Gå til innhald

Me har lyset og vipa…

mars 28, 2015

16769113770_219ed4d20a_o

…så resten av våren kjem vel etterkvart. Ryktet seier at det er i natt me skal stilla klokka fram mot sommaren, og nå er det påskeferie. Ute er det steinkaldt, for å seia det på godt jærsk. Me var ein tur på Sele for å gå tur og det som må ha vore snøblanda regn piska hardt mot ansiktet. Det var frålandsvind, så bøgjene spruta som høge fontener i det dei braut mot havbotnen. Eit iskaldt månelandskap er det me bur i, i alle fall er det slik det fortonar seg på dagar som i dag. Austlandske venninner har innrømma at det er svært vakkert her, men dei forstår ikkje heilt at me held ut alt vinden og alt regnet. Då må eg bare svara at eg liker meg her. Regnet har eg vakse opp med og blitt van med, og vinden liker eg i grunnen godt… I alle fall viss han gir oss ein pustepause av og til…

Våren på Jæren varer lenge. Det er noko av det finaste med han. Det er ein langdryg prosess med ørsmå forandringar frå veke til veke i motsetnad til austlandsvåren som drøyer i det lengste og plutseleg eksploderer sånn nesten over natta. Dei åra eg budde der kjende eg meg nesten litt snytt for det å leva lenge med ein vår som langsomt openbarer seg i løpet av ein tre-fire månadar. Og visst er det fint her? Me har vore nokre turer nede i havgapet for å pusta inn lyse kveldar og sjøluft.

16165687264_97a22dc67d_o

16762131356_ba396875cf_o(2)

16168066283_6ae95773de_o(2)

Og visst er eg heldig som har ein fotograferande mann med langt betre kamera og linser enn det eg sjølv har på mobilen.

16722156530_4acb59f8fd_o(1)

Slike bilete som dette seier vel ein heil del om korfor nokon kan finna på å busetja seg i dette forblåste hjørnet av verda…

I morgon er det palmesundag, og eg skal ha sundagsskule. Det blir sikkert fint. Eg har allereie gått gjennom dei bibelske påskeforteljingane i fleire etappar i andre klasse. Ein heil del av det har me spontandramatisert. Eg hadde tenkt at eg ikkje kunne la nokon spela Judas, og tenkte at den delen fekk eg fortelja. Plutseleg forstod eg at det var meg sjølv som måtte dyppa i fatet i lag med Jesus på skjærtorsdag og eg som skulle dramatisera Peter som sverga på at han aldri hadde kjend den mannen soldatane hadde teke til fange. Så fekk elevane lov til å gala. Og eg kjende kor menneskeleg det er alt saman, både å vera Judas og vera Peter.

Og i fall nokon skulle bli engstelege. Eg veit svært godt at det er forskjell på å undervisa i RLE og å ha sundagsskule. På skulen er eg veldig ryddig på at det er historier eg fortel, akkurat som eg fortel dei spennande historiane om Buddha og om Shiva og Ganesha. På sundagsskulen kan eg i tillegg formidla kva slike historier gjer med meg og livet mitt. Men fine historiar er det alt saman, og eg trur at det er viktig og fint for barna å høyra dei. Og at det berører meg som menneske å fortelja historiar, enten det er eventyr, bibelforteljingar eller forteljingar frå andre religionar, ja det må det vera lov å vera open om. I alle fall her på bloggen min.

Eg kjenner at eg er litt trøytt nå, og ser fram til å ha nokre rolege dagar med venner og familie. Når eg snur meg og ser tilbake så innser eg at livet faktisk har vore ganske intenst heilt sidan før vinterferien. God påskeferie til alle som er like heldige som meg og er der allereie, og til alle som framleis har nokre kvardagar att før dei er så langt.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: