Skip to content

Juni blir til juli

juli 1, 2014

imagePlutseleg stod det juli og ikkje juni på kalendaren, og me var i bilen til far på veg til ein firegenerasjonstur til farmor. Vêret var sommarblått, himmelen var lett og bleikblå med fjørlette sommarskyer.
image Me stoppa på saksframlegget for å kjøpa med oss føremiddagsmat, for me kom med vilje heilt uanmelde.

image

 

Heldigvis var farmor heime. Sunniva sprang ut og kjøpte nydelege lokale jordbær til oss.

imageimage

Og det er ikkje lett å få farmor til å høyra på at dei som har fylt 97 år ikkje treng å varta opp gjestene sine. – Og i grunnen kan eg forstå det litt. Når ein har svingt kaffikjelar og steikjebrett i eit heilt liv, så føler ein seg litt tilsidesett den dagen nokon seier at » Nå må du heller kvila deg, dette vil me gjera sjølv.» Men med godt samarbeid fekk me til opptil fleire måltid. Noko av det koselege med å vera hos farmor er att rett som det er så dukkar det opp både barnebarn og oldebarn og kanskje til og med tippoldebarn, og ho trivest med å ha liv rundt seg.

Når me skulle kjøra heim att med syster mi bak rattet fann me oss nokre omvegar for å nyta den fine sommerdagen langs havet.

imageEg har prøvd å få unna veldig forefallande oppgåver i heimen, men ein kan ikkje bare rydda, så eg og Sunniva var på bytur i går og for å nyta siste dagen i juni.

image

Og me som bur her er ikkje så nøye på sommartemperaturar. Når gradestokken rundar sånn ca seksten grader, så kastar me jakkane for å sitja ute i sola.

image

Og når rabarbraisen er økologisk, og kaffien rettferdig frå fair- trade- kafeteriaen, så har me liksom litt unnskuldning for å nyta det gode livet… I alle fall klarer me nesten å lura oss sjølve til å tru det…

image

Me må alltid ein tur innom Fretex. Eg har stor sans for måten dei sorterer på og stiller ut etter fargar og nyansar

imageOg dersom ein vil ha ein rimeleg og meir eller mindre velbrukt brudekjole i same butikken, så kan det og la seg ordna…

 

image

Og i dag medan eg var på tur, så henta Halvard far sin på flyplassen, så nå har vagabonden min vendt heim etter meir enn tre veker på vandring i Argentina. Han serverer meg mørk cubansk sjokolade til den seine kveldskaffien.

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: