Skip to content

Kunsten å fly

juli 16, 2014

image

Det me ikkje visste då me reiste på ferie, var at vår nye hobby skulle bli å studera storkungar i storkereir. Me har tydelegvis akkurat nådd » Fly- ut- av reiret- sesongen». I dag har me sikkert passert ti storkereir, og i omtrent alle saman står det store storkungar og øver seg på flygekunsten: Dei går ut til kanten av reiret og hoppar så høgt dei kan mens dei flaksar med vengene. Etter nokre sekund dett dei ned, og så skjer øvelsen om igjen. I reiret på biletet var det fem ungar, og ein av dei klarte nesten å fly… Det er viss eit instinkt i både storkar og menneske at på eit eller anna punkt så kjenner ein att det er på tide å nærma seg det store ukjende, og plutseleg kjenna trongen til å flaksa med vengene.

Akkurat som storkungane, så har me våga oss litt ut i det ukjende. Me har bestemt oss for å prøva å koma oss til Litauen. Dei siste åra har eg hatt fleire elevar frå Polen og Litauen, så eg kan nesten kalla det ei studiereise. Me hadde stilt GPS-en på at me ville dit, og den var i ferd med å geleida oss til målet. Plutseleg forstod me at GPS-en var i ferd med å leia vår veg gjennom Russland, og for å koma inn i Russland må ein ha visum. Me måtte derfor laga ei alternativ rute som har ført oss på mange koselege småvegar og forbi mange storkereir. Litt utpå dagen stansa me i ein bitteliten landsby, som eg ikkje ein gong trur me fann namnet på. Alle stirra openlyst og uhemma på oss og lurde på kva me var for nokre raringar. Kafear hadde dei ikkje, men me fann eit bakeri der me kunne få kjøpt kaffi.

image

Ved hjelp av fingrane fekk me bestilt kvar vår kaffi, to stykker honningkaker med sesamfrø på og ei pizzabolle på deling. Måltidet kosta oss i underkant av tjue kroner til saman.

image

image

Lenger nede i gata såg eg ein blomsterbutikk med blomar i dei mest fantastiske fargene ein kan tenkja seg. Då eg kom nærare såg eg at dei var laga av silke… Det er litt merkeleg at det skal vera marknad for silkeblomar i eit så frodig og blomstrande land. Eg lurer på om dei primært brukar dei på kyrkjegardane, for der bugnar det av fargesterke blomar. Det ser og ut til at kvar familie har sitt » kapell», eit slags skap med skråtak over og ein Maria- eller Kristus- figur inni. Det kan og vera eit stort krusifiks i staden for eit kapell. Desse blir pynta med blomar, gjerne silkeblomar, og fargerike band. Det liknar litt på måten dei pynter svenske maistenger på.

Me har nå slått oss til for kvelden i ein litt større by som heiter Ketrzyn. I brosjyren me fekk på turistkontoret står det at byen er 650 år gammal og  at det har vore ei borg her for å beskytta byen som låg langs ei viktig ferdselsåre.  Byen hR ein stor park og eit stort rekreasjonsområde, og er kjend for den vakre arkitekturen…

image

Då me kom til hotellet, var sjåføren min trøytt og trong å kvila litt, og eg la ut på ein ekspedisjon for å få tak i nokre småting me trong, mellom anna nål og tråd for å reparera den eine sandalen min som er blitt øydelagd. Eg traff ikkje eit einaste menneske som kunne kommunisera med meg på tysk eller engelsk, og det viste seg at eg måtte på ein sybutikk for å få tak i nål og tråd, det fekk eg vita etter å ha stått på ein Nille-liknande butikk og teikna synål, trådsnelle og sytråd. Då fekk eg peika retninga til sybutikken. «Go left and left».  Ein eldre mann snakka til meg på gata, eg slo ut armane og prøvde med: » No polska, norveska!», men han fortsette å snakka polsk, bare litt seinare og tydelegare enn før.

Eg spurde etter minibank og vart vist vegen til bankar som var stengde for kvelden, eg såg eit apotek, og tenkte på noko eg kunne tenkt meg å kjøpa der, men alt var bak disk, og tanken på å utføra små pantomimar var ikkje forlokkande. Eg tenkjer at dette har eg vanvittig godt av. Det er utan tvil sunt å kjenna på følelsen av ikkje å bli forstått, forvirringa over å ikkje vita korleis ein ordnar ting i dette landet, og korleis ting fungerer. Eg veit om fleire mødrer som har kome aleine til Bryne frå andre verdsdelar med eineansvaret for små barn, og tek av meg hatten med tanke på kor godt dei har klart å vera flinke, sterke og ansvarlege i ein verden der alt er ukjend og ofte med sorger og traumer med i bagasjen. Dagens utfordring til oss alle får bli å ta varmt i mot dei framande som kjem til oss. Det må vera alt anna enn enkelt.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: