Skip to content

Winding roads.

juni 30, 2014

imageI går reiste eg og Hanne Lise til Fotland mølle for å vera med på opninga av Bebte Kluge si kunstutstilling. Ho har kalla utstillinga si » Winding roads», som eg trur kan omsetjast greitt med «Svingete vegar» eller «Kronglete vegar». Eg kjenner Bente litt frå før fordi me har ei nær venninne i lag, det er sikkert tretti år sidan eg møtte henne for første gongen, så eg har fulgt med litt på kunsten hennar i alle desse åra, og møtt henne av og til, sjølv om ho bur i Polen. Dette gjer det sjølvsagt ekstra spennande å gå på utstillingane hennar, men eg er sikker på at denne utstillinga ville gjort djupt inntrykk på meg uansett.

Når me har vore i livet i godt og vel femti år, så har me nokre svingete og kronglete livsvegar bak oss, og me har og hatt tid til å betrakta andre reisande. Bente brukar ikkje så mykje ord om det ho har laga, så orda mine her står for heilt eiga rekning. I utstillinga viser ho farande folk, ofte ti hest, men og i båtar. Ein kan lura på kor langt ryttaren over er i stand til å koma, sidan hesten hans har gyngehestmaiar, men han sit tappert på hesten sin med rak rygg, men utan synlege taumar.

image

Og andre er del av eit system som gjer at dei rir i ring, same kor stor fart dei måtte ha på hesten sin. Figurane er ofte utstyrde med staselege hattar, som gjer meg assosiasjonar til historisk fintfolk, kostyme og av og til til narrar.

image

Denne ryttaren rir på ein maskert hest som ikkje kan sjå… Sjølv er han eller ho hylla inn i middelalderaktige gevantar. Eg synest desse bronsehestane er så estetisk vakre, samtidig som dei triggar mange historiar i meg.

image

Han her, rir verkeleg på sin høge hest. Han har ei slags krone på hodet, så det er noko opphøgd over han. Om reisverket gjer ridinga funksjonell, er ein heilt annan ting.

image

 

Her er eit nærbilete av ein av karane frå hjulet.

imageimageOg nokre rir på heilt andre typar hestar.

image

 

… eller dei er i båt. Handlingsromet for desse fine krinolinedamene er kanskje heller ikkje så stort sidan dei er utan armar og båten er utan årer…

image

Eg legg merke til at kvinnene ofte er vevde saman på tettare måtar enn mennene som sit på kvar sin hest.

image

Noko har skjedd med hovuda til desse menneska, og dei er framleis utan armar. Dei har kvar sine fargar, men er i same båt.imageI  kor  stor grad er ein herre over tankefuglar i eige hovud ?Kor kjem dei frå?

image

image

Er er me menneske eller marionetter?

image

For meg vart den sørgande, eller skal eg kanskje heller omsetja det til » Den triste Kristus», ei viktig brikke i utstillinga. I det katolske Polen er den triste Kristus » – » Chrystus frasoblivy», eit velkjent motiv. Kanskje hadde me trengt å bruka han oftare her heime og? Dette fotografiet er ikkje heilt skarpt, men eg ville så gjerne ha det me.

Som de ser, så opplevde eg utstillinga veldig inspirerande. Eg understrekjer ein gong til at det eg har skrive er mine tolkingar av Bente sine skulpturar, og på ingen måte noko eg har frå henne. Kanskje du ville ha gjort deg heilt andre tankar? Dersom du er i området, anbefalar eg deg å gå dit for å oppleva det sjølv.

image

Heidi

From → Utstillingar

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: