Gå til innhald

I dette landskapet bur me

juni 26, 2013

ungdomane på veg til Hjørring. jpg

Nærare bestemt i eit hus rett fram, bakerst bak ungdomane våre, i huset  som ligg aller nedst ved klittene. På biletet ser himmelen veldig dramatisk ut, men faktisk så var veret i går riktig bra. Litt verandaliv i sola vart det tid til, og ein felles kort vandretur til Lønstrup for å eta saman. Eg valde hummarsuppe og «innebagede rejer» i staden for pizza. Det smakte godt. Etterpå gjekk eg ein tur aleine. I dag hadde meterologane meld heilt forferdeleg ver frå morgonen av, men uveret kom ikkje før klokka var tre. Eg og «ungane» hadde ein herleg bydag i Ålborg. Me delte oss i jente- og gutelag og gjekk kvar for oss på byvandring med diverse kleskjøp og herleg lunsj for meg og jentene på ein koseleg restaurant der dei hadde kyllingsandwich og eg «fuldkornspannekage med oxekød, salsa og guachemole».

Dagens beste kjøp var at eg fann ei bok eg har leita etter i tre år. Benny Andersens «Samlede digte». Eg hadde nesten gitt opp å finna ho nokon gong. Eg kjøpte og ei engelsk bok om skrivande kvinner, og Shakespeares «Hamlet» i illustrert versjon, bare fordi dei var billige. Eg har og kjøpt to nye treningsbukser, så nå dett rammebetingelsane på plass. Nå nyt eg livet og utsikten i vinterhagen, der eg ser folk gå forbi meir eller mindre skodde og kledde for øsregn. Det er ganske idyllisk sett innenfrå. Dei to andre kveldane har me hatt gleda av heilt utrulege solnedgangar, i kveld blir det nok den grå varianten me får sjå. Her skulle eg gjerne budd meir enn ei veke, kjenner eg.

Motståtte fristelsar i dag; rosa Doctor Martens gummistøvlar. Dei vart marknadsførde som den perfekte festivalstøvelen. Det er mogleg dei ikkje såg for seg Korsveifestivalen i Seljord, men der kunne dei nok ha passa. Framleis er det liv i dei raude gummistøvlane som eg kjøpte til sist festival, og som sidan har vore hyppig brukte på skulen sine utedagar i regn. Men om eg treng det, får eg vel kjøpa meg eit par støvlar i ein litt venlegare prisklasse… Eg lot og vera å kjøpa knallilla vans fordi ei av døtrene mine meinte at eg ikkje heilt var målgruppa. Då kom eg på at eg jo faktisk har eit par lilla sko heime, som eg ikkje heilt har fått til å gå inn. Eg minner meg sjølv på barnediktet eg av og til brukar i skulen: «Det er en sykdom å kjøpe, kjøpe…» Det meste har eg faktisk nok av, men eg innrømmar at når det kjem til bøker, så hjelper det ikkje at det er doble lag i bokhyllene heime… Det er alltid plass til tjue cm Benny Andersen… Men ein jentetur med døtrene mine, det set eg veldig stor pris på. Det håpar eg dei aldri veks i frå.

Oddvar og Ingrid Leif og Oddi Lønstrup

 

LønstrupH

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: