Gå til innhald

Den store amishdagen

juli 19, 2012

Den store amishdagen er i dag, eller rettare sagt har vore i dag, for nå har dagen allereie bestemt seg for å bli kveld. Dei går så fort desse dagane, og Lancastar, Pennsylvania er verkeleg ein veldig fin plass å feriera på. Første delen av dagen var me på eit veldig fint Amish- museum, med ein dyktig guide, så i dag veit eg mykje meir enn i går. Eg må innrømma at eg synest at både det eg ser og det eg høyrer er ytterst fascinerande. Det er liksom noko heilt umogleg med heile prosjektet, at 22 000 menneske i dette området lever eit liv som eigentleg høyrde heime for trehundre år sidan i tid, og at det fakstisk fungerer for dei.

Amishfolket, tilhøyrde anabaptistane, gjendøyparane som i si tid var ei forfulgt folkegruppe i Sveits og Tyskland. Ei gruppe som var fredslause, og som vart forfulgte, torturerte og drepne av dei rett-truande. Dei flykta til USA i håp om å kunna finna fred og fridom i den nye verda, og dei har halde tida fast på eit tilnærma nullpunkt sidan då. I gudstenestene syng dei framleis dei gamle salmane på tysk, og dei les frå tyske biblar og bønebøker. Klesdrakta deira skal vera sømmeleg, derfor går kvinnene i kjolar med tilnærma heilt identisk snitt som skal vera enkle og ærbare, med forkle utanpå. Dei går med ei hette av tynt organsastoff på hodet. Dette er fordi det står at kvinnene skal be med tildekka hovud, og dei skal alltid vera klare til å be, ikkje bare når dei er til gudsteneste. Ei av dei fortalde i ei bok at ho hadde ei slags hette når ho sov og, for når ho vakna om nettene var det naturleg å be, og det gjorde ho ofte, for ho hadde åtte barn…

Mennene har ikkje knappar i dressjakka, der er det metallhektar på innsida og ingen knappar på utsida. Grunnen er at dei skal likna minst mogleg på uniformsjakkane til dei som forfulgte dei. Buksene blir halde oppe med selar, dei brukar ikkje belte, for belta kan minna om det å bli bunden. Dei lar skjegget veksa frå morgonen etter at dei har gifta seg, men overleppa må barberast kvar morgon. Dei har ikkje bart fordi offiserane dei flykta frå hadde krafige barter etter den tida sin mote. Dei er i mot glidelåsar, derfor har kjolane knappar, og buksene har eit framstykke som kan kneppast ned frå hoftene. Ein del sånne merkelege gamle ting held dei ganske strengt på, men ein del andre løysingar er meir pragmatiske, dei får lov til å ha ein traktor på gardane, men han skal bare brukast til ekstra tungt arbeid, som ikkje kan ordnast på annan måte. Dei har ofte ein telefon i ein boks på utsida av løa, som får straum frå eit aggregat drive av vannkraft. Fryseboksar og kjøleskap kan dei ha dersom dei blir drivne av gass eller ei anna alternativ kraftkilde, og ein del av dei har lagt solcellepanel på taket. Dei unge får nå lov til å ha sin eigen mobiltelefon fram til dei blir døypte og dermed går inn i kyrkja, og dei vaksne kan om  nødvendig ha ein mobiltelefon som bare skal brukast i forhold til jobben… I tillegg til å driva gardar er mange av dei snekkarar , tømrarar, vognmakarar og møbelsnekkarar, og kvinnene kan jobba heime med for eksempel syarbeid som dei sel etterpå.

På museet fekk me sjå eit hus inni, sjå kleda dei har på seg, som dei syr sjølv, og me fekk sjå korleis gardane blir drivne, det var ein butikk der med heimelaga kaker, syltetøy og handarbeid, og me fekk sjå ein typisk «Einklasseromskule», rett og slett ei gammal skulestove som likna dei me hadde i Norge for hundre år sidan. Me fekk sjå skulebøker som likna på dei eg hadde då eg begynte på skulen for 44 år sidan, eller på dei foreldra mine hadde då dei begynte på skulen for 64 år sidan. Barna går bare åtte år på skule, då reknar dei med at dei har fått det dei treng av bokleg lærdom. Resten skal dei læra av livet. Amishane praktiserer leksefri skule, noko som jo har vore diskutert i Norge og dei siste åra. Etter skulen skal dei hjelpa til heime. Læraren er ei ung Amishjente som heller ikkje har meir enn åtte års skulegang. I tillegg til språket dei snakkar som er ein slags tysk, skal ho læra dei å kanskje både lesa og skriva og snakka engelsk og i tillegg tysk frå dei er ca ti år gamle.

Det som faktisk gjorde mest inntrykk på meg i dette klasseromet, var skrifta over utgangsdøra. Der stod det. «Go out and serve». Det er så herleg motkulturelt at nokon blir opplærde til at dei skal ha som hovudprosjekt å tena andre. Her i USA synest eg dei er endå meir opptekne av enn heime at alle skal få det dei har rett på og det dei fortener, enten det siste måtte vera rett sjampo, fengselsstraff eller pengar i banken. Denne reklamefimen for eit advokatfirma som blir send om og om igjen på TV får illustrera det eg meinar med påstanden over:

Før reklamen begynner ser me ein tom rullestol. Så kjem stemmen: «Du kan kanskje ikkje gjera noko med denne stolen, men du kan sørga for at gjerningsmannen får den straffa han fortener, og du kan sørga for at du sjølv får dei erstatningspengane du har rett på! Ring oss.» Det er og eit paradoks at TV-kanalane sender reklame for meir eller mindre obskure legemiddel ein bør prøva ut mot alt og ingenting, og i neste nuh kjem det «OBS; har du eller nokon du kjenner brukt legemiddelet …, eller …? Det er blitt oppdaga at fleire personar har fått skadar av å bruka dei. Er du ein av dei som kan ha rett på erstatning, eller kjenner du nokon som kan ha det. Ring oss. Så kjem telefonnummeret til eit advokatfirma. Eg torer å påstå at amishane ikkje går glipp av så veldig mykje på dei vanlege TV kanalane. Reklamepausane kjem i eitt sett, og dei er glade i program av typen, ta ein dna-prøve å få vita direkte på TV-skjermen om han du trur er far til barnet er det eller ikkje, og det finst program der personar i konflikt kan ta med seg heile familiane sine og yppa kvarandre til regelrett slåsskamp medan dei har eigne vakter med bodybuildarkroppar som har til oppgåve å halda fast folk som går til angrep på einannan under sendinga. Me takkar Gud for NRK  og NRK 2… Det finst visstnok reklamefrie TV-kanalar her og som ein kan betala for å få lagt inn dersom ein har råd til det.

På museet vart me tipsa om ein liten restaurant like ved der dei serverer autentisk amish-mat. Det fann me ut at me ville prøva. Restauranten var enkel, og amish-jenter med kjolar og forkle og hette på hovudet, og med crox eller svarte joggesko på føtene, serverte oss. Dei var veldig søte og serviseinnstilde. Maten dei lagar, er nok ganske traust mat med røter i tysk bondekultur, men det var og meir moderne rettar der. Eg går ut i frå at mannen i mitt liv åt meir autentisk enn meg. Han hadde noko som heitte potpie, som minna ein heil del om sånn hønsegryte som farmor kokte av og til då eg var lita med «coldslaw» til, som er ein slags litt søt italiensk salat med rive kål, gulrøter og majones. Eg hadde kyllingsalat med kylling marinert i honningsennep og tomatar, salat og sylteagurk. Ein kunne få ulike dressingar til, og eg fekk ein god bluecheesedressing. Til forrett fekk me heimebakt brød med heimelaga peanøttsmør. Dei hadde eit stort utval heimebakte kaker, og eg hadde planar om å lokka kompanjongen min til å bestilla eplepai eller blåbærpai med is. Eg har nemlig høyrt og lese så mykje om desse paiane at eg hadde tenkt å eta ei skei eller to frå hans tallerken, men han påstod at han var mett. Tenkt slikt då… I staden kjøpte eg ein heimelaga maple and walnut- is til han nokre timar seinare, men det er ein annan historie.

Dagen starta veldig, veldig varmt. Me høyrde snakk om over 40 grader. Guiden på museet formante oss om å «Take care, this heat can be very, very dangerous.» Dei har» snakka lenge om truande «thunderstorms and rain,» men me har sett lite til det, så eg hadde mest slutta å tru på det. Men i dag i halv fire tida trakk det til med mørke skyer, og det vart nesten mørkt ute slik det kan bli midt på dagen før eit torever om sommaren. Så begynte det å lyna. Då regnveret endeleg kom var lufta framleis brennande varm, men etterpå var det mykje friskare ute. Me kjørde ein tur for å fotografera landskap og amishgardar. På ein slik gard kan dei godt ha åtte hestar, for dei brukar hestane både til kjøredyr og arbeidsdyr. Dei har og ofte muldyr, som  er seigare enn hestar ute på åkrane. I tillegg må dei ha mange ulike vogner til kvar sin bruk. Vognene er handlaga, og dei finaste kostar fleire hundre tusen. Hestar og vogner må nødvendigvis vera ein stor utgiftspost for dei, men dei lever sikkert veldig beskjedent med det meste andre.

Guiden, som ikkje sjølv var amish fortalde at dei ulike folkegruppene levde fredeleg saman i gjensidig respekt, og at amishar var dei beste naboane du kunne få, fordi dei hadde ord på seg for å vera fredelege, arbeidssomme og hjelpsomme. På spørsmål fortalde ho at ein del unge forlot amishsamfunnet når dei vart vaksne, men at mange valde å føra livsstilen vidare. Ho sa at det var mykje vanskelegare enn nokon kunne tenkja seg å forlata ein slik livsstil når ein hadde vakse opp med det, og at mange trong hjelp, enten frå profesjonelle eller frå andre «avhopparar» for å klara omstillinga på ein god måte.

Eg gjer meg mange tankar om dette. Eg skulle ynskja eg fekk vera flue på veggen ei stund i ein Amishfamilie for å bli kjend med det frå innsida. Det som er spørsmåla ved all religionsutøving og all livsstilsoverbevisning må jo vera; Kor stor betydning skal dette få for livet ditt? På kva måte skal det gjera livsstilen din alternativ? Kor langt kan ein gå før ein blir fanatikar? I kor stor grad bør eit samfunn laga felles reglar og føringar for korleis ei tru eller ein religion skal utøvast av den einskilde. Og på den andre sida: Kor langt kan du gå før du bryt grensene og ikkje lenger er innanfor. Eg trur både det å laga grenser og begrensningar og det å nesten trassig pressa grenser og begrensningar er veldig menneskeleg. Det er dei same dilemmaa Arne Garborg tek opp i fleire av bøkene sine. Hovudpersonen i «Læraren» sel garden sin for å gje pengane til dei fattige, noko som i stor grad går utover familien hans. Og Enok Hove i «Fred» er ei pest og ei plage for alle i sin kamp med seg sjølv for å leva eit godt og gudfryktig liv. Det er ein konflikt eg ofte kjenner på i meg sjølv og. Kanskje eg har anlegg for å kunna bli fanatikar? Men eigentleg er jo ikkje Amish-folket fanatikarar, dei bare fylgjer den smale stien forfedrene har staka ut for dei, og som dei er blitt oppdregne til å betrakta som det gode og rette livet.

Tilbake til det meir profane. I kveld har me ete middag på mexikansk restaurant. I entreen stod det ei gigantisk tønne med heile peanøtter som folk fritt kunne forsyna seg med. Det hadde dei gjort i stort monn og dei fleste skala hadde havna på golvet. Inne var lydnivået skyhøgt. Me fekk tilvist bord og der stod det og eit lite blikkspann fylt med heile peanøter som ein kunne forsyna seg av. Så kom dei med ein liten gratis forrett, fire søte kveitebollar og ei skål med noko som såg ut til å vera filadelfiaost til å smøra på, det viste seg å vera det me heime ville kalla smørkrem, smør rørt kvitt med sukker. Dei er glade i smør og sukker her borte. Til forrett fekk eg ein kopp med chili con carne, og hovudretten var salat med steikte biffstrimlar. Dei amerikanske porsjonane er gigantiske, av og til minner salattallerkenen meir om ein salatbolle enn ei prosjonsskål. Min gode oppdragelse gjer at eg synest eg helst bør eta opp… Men ganske mange et faktisk opp dei store porsjonane og. I går var me på restaurant saman med fire små kvithåra damer i syttiåra, dei var systre, og fortalde stolt at to av dei var tvillingar. Då dei kom berande inn med tallerknane deira tenkte eg at ein porsjon hadde rukke til alle fire, men dei åt fint opp og var like blide. Dei var nok godt oppdregne dei og…

I kveld har eg kome fram til eit førsteutkast av salmen eg har halde på med. Eg hadde tenkt å leggja det ut her, fordi eg svært gjerne tek i mot kommentarar og tips, men dette er alt for langt allereie, eg får laga eit nytt innlegg. Dette er forresten den siste kvelden i USA. Det er veldig vemodig. Når det går mot midnatt kan de gjerne senda meg litt varme tankar. Eg veit ikkje om eg har sagt det, men eg er ikkje veldig glad i å fly. Eg har kjøpt fire bøker å halda meg fast i. Tre av dei handlar om Amish-folket…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: