Gå til innhald

I tjukkaste Amishland…

juli 18, 2012
…sjølv om det sjølvsagt ikkje er noko som heiter akkurat det. Me er i Lancaster i Pennsylvania, og det er alldeles nydeleg her. Naturen virkar frisk og grøn, sjølv om det er heilt utruleg varmt ute, og åkrane står store og fine med mais og sukkerroer og tobakk. Me vart leda inn på ein veg som var veldig liten og smal i amerikansk samanhang, gjennom skogar og langs ei elv, og plutseleg var me der amishfolket bur.
Eg hadde sett for meg at dei bur for seg sjølv i «stille grender», men slik viser det seg ikkje å vera. Det er mange fine gardar her, på nokre bur det amishfolk, på andre bur det menonittar, lutheranarar, pinsevenner eller ateistar… Amishfolket lever på tilnærma same måten som dei gjorde då dei kom hit på 1700-talet. Dei har ikkje elektrisitet i husa sine, kjører ikkje bil og har gardsdrift som si livsoppgåve. Dei har ofte mange hestar og så har dei kyr som dei handmelkar, i fjos utan straum eller innlagd vatn. Dei kjører med hest og kjerre, mennene har svart hatt og langt skjegg, gutane har stråhattar og bukseselar, og jentene har kyser, flette på ryggen og lange kjolar. Dei brukar ikkje sminke eller smykker, og lagar maten sin stort sett av det dei dyrkar sjølv. Dei ser på barn som ei gåve frå Gud, er i mot prevensjon og får gjerne ti barn eller meir. Alt dette visste eg i teorien i frå før, men det er likevel utruleg spesielt å sjå det med eigne auge. Litt utanfor motorvegen er det hestekjerrer overalt, og eg har sett nesten like mange damer som menn som kjører. Eg har sett storesystre ute i kjerre med yngre sysken, og mødre som kjører med døtrene sine.
Me har sett ein mann som slår enga si med tre hestar og ein enkel slåmaskin og ein mann med to hestar framfor plogen. Når eg ser ungane med kyser og lange kjolar for jentene og stråhatt, skjorte og bukseselar for gutane, så får eg utruleg lyst til å fotografera dei, men dei har jo ikkje bedt om å få vera ein turistatraksjon, så kunsten er å halda seg i skinnet og visa dei respekt.Og korleis kjennest det mon tru å leva eit så avsondra og spesielt liv blant alle dei andre som lever slik dei fleste gjer det i 2012? Dei snakkar sitt eige språk, ein variant av tysk og har eigne skular, og dei omgåst truleg ikkje så mange som ikkje er amish sjølv. Så vidt eg forstår, ser dei på seg sjølv som eit utvald folk med eit kall til å vera annleis. Det er detaljerte reglar for korleis livet skal levast. Ein skal ikkje ha gardiner i huset eller tapet på veggene, men broderte veggteppe er ok. Det varierer frå forsamling til forsamling forleis ein stiller seg  i ein del detaljspørsmål, for eksempel kva fargar det er lov til å ha på hestevogna. Ein gift mann har skjegg under haka, nokre av dei eldre mennene me har sett har kvitt skjegg langt ned på brystet.

Helseundersøkingar viser at amishfolket unngår ein del livsstilssjukdomar, dei lever eit fysisk aktivt liv, et sunn mat utan tilsetningsstoff og lever nesten heilt utan alkohol og tobakk. Eit merkeleg paradoks er at ein av dei tinga dei tener pengar på er dyrking av tobakk, sjølv om tobakk ikkje er godteke for dei sjølv. Dei er i mot høgare utdanning, og dei fleste sluttar på skulen før dei er 16 år. Gutane får si eiga hestekjerre når dei fyller 16, og dei fleste giftar seg tidleg med andre med amishbakgrunn. Dei samlast på sundagane til gudsteneste heime hos kvarandre. Då sit dei på trebenker utan ryggstø og syng salmar utan musikk til, for dei er i mot levande musikk. Dei er og i mot solosong, så dei syng alltid unisont. Dei er kjende for å verkeleg stilla opp for kvarandre når nokon har det vanskeleg.
Ein skulle tru at dei var utruleg leie av turistar som kom for å smugkikka på dei, og det er dei nok kanskje og. Likevel opplever eg at folk smiler og helsar når me passerer dei. I dag låg me lenge bak ei hestevogn. Ein person strekte ut venstrearmen gjennom vindauget. Me trudde at det var eit teikn på at dei var leie av å ha oss bak, og ville gje signal om at dei ville me skulle kjøra forbi og at den smale vegen var klar framover. Det viste seg imidlertid å vera «blinklyset» som viste at dei skulle svinga opp til venstre, så det var godt me ikkje svingde ut på sida av dei.
Eg vil tru at det på mange måtar er eit trygt liv, og at ein i amishsamfunnet har nære relasjonar og eit roleg liv som kjennest meiningsfullt så lenge ein klarer å innestå for livsstilen. Den dagen ein begynner å tvila eller gjera opprør er det verre. Utbrytarar blir støytte ut av familien og samfunnet, og eg kan jo forestilla meg kor hjelpelaust aleine ein kjenner seg utan storfamilien sin og utan alt ein har av sosialt nettverk. Det er heilt klart at denne strenge indre justisen har gjort det mogleg å bevara dette samfunnet, slik at det som var ein tilnærma normal livsstil då dei i si tid braut ut av menonittsamfunnet nå er blitt ein livsstil som er 200-300 år på overtid. Det er kjempefascinerande at det i det heile tatt har latt seg gjera. Og barna på sparkesyklar, gutane i tiårsalderen med greip og spade over aksla på veg for å hjelpa dei vaksne, eller den vesle barbeinte jenta i toårsalderen med sid kjole og kyse gir absolutt eit inntrykk av svunnen idyll i dei nydelege omgivelsane med store tre, gule åkrar, store løer, hestar, høns, sauer og hestekjerrer.
Det ville vore utruleg spennande å få ein samtale med ei amishkvinne på min eigen alder med utveksling av livserfaringar og synspunkt på mangt og mykje, men det reknar eg med er ei oppleving som er få forunt. For dei som har denne livsstilen er det sikkert om å gjera å ikkje bli påvirka av impulsane i verda elles.På oppdagingsferda vår i dag kom me forbi ei amish-menonittkyrkje. Ein del menonittar har ein livsstil som minner om amishfolket, men dei er ikkje fullt så strenge. Blant anna byggjer dei kyrkjer medan amishfolket meiner at kyrkja er samfunnet av dei truande og ikkje eit hus. Derfor samlast dei i heimane i staden for å ha kyrkjer. Ved amish-menonittkyrkja låg det ein kyrkjegard, og sidan det som regel er ok å gå inn på kyrkjegardar, så fann me ut at det kunne me sikkert gjera. Gravene var til dels gamle, og dei fleste av dei som var gravlagde der hadde tyske etternamn. I motsetnad til dei fleste amerikanske kyrkjegardane eg har sett som ligg rett på eit jorde utan mur rundt, så hadde denne kyrkjegarden mur og port. Gravstøttene var svært enkle og heilt utan blomar. Dei vanlege kyrkjegardane her bugnar av store blomsterbukettar, eg har kome fram til at det truleg er silkeblomar sidan der er så mange av dei og blomane ser så friske ut.

Det spesielle her var at på svært mange av gravene stod det kor mange år, månadar og dagar vedkomande hadde levd. Eg la merke til at på nokre av gravene med dobbel støtte stod det to namn og to fødselsdatoar, men bare ein dødsdato. Eg drog då slutninga at den eine parten framleis levde, og at dødsdatoen derfor ikkje var der endå. Ved ei bittelita grav frå 1962 stod det at her kvilte den nyfødde sonen til … og … Ved sida av grava var det ei større gravstøtte med dei same to namna og fødselsdatoane deira. Dei må ha sett opp støtta for å få kvila ved sida av barnet sitt, men er sannsynlegvis framleis i live? Medan var på kyrkjegarden kom ein amishmann kjørande med to hestar, tydelegvis på veg heim frå jobb. Eg var litt redd for at me var tatt på fersken i noko som kunne virka støtande, men han vinka muntert til oss, så det såg ut til å vera i orden.

I morgon skal me rett og slett bli her heile dagen, me slår oss til ro her til torsdag morgon, då må me setja kursen nordover for å rekkja flyet heim. Ein sommarferie går vemodig fort.
I dag har eg forresten handla i ein gavebutikk der dei hadde spesialisert seg på å selgja handverk frå amishfolket. Eg har kjøpt to blomstrete handsydde amishkyser i størrelse to år. Eg kunne ikkje velgja kva for ei eg likte best, så eg kjøpte begge. Småjentene deira kan gå i klede med mønstra stoff til dei blir ti år. Kva eg skal bruka kysene til? Nei, sei det…
Dei er i alle fall utruleg søte.
Heidi
3 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Häng hättorna som prydnad på väggen hemma tills det kommer småflickor i familjen! 😉
    Väldigt roligt att läsa om dina upplevelser!

  2. heidi permalink

    Det var absolutt ein idé.

  3. May Brit permalink

    Eg ville oppdaga Amish folket med deg ❤ gler meg til ein kaffekopp når du kjem heim ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: