Sommarnatta ved Løkken
såg omtrent slik ut den kvelden me var på fotosafari. I dag regnar det ikkje, det er framleis grått, men i horisonten er det ei tydeleg stripe med lys. Det blir ein bra dag dette og. Son min og far hans er på sykkeltur til Løkken. Sonen iført sykkelbukse, kompresjonstrøye, sykkeljakke, sykkelsko og hjelm med kamera. Far hans iført dongeribukse, sandalar, ruskinnsjakke og rutete caps. Dei kjem vel fram begge to, vil eg håpa og tru. I stova lever dei det late liv med bøker i sofaen medan mopsen Oscar øver seg på eit spel for hundar, som i følge reklamen skal utvida intelligensen deira. Mannen på dyrebutikken hadde ledd høgt og hjarteleg då han høyrde at spelet skulle vera til ein mops. Han gjekk vel så langt som til å reisa tvil om korvidt ein mops nokonsinne ville klara å løysa level to. Nå skal det motbevisast. Oscar trener relativt konsentrert med å flytta på små gule skåler som står opp ned, for å finna godbitar. Grunnen til dette innlegget var eigentleg at eg ville dela eit av dikta i den nye Benny Andersen- diktboka mi…
Sommerdag
Levende blomster
døde vårfluevinger
glider frem ad åen.
Solen er standset
foran en syngende lærke.
Hvidtjørnen dypper en gren i vandet
ridser en kølvandsstribe
ind i fremtiden.
Benny Andersen
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Bøker, Natur, Oscar Otto, Poesi, Reiser, Skriving, sommar


