Juni blir til juli
Plutseleg stod det juli og ikkje juni på kalendaren, og me var i bilen til far på veg til ein firegenerasjonstur til farmor. Vêret var sommarblått, himmelen var lett og bleikblå med fjørlette sommarskyer.
Me stoppa på saksframlegget for å kjøpa med oss føremiddagsmat, for me kom med vilje heilt uanmelde.
Heldigvis var farmor heime. Sunniva sprang ut og kjøpte nydelege lokale jordbær til oss.
Og det er ikkje lett å få farmor til å høyra på at dei som har fylt 97 år ikkje treng å varta opp gjestene sine. – Og i grunnen kan eg forstå det litt. Når ein har svingt kaffikjelar og steikjebrett i eit heilt liv, så føler ein seg litt tilsidesett den dagen nokon seier at » Nå må du heller kvila deg, dette vil me gjera sjølv.» Men med godt samarbeid fekk me til opptil fleire måltid. Noko av det koselege med å vera hos farmor er att rett som det er så dukkar det opp både barnebarn og oldebarn og kanskje til og med tippoldebarn, og ho trivest med å ha liv rundt seg.
Når me skulle kjøra heim att med syster mi bak rattet fann me oss nokre omvegar for å nyta den fine sommerdagen langs havet.
Eg har prøvd å få unna veldig forefallande oppgåver i heimen, men ein kan ikkje bare rydda, så eg og Sunniva var på bytur i går og for å nyta siste dagen i juni.
Og me som bur her er ikkje så nøye på sommartemperaturar. Når gradestokken rundar sånn ca seksten grader, så kastar me jakkane for å sitja ute i sola.
Og når rabarbraisen er økologisk, og kaffien rettferdig frå fair- trade- kafeteriaen, så har me liksom litt unnskuldning for å nyta det gode livet… I alle fall klarer me nesten å lura oss sjølve til å tru det…
Me må alltid ein tur innom Fretex. Eg har stor sans for måten dei sorterer på og stiller ut etter fargar og nyansar
Og dersom ein vil ha ein rimeleg og meir eller mindre velbrukt brudekjole i same butikken, så kan det og la seg ordna…
Og i dag medan eg var på tur, så henta Halvard far sin på flyplassen, så nå har vagabonden min vendt heim etter meir enn tre veker på vandring i Argentina. Han serverer meg mørk cubansk sjokolade til den seine kveldskaffien.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Farmor, Kjærasten min, Mor og far., Reiser, sommar






