Gå til innhald

Nordisk sommar

juni 28, 2013

Skagen hus med fargar 3

Om ein har ei forventning i hovudet om at den nordiske sommaren er sval, blond, lys og pastellfarga, kan ein kanskje få hjelp til å hugsa at Skandinavia er noko heilt anna enn «Syden». Lokalavisa her skriv om turistsvikt. Ein av dei antekne grunnane er veret. Folk vil ha sol på kroppen i sommarferien, og det er ein ikkje garantert å få på Nord-Jylland. Det siste kan me skriva under på etter snart ei veke med 13-17 grader om dagane. Ser ein vekk frå tankane om at ferie er å liggja flatt på stranda og gå omkring heile dagane i shorts singlet og solhatt, så er Nord-Jylland ein utruleg vakker plass å feriera. Eg har forelska meg heilt i landskapet her, og skulle gjerne ha vore her heile sommaren.  I dag har me send «ungdomane» til Fårup Sommarland, og me «vaksne» er mopsepassarar og rår grunnen aleine. Ute skin sola frå lettskya himmel. Havet er flaskegrønt ved land og indigofarga lenger ute. Timotei, smørblomar og avblomstra løvetann bugar fram og tilbake i vinden, ute i bølgene duppar det ein stor kvit sjøfugl.

I går gjekk eg ein tur til Lønstrup aleine for å ta meg ein gallerirunde. Det var mykje fint å sjå. Eg skulle gjerne ha handla både kunsthandverk og bilete, men eg let det bli med ei bittelita brosje, ei lita rødspette i keramikk eg kan inspirera keramikkelevane mine med, og tre små presangar eg ikkje kan skriva meir om her. Eit av galleria vart drivne av kunstnarparet Jens og Karen. Det var så velkjend at eg måtte sjekka namna ein gong til. Då viste det seg rett nok at mannen heite Jørn og ikkje Jens, men alligavel..

Det er mange koselege kafear i Lønstrup, og det er aller kjekkast å ha nokon å dela eit kafebesøk med, så eg sende sms til Sunniva og spurde om nokon ville drikka kaffi med meg. Etter eit kvarter kom begge jentene saman med Oscar. Sidan me hadde med oss hund, sette me oss ved eit uteserveringsbord. Den søte serveringsdama kom ut med ei skål «Vand til hunden», og Oscar sat eksemplarisk under bordet heile tida med vatnet sitt. Han bjeffa bare litt i overmot når det gjekk hundar forbi, fordi han nok kjende seg trygg i bunkersen sin. Eg og Sunniva åt kvar vår pannekake og Ingrid åt banansplitt. Det var bare koseleg at det kom ei lita regnbyge medan me sat der under markisen. Oscar var til og med velkomen til å koma inn på eit kunstgalleri me gjekk innom. Dei er hundeliberale her i Danmark. Eg har til og med sett hundar inne på restaurantar. Er dei ikkje fine dei tre turistane eg gjekk i lag med?

mopsi

Odd Christian og Sunniva laga eit stort opplag pizzahorn seint på ettermiddagen, som me åt rykande varme. Her nede har me minst to felles måltid kvar einaste dag. Det er veldig triveleg. Me er langt i frå så flinke med fellesmåltid heime. Spesielt frokostane er fantastiske. Då har ein eller annan vore ute og handla ferskt brød eller ferske rundstykke, og ein eller annan har dekka bordet og kokt egg og kaffi og kanskje til og med steikt bacon. Sjølv blir eg vekt når det meste er på plass. Eg er viss det einaste B-mennesket her. Alle går og legg seg medan eg framleis er lys vaken, og alle er oppe og kvitrar før eg har fått opp auga.

I kveldinga bestemte eg og kjærasten min oss for å ta ein kveldstur for å fotografera. Aller helst ville me til Skagen. Me ankom Skagen i det lyset var på det finaste, sånn i halv ti tida. Først drakk me ein kopp kaffi på ein liten bar/kafé med masse gamle gjenstandar hengjane på veggene og ein indianar i full storleik og full mundur oppe på hemsen. Han snakka med kjærasten sin i telefonen medan han laga kaffi til oss. Deretter fortalde han ein norsk kunde at han skulle fylla femti om tjue dagar, og eg heva mine invendige augebryn ved tanken på at mannen faktisk var to år yngre enn meg. Eg har ikkje eit ralistisk justert indre aldersur. Folk eg trur er fem år eldre enn meg, viser seg å vera fem år yngre. Det verste er at eg er realistisk til å innsjå at den andre parten sikkert tenkjer det same om meg. Den hyggelege femtiåringen gav oss kart og fortalde kva område i byen det var fint å kveldsfotografera, men sidan kjærasten min er av den opprørske typen som ikkje vil la seg styra, så fulgte me ikkje råda. I staden sette me kursen mot Grenen. Me såg at klokka gjekk så fort at me ikkje hadde tid å mista viss me ville ha med oss solnedgangen.

Skagen fyrtårnSkagen, sti, sanddyne, hav

Grenen sand solnedgang

 

Etterpå reiste me til Gamle Skagen for å fotografera litt der og.

Skagen gult hotellSkagen husmønerSkagen, gule husmøner

 

Ikkje rart at ein av fargane på fargekartet faktisk heiter Skagensgul.

På veg heim stod det plutseleg eit dådyr midt i vegen. Eg veit at rådyr er mykje vanlegare, men dette såg verkeleg ut som eit dådyr. Me var veldig nære før det hoppa vekk. To harar hoppa og over vegen like framfor bilen, så det var fint at kvelden var junilys. Kjærasten min meinte til og med at han såg ein rev langs vegen, men den kan ikkje eg stå inne for. Vakkert er det i alle fall som allereie sagt i dette hjørnet av verda. Nå blir det ei symjetur, ikkje i sjøen, men bassenget. Genialt å leia hytte med basseng. Nå får me bada i ferien og.

 

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: