Skip to content

Vilnius

juli 18, 2014

Me tek ein liten pause i den fine Vilnius-dagen vår på hotellet.  Akkurat nå ser me på fjernsynet at statsleiarar uttaler seg om katastrofen med nedskytinga av Malaysian airlines- flyet som er skote ned over Ukraina. Eg slår fast at det er god grunn til å gråta for verda. Samtidig er det mykje fint, mange ting som gjer håp for verda. For eit par dagar sidan var me på solidaritetsmuseet i Gdansk og vart minna om fredskampen som førde til fridom for det polske folket, og i dag når me har vandra rundt i nydelege Vilnius, har me og sett mykje som viser at håpet er noko ein ikkje må sleppa taket i. Desse blomane frå ein polsk grøftekant får stå som eit symbol på mine bøner om tryggleik, framtid og fred for alle menneske.

image

I går då me kjørde inn til Vilnius vart me møtt av imponerande silhouettar av staselege gamle bygningar, mellom anna ein bygning med store gullbelagde løkkuplar med spir som eit ekte eventyrslott henta ut av «Tusen og en natt.» Då me kom ut i byen fann me ein koseleg stad og eta middag, etterpå gjekk me ein tur i gamlebyen i den varme fine sommarkvelden. Folk her ser veldig skandinaviske ut. Det er nesten litt merkeleg når dei opnar munnen og snakkar eit for oss heilt uforståeleg språk.

image

I ein benk i parken dansa dei. Ein stor gjeng unge menneske dansa ein latin-dans me ikkje kunne identifisera som ein dans me kjende att. Dei dansa veldig tett med mykje hofter og bein som snodde seg inn i kvarandre. Det var ganske imponerande å sjå på.

Det spesielle her er at det både er veldig kjend og veldig ukjend på same tida. Truleg mellom anna fordi dette er ein småby, så opplever me at her snakkar folk i butikkar og på gata mykje betre engelsk enn dei me møtte i mindre polske byar. Uvant er det at det står oppslag på doen på hotellet at toalettpapir ikkje skal skyllast ned, men leggjast i avfallsbøtta.

I dag då me vakna oppdaga me at klokkene på noko av det digitale utstyret vårt plutseleg var ein time meir enn dei andre klokkene. Kunne me ha kome inn i ei ny tidssone utan at me visste om det? Litt googling tyda på at det var akkurat det me hadde. Før me var heilt sikre, banka det på døra. Eg opna, og der stod det ein sympatisk og litt sjenert ung mann med eit frokostbrett i hendene og med replikken : «Good morning, I bring you your breakfast!» Det var heilt uventa at det var slik det fungerte, me var faktisk i ferd med å gjera oss klare til å finna matsalen.

image

Men frokosten var det ikkje noko å seia på, sandwich med egg, skinke, tomat og majones, og sandwich med røykelaks, egg og tomat. I tillegg var det vatn, frukt, sjokolade, appelsinjus og kirsebærjus. Kaffien ordna me sjølv med vannkokar og pulverkaffi som stod på romet.

imageEg må innrømma at eg ikkje ante at gamlebyen i Vilnius blir rekna som ein av dei aller vakraste i Europa. Nå forstår eg korfor. Det er som å gå inn i ei eventyrbok å vandra rundt i gamlebyen. At me gjorde det i vakrast tenkjeleg sommarver, blir heller ikkje feil.

image

Midt i gamlebyen ligg det eit stort, imponerande og veldig gammalt universitet. Mellom bygningane er det tolv utandørsområde der studentane kunne sitja ute i sola mellom forelesningane. Ei stor universitetskyrkje var ein del av universitetet.

image

Framme i koret var det fleire rekkjer med søyler, skulpurar og andre objekt bak ein annan, og framstår på avstand som eit stort relieff i 3D. Eg har ikkje sett noko slikt før. Det mindre meg om gammeldagse pappkulisser ein sette bak einannan som dokketeaterkulisser eller dekorasjonar.

image

På universitetsområdet var det og eit lite galleri i ei lang trapp. Eg kjøpte faktisk eit bilete der. image

Det var og eit veldig høgt usiktstårn der. Eg gjekk ikkje opp…

image

 

Byen en er ein fascinerande blanding av veldig gammalt og veldig moderne. Ein kan finna hippe bokhandlar der dei serverer økologisk mat og grøn te.

image

Lunsjen i dag var potetpannekaker, mine med tytebærsyltetøy og Leif sine med bacon. Det ser ut som om folk her har ete minst like mykje poteter her som heime i Norge, og på dei kafeane me har vore innom, serverer dei mykje lokal mat. Eg ser folk eta noko som minner veldig om rett og slett komler… Ikkje som pirogane i går, men som heilt ekte vestlandske komler.

Nå skal me snart ut att, så eg får ikkje tid til å skriva meir. I staden avsluttar eg med dei bileta eg hadde tenkt å skriva om…

imageimageimageimageimageimageimageimage

Heidi

From → Mat, Reiser, Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: