Farvel til Polen
Polen har verkeleg vore eit spennande land å feriera i. Desse valmuene knipsa eg då me hadde ein liten beinstrekk ein stad langs vegen.
Og slik såg Ketrzyn, byen me overnatte i i går ut i kveldslyset.
Me måtte venta i tjue minutt på å få passera ei skyvebru over ein kanal. Det gjekk forbi mange båtar med kanalturistAr i. Det såg kjekt ut, vêret var varmt og fint, sånn omkring 28 grader.
Eg måtte fotografera eit av dei krusifiksa folk har ved utkjørselen frå gardiner sine. Dei er pynta med lys og blomar.
Me stoppa ikkje så langt frå grensa til Litauen for å nyta sola og staden. Her var det ein idyllisk badeplass ved eit lite vatn.
Og ved badeplassen var det eit par kafear der folk år rødbetsuppe, syrna rugsuppe, eller kanskje det var bygg, og andre småretter. Leif gjekk for den internasjonale retten hamburgar, medan eg heiv meg på noko meir lokalt.
Pirogi, som er laga av ein litt pastaaktig deig med fyll i. Dette er varianten russiske pirogar som har eit fyll av miste poteter og krydder, noko som gjer at det minner ein del om komle på smaken. Dei vart serverte med steikt løk og bittelitt småhakka bacon. Det smakte veldig godt . Etterpå køyrde me over grensa, og var klare for nye eventyr i Litauen.
Heidi





