Gå til innhald

Ope hus med mange rom

juni 29, 2014

image I går observerte eg desse to kråkene på torget. Dei var etter einannan og borti einannan, slo med vengene og kraksa. Den største kråka, den til venstre bruste med halsfjørene og gjorde seg endå større. Eg lurte på om det var to rivaliserende hannar, eller om det var eit slags kjønnsspel med innlagd kurtise som gjekk føre seg på blanke føremiddagen. Ikkje veit eg, eg kan ikkje nok om kråker… Det som er sikkert er at det er mykje rart å observera når ein hat tid til den slags, anten ein nå kikkar på folk, fe eller fuglar. image   Og det er mange slags spel på gang, anten ein får tak på spelereglane eller ikkje… Det var ein fredeleg sommarlaurdag nede i sentrum, og det var koseleg å ha god tid, sjå seg om, unna seg ein softis frå Tjemsland og snakka med kjentfolk. image Og barnevognene var då meir sjarmerande før, denne kan du sikra deg på gjenbruksbutikken… Eg tenkjer ofte på livet som eit hus me går inn og ut av. Eg opplever det slik at nokre av roma er nær knytte opp til årstider. Når eg går inn på bloggen min og ser kva eg tenkte og opplevde for eit eller fem eller sju år sidan i juni månad, så kjenner eg livet mitt att, det er mange av dei same stemningane, tankane og kjenslene som ligg der. I oktober eller desember er ein i heilt andre rom. Eg veit ikkje om dette er gjenkjenbart, eller om det bare høyrest ut som vas i andre sine øyrer… Men likevel er det andre rom ein kan gå inn i som er heilt annleis, det kan ein gjera ved å forsvinna inn i ei bok, ein film eller eit teaterstykke. Det er sikkert fleire enn meg som har lukka ei bok etter å ha vore heilt oppslukt av den verda som er der, og som nesten kjenner seg litt famlande når ein skal gripa fatt i eige kvardagsliv igjen… Det er ei merkeleg og nesten litt ubehagelig kjensle å måtte orientera seg inn i det vanlege kvardagslivet sitt og nesten kjenner seg litt framand der dei første minutta…   image9Nå har eg hatt god tid til å lesa. Eg har lese ein slags biografi om Hulda Garborg: «Hulda Garborg, forfattaren og feministen» av Sigrid Bø Grønstøl. Hulda Garborg var ei sterk kvinne, sjølv om hennar form for feminisme ligg nokså langt frå den me tenkjer på i dag. Eit av utgangspunktet hennar er at kvinner og menn er skapte heilt vesensforskjellige og har ulike oppgåver. Ho såg på kvinner som omsorgsmenneske, og eg trur ho meinte at menn var skapte til å vera dei som tok leiaransvar. Eg har ikkje vore klar over kor stort og omfattande forfatterskapet hennar var, på sida av alt det andre ho klarte å utretta. Då eg var heilt ung las eg dagbøkene hennar frå Labråten, og det gjorde inntrykk å lesa korleis ho og sonen omtrent gjekk på tå heime i huset for ikkje å forstyrra Arne som sat og skreiv på ei bok og måtte skånast frå ein kvar form for forstyrring. imageAEg trur det var langt bortanfor hennar fantasi at denne mannen skulle koma ned frå loftet for å vaska opp, laga middag eller bretta saman klede slik at ho kunne få frigjort tid til å setja seg ned og skriva… Men det er jo lov å håpa at eg tek feil. Ei anna bok eg har lese er  Dag Solstad sine uskrevne memoarer. Dag Solstad kjenner stor motstand mot å skriva sin eigen biografi, men han har gått inn i eit samarbeid med Alf van der Hagen der dei to samtalar om livet og forfattarskapen til Solstad. Det var og ei veldig interessant bok, og eg vart betre kjend med forfattaren og mennesket bak bøkene. Det er mange av bøkene hans eg ikkje har lese, og eg fekk lyst til å gjera det nå. Med. Hulda Garborg- boka i friskt minne, kunne eg ikkje la vera å merka meg at Solstad fortalde at han ikkje hadde vore på eit einaste foreldremøte på skulane til dei tre døtrene sine. Den slags kunne han ikkje prioritera å bruka tid på.image Det siste eg hadde lyst til å fortelja om som har gjort inntrykk på meg dei siste dagane er eit program på P2 med forfattaren og journalisten Martha Breen. Ho har vore vert i eit sommarprogram av den typen der ein spelar musikk ein likar og kjem med små betraktningar og livsforteljingar innimellom. Fordi eg har høyrt på radio medan eg har rydda og vaska, har eg fått med meg både originalprogrammet og delvis to reprisar av det. Ho fortel at ho er eit ekte «68-er barn». Ho hadde foreldre som var venstreradikale, og vart som barn teken med både i demonstrasjonstog og på politiske møte. Ho opplevde ikkje å vera det midtpunktet foreldra sine liv dreia seg om, men eit barn som vart teken med i kampen for noko større. Ho tok seg stadig i å lengta etter å vera i lag med menneske som oppriktig trudde dei kunne forandra verda, framfor å høyra til i ein generasjon det dei største prosjekta for kvinner var å unngå å få muffin-mage og cellulittar.

Eg forstår litt kor ho vil hen med spissformuleringane. Sjølv tilhøyrde eg eit kristent ungdomsmiljø i kjølvatnet av Jesusbevegelsen på 70-talet som var overbeviste om at me kunne forandra verda. Me kledde oss i loppemarknadsklede og song med Kari Hansa og Gregers Hes: » Vi er søsken, og sammen skal vi sloss. Vi vil kjempe mot hat og løgn og lunkenhet som hersker over oss…» Og sjølv har eg i grunnen aldri halde opp med å tru at eg kan forandra verda.

Då eg lufta dette for Sunniva, meinte ho at det var urettferdig å tenka at ungdomar var mindre idealistiske nå enn før. Mange av dei ho kjenner er svært opptekne av store spørsmål og av å gjera ein innsats for å få verda meir rettferdig. Eg ser at ho har rett, og det hadde eg godt av å høyra.

Eg tek meg sjølv i å lura på om nokon les så lange innlegg som dett… Det verste er at eg har lyst til å skriva meir seinare i kveld…

imageDenne flotte skulpturen er laga av Bente Kluge. Eg skriv meir om utstillinga hennar seinare.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: