Oslo i mars
Så var eg klar for ein ny tur ut i den store verda. Denne gongen tok toget meg til Oslo, ein by eg gjennom åra har blitt veldig glad i. Alt på togturen fekk eg sterke inntrykk. Eg hadde fylgje med ei veldig søt småbarnsmor som i fleire år hadde hatt som jobb å fylgja unge vaksne døyande kreftpasientar og familiane deira den siste delen av livsvegen for den døyande sitt vedkomande, og inn i det nye romet som pårørande for dei som hadde mista ein av sine næraste. Me hadde ein interessant samtale om livet og døden. Eg spurde om ein ikkje vart hypokondar av å jobba med folk på eigen alder som skulle døy av kreft. Det er eg nokså sikker på at eg ville blitt, men reisevenninna mi meinte at hypokondar vart feil ord. Det hadde ho ikkje blitt. Ho hadde derimot blitt veldig klar over at livet ikkje var noko ein kunne ta for gitt og at livet ikkje var noko ein kunne planleggja.
i vogna mi var det og ein veldig søt eldre mann som fortalde så pass høgt at me alle høyrde det, at det aldri var noko problem å reisa med tog, sjølv om det var tungt for han å handtera koffertane, så fikk han alltid hjelp av snille og hjelpsame medreisande. Seinare fortalde han kona, eller kanskje dottera i mobilen at han hadde nettopp ete den beste vaffelen han hadde smakt i sitt liv, kjøpt i restaurantvogna. Ho smakte endå betre enn den han hadde ete i den sjømannskyrkja ein gong, og han hadde fått jordbærsyltetøy til. Nokre togturar styrkjar trua mi på menneskeheita, og det kan kjennast utruleg godt i tider der makthavarar rundt i verda raslar med litt for store sablar. Av og til liker eg å sitera visesangeren Trille, som eg høyrde mykje på då eg var på Sunniva sin alder » Sådan ser jeg ofte striber af lys, ofte striber af varme, som når en hvisken høres bedre enn et råb, ja jeg ser små skibe sejle fulle af håb…»
På fredag fekk eg jammen kjøpt meg kongeblå kjole til Ingrid sitt bryllaup. Med Eva Mari som personleg shopping-assistent, så fekk han jammen fylgje av diverse andre klesplagg i handleposen. Ho snor seg fram mellom reolane og set blikket på plagg eg aldri ville hatt fantasi til å koma på å prøva. Denne gongen fekk eg med meg fylgjande visdomsord på vegen vidare av mi kjære svigerinne: » Det er greitt nok å trenga ein stor størrelse, men kleda treng ikkje å sjå ut som om dei er plukka ned frå klessnora til ein nabo som er tre størrelsar større enn deg!» Dama kan få sagt det. I løpet av helga har me og samla på gode tips for dekking av påskebord:
Her er det fritt fram for lesarane mine å stela anten dei måtte foretrekkja å bruka gamle ski eller utstoppa kråker…
Og min vane tru, så samlar eg alltid på lausrive setningar og brokkar av setningar, som eg overhøyrer. I ein bruktbutikk høyrde eg ein mann seia fortruleg til ein annan :» Du veit han hadde eit langt liv i symaskinbransjen…» For meg er det eit utsegn som skapar så mange indre bilete at eg nesten er tvungen til å spara det til eit dikt, eit skodespel, ei vise eller ei biletbok…
Seinare på dagen fekk eg ein hyggeleg tur til Lommedalen saman med Tove før eg kveldslanda i sofaen saman med Henrik og Eva Mari.
Den direkte årsaken til at eg havna i Oslo denne helga, var at det er DUS- festival her nå. Det betyr at det baud seg sjansar til å sjå «Forandring frydar», Sunniva sitt teaterstykke i nye variantar, noko eg ikkje får nok av, Sunniva meinte at ho skulle klara å få slusa inn både mor og tante på det som i utgangspunktet var ein lukka festival for ungdomsteatergrupper. Slikt liker me.
Eva Mari hadde funne ut at det var ei nyopna utstilling av Vebjørn Sand på Aker Brygge, og den fann me ut at me gjerne ville ha med oss. Utstillinga heitte » Individets valg», og temaet var alle vala ein som menneske er nøydt til å ta. Historiske situasjonar kan gjera vala ekstra kompliserte for oss. Likevel er det me som må velgja. Ein stor del av bileta handla om dei vala menneske kjende seg tvungne til å ta, eller tok høgst frivillig under den andre verdskrigen, men det var og andre maleri som handla om dette dilemmaet, mellom anna to sterke portrett av Børre Knutsen.
Medan me var der dukka både Vebjørn og Aune Sand opp. Aune sa nokre innleiande ord til utstillinga og Vebjørn haldt eit lite foredrag medan han viste fram bileta sine. Han var ein veldig flink formidlar. Dette biletet viser ein avkrok av historien som har vore godt skjult i helte- og sigersrusen etter 1945. I krigen sin aller siste fase vart mange uskuldige tyske kvinner valdtekne av allierte soldatar, og sivile tyskarar vart skotne ned på gata.
Dette er det einaste gjenlevande medlemmet i ei undergrunnsgruppe i Tyskland som kjempa mot nazistane. Alle dei andre vart skotne under krigen. Ho er nå ei dame på meir enn nitti år, som Vebjørn Sand har møtt fleire gonger for å laga portrett av.
Etter omvisninga vart me inviterte til å stilla spørsmål eller samtala. Eg lurte på om eg hadde nokre kloke innspel som kunne gjera oss til bestevenner for resten av livet, men fann dessverre ingen. Eg vart mponert og betatt over både bileta, tankane bak og kunstnaren sjølv, og eg høyrer gjerne på han fleire gonger. Eg har lenge hatt stor sans for portretta han lagar.
I eit bygg like i nærleiken hadde publikum blitt inviterte til å skriva små brev på post-it-lappar som så vart monterte opp som store hjarte. Dette var ein enkel og spennande ide ein må kunna stela med seg.
Og denne flotte stylteløparen hadde eg og sansen for.
Halvard hadde Brynebesøk i helga, så han var ikkje så tilgjengeleg, men Sunniva, som kom rett frå DUS- festival i Skien var klar for litt lunsj med damene. Etterpå prøvde ho festkjolar ho og, men av økonomiske grunnar vart det ingen spontankjøp på henne i går. Men fin var ho… Så vart me loste til dramatikkens hus på Grønland der ho fekk billettar til oss. Ungdomsteatergruppa Bærmuda frå Bærum hadde ei spennande tolking av » Forandring fryder», der stykket vart spela bare av jenter. Det gjorde at dei måtte utelata små deler av stykket. Det mest spennande grepet var at Maja, jenta med psykisk sjuk mor, vart spela av to skodespelarar i identisk kostyme som spelte ved sida av kvarandre og viste kor splitta ho var i den unaturleg sterke bindinga til ei svært dominerande mor. Eg skulle fjerne hatt med meg alle dei atten variantane av stykket, men det spørst om eg ikkje må nøya meg med dei eg har sett til nå…
Eva Mari og eg tok bane. Frå Grønland T-banestasjon. Det var ein fascinerande stad, forresten. Under bakken var det mellom anna eit slags konditori som selde kaker frå Tyrkia eller Iran eller noko slikt. Me kjøpte med oss eit lite utval i ei kakeøskje. På T-banen heim var det ein gjeng bærumsjenter som hadde vore på teaterfestivalen. Det var interessant å smuglytta til dei. I mine øyrer var det heller ikkje feil at dei likte «Forandring frydar» best fordi dialogene var så naturlege. Dei meinte at mykje i ungdomsteaterstykke vart så kunstig.
Vel heime i Kyrkjevegen laga Eva Mari utruleg god pizza, og så dukka Sunniva og opp etterkvart etter å ha vore med på å gje tilbakemeldingar til skodespelarane. Det er aldri feil å få litt tid saman med henne i selskap med andre hyggelege menneske. Det var kuldegrader då ho skulle heim til seg sjølv, så Eva Mari lånte generøst ut saueskinnskåpa si og kjørde henne ned til T- banen.
Heidi