Gå til innhald

Ein salme på toppen

juli 19, 2012

I dag har eg skrive ferdig eit førsteutkast til nattverdssalmen eg jobbar med. Eg hadde tenkt å hekta han på på slutten av blogginnlegget eg nettopp skreiv, men eg innser at det vart for langt som det var. Grunnen til at eg legg ut denne teksten er at eg ikkje reknar meg som ferdig med han, og det er veldig nyttig for meg med ros og ris på dette tidspunktet. Eg tek gjerne i mot både spontane og funderte tilbakemeldingar om kva som skurrar og kva som rører ved noko viktig.

Her kjem me, Jesus, opna oss for tillit,
me kjem til deg, me kjenner du er nær.
I opne hender ber me livet med oss.
Me kjem til deg som var og blir og er.

I ansikta er spor av levde timar,
av glede, sorg og tonar me har med.
Me kjem til deg med alt som livet gav oss.
Me ber deg: Gjer oss heile, gi oss fred.

Me kjem med natt og dag, med sorg og songar.
Me kjem frå vind, frå regn, frå sol som skin.
Me kjem til deg frå gater og frå stiar.
Du møter oss med omsorg, brød og vin.

Me kjem hit med vår draum og vår erfaring.
Me kjem hit med oss sjølv og møter deg.
Tenn håpet i oss, fyll oss med din varme.
Gi auga våre lys og vis oss veg.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: