på skueln urframførde eit stort korverk. Eg var rett og slett utruleg imponert, for eit pågangsmot som ligg bak å setja i gang eit så halsbrekkande prosjekt.

Eg har vunne eit kunstverk i den kommunale kunstklubben, og i ettermiddag må eg ned og laga ei ynskjeliste over kva eg skal velgja på trekninga på torsdag. Eg skal velgja som nr 13 av 70, så eg er heilt garantert å få noko fint. Det er vanskeleg å laga ei slik liste, men Ingrid har lova å bli med som konsulent. Og eg veit eg er litt rar, men eg liker desse mørke kveldane og morgonane. Det er som å bli pakka inne i eit lunt og koseleg teppe. Nå har me fått nye panelomnar på kjøkkenet og arbeidsromet, så nå skal me sleppa å frysa når den varsla sprengkulda kjem seinare i veka. Nå får eg skriva litt på teaterstykket til den eine dramagruppa og fila vidare på dikta mine.

Heidi

2 kommentarar
  1. morsan permalink

    Visst kommer din diktsamling att ges ut! Det är jag 100 på 🙂

  2. Heidi permalink

    Då stoler eg på deg, morsan! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: