Skip to content

Farvel til Polen

juli 17, 2014

image

Polen har verkeleg vore eit spennande land å feriera i. Desse valmuene knipsa eg då me hadde ein liten beinstrekk ein stad langs vegen.

image

Og slik såg Ketrzyn, byen me overnatte i i går ut i kveldslyset.

image

Me måtte venta i tjue minutt på å få passera ei skyvebru over ein kanal. Det gjekk forbi mange båtar med kanalturistAr i. Det såg kjekt ut, vêret var varmt og fint, sånn omkring 28 grader.

image

Eg måtte fotografera eit av dei krusifiksa folk har ved utkjørselen frå gardiner sine. Dei er pynta med lys og blomar.

image

Me stoppa ikkje så langt frå grensa til Litauen for å nyta sola og staden. Her var det ein idyllisk badeplass ved eit lite vatn.

image

Og ved badeplassen var det eit par kafear der folk år rødbetsuppe, syrna rugsuppe, eller kanskje det var bygg, og andre småretter. Leif gjekk for den internasjonale retten hamburgar, medan eg heiv meg på noko meir lokalt.image

imagePirogi, som er laga av ein litt pastaaktig deig med fyll i. Dette er varianten russiske pirogar som har eit fyll av miste poteter og krydder, noko som gjer at det minner ein del om komle på smaken. Dei vart serverte med steikt løk og bittelitt småhakka bacon. Det smakte veldig godt . Etterpå køyrde me over grensa, og var klare for nye eventyr i Litauen.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: