Om å skapa eit rom, vera i det og riva det ned att
Eg trur at eg tidlegare og har fortald at eg må innrømma at eg har den finaste jobben i verda. I dag vil eg invitera inn i eit lite rom på jobben min…
I mange år har eg hatt ein kombinasjonsstilling mellom lærarjobb på Bryne skule og jobb i Time kulturskule. Dei første åra var eg dramalærar i kulturskulen i lag med Jan Ivar, så utvida eg kulturskulejobben til og å ha ansvar for ei gruppe skriveelevar i faget skalapnde skriving. For to år sidan takka Jan Ivar og eg for oss som dramalærarar etter sånn 12-13 år med lang og tru teneste, så livet mitt som dramalærar er på sett og vis over. Akkurat det har frigjort ein del tid, for å setja opp 2-4 store forestillingar kvart år var ganske travelt. I tillegg hadde me lenge to store teater/ musikal- prosjekt kvart år på Bryne skule, som var bakt inn i den vanlege jobben. Det merkest at eg har meir tid og overskot til å skriva og driva med andre kunstnarlege frilansaraktivitetar. Likevel kjenner eg av og til på kor godt eg liker å jobba med teater, og at eg saknar det litt. Då er det heldig at eg framleis får vera med på det store tiandeklasseprosjektet i kulturskulen som kvart år munnar ut i ei stor forestilling før påske der elevane er musikarar, songarar, dansarar og skodespelarar. Dei siste to åra er mitt ansvar avgrensa til å skapa eit manus i lag med ei gruppe elevar frå 10.-klasse og samarbeida med dei andre lærarane om å setja det saman med musikk og dans og skapa ei heilskapleg forestilling og oppleving både for aktørar og publikum.
I år hadde eg med meg ein fantastisk gjeng i manusgruppa. Dei var einige om at forestillinga dette året skulle handla om «noko seriøst», noko som fekk folk til å vakna litt og tenkja seg om. Dei diskuterte fattig- rik- problematikk og krig-fred-problematikk. Til slutt ende me med at dei ville fortelja om ein gut eller jente som hadde vore barnesoldat og kom til Norge som mindreårig flyktning. Likevel ville dei ikkje at dette skulle vera ein person som det bare var synd på. Dei ville at vedkomande skulle bli berømt og beundra i Norge, men at denne personen likevel skulle bera på sår som ingen visste om. Som ein i gruppa uttrykte det: Ein person som har opplevd så vonde ting vil nok aldri bli ferdig med det, men han kan læra seg å leva eit best mogleg liv med dei såra han har fått. Slik vart forestillinga «Benjamin, son av lykke til.» Det må innrømmast at nokre av lærarane var bittelitt skeptiske i utgangspunktet… Var dette for mørkt og alvorleg til å visa for skuleelevar ned til fjerde klasse, og ville me klara å laga ei god historie av det? Ungdomane haldt på sitt. Det var mange nok forestillingar som bare omhandla norske i-landsproblem som det å vera fin nok og vellukka nok. Nå skulle me våga å visa kva som skjer i den verda me faktisk lever i. Me vart einige om at krigseffekter som kunne virka skremmande måtte me vera litt forsiktige med, men vanskelege ting kan og forteljast på stillferdige måtar. Som ein grell kontrast til dei eksistensielle problema Benjamin, som skifta namn då han kom i norsk fosterheim fordi han var paranoid redd for å bli forfulgt, opplevde, så laga me ei ramme med eit talkshow der ei uvanleg overflatisk vertinne ville spørja han ut om rikdom, suksess, bilar og parfyme medan han hadde bestemt seg for å fortelja historia han aldri hadde våga å fortelja før.
Eg opplevde at prosjektet vårt var vellukka. Musikklærarar, danselærar og dramalærar hadde gjort ein fantastisk jobb for å få historia vår opp og gå. Gjennom seks forestillingar med fullsett sal i Storstova, kulturhuset vårt på Bryne, fekk Benjamin koma fram og leva. Eg opplevde det eigentleg ganske overveldande å sjå den ferdige forestillinga etter at eg for første gong ikkje har vore med på øvingane som har pågått heile våren. Eg sat plutseleg der og gråt av kor sterkt historia kom fram, ikkje minst gjennom dans. Det er ei eiga oppleving å sjå eit univers du har vore med på å skapa manifestera seg som levande liv på ein scene. Det er fint å sjå kor seriøst, og med kor mykje glede dei aller fleste ungdomane går inn i prosessen. Dei var utan tvil frykteleg slitne då scenelysa vart slokte for siste gongen i denne omgangen, og det er alltid vemodig på ein rar og litt tom måte å pakka ned eit univers du har vore med på å skapa.
Eg må og seia at det ryktet ungdomen av og til får om at dei er overflatiske og materialistiske av og til blir slått grundig til jorda. Eg er utruleg stolt av at skrivegruppa mi våga dette prosjektet. Eg synest og at Sunniva fekk fram ganske godt gjennom «Forandring frydar» kor komplisert det kan kjennast å vera ung. Der seier ein av rollefigurane omtrent dette: «Dei skulle bare vita dei vaksne som klaga på oss heile tida, at me gjorde så godt me kunne».
Og personleg har eg forresten ein til arena å leva ut teaterbehovet mitt på… På Bryne skule set me opp revy som me skal visa i juni, og er nå i full gang med øvinga til den. Sa eg noko om at eg har den beste jobben i verda? Ja, eg nemnde det viss…
Og nå skal det forøvreg smaka med påskeferie…
Heidi
Så fantastisk fortalt! Eg føler meg heilt tom nå etter alle forestillingane. Eg veit at mange av oss kunne gjort dette 20 gonger til om me hadde fått lov.
Tusen takk for dei møtene me hadde i skrivegruppa, eg er så stolt av den historia me fekk til!
Så kjekt å lesa, Rebecca 🙂 Takk det same. Eg er kjempestolt av skrivegruppa eg og.