På veg
Me er på veg
mot alt me ikkje kjenner,
ridande på store hestar
eller på gamle syklar,
engesteleg smilande,
men klare for det meste,
for snart er det tida,
tida for kirsebærtreet til å bløma,
tida for å dryssa
små kvite kronblad mot graset
som snart skal bli grønt.
Det er desse dagane
som kjem og går forbi
så fort dei har ein sjanse,
eg vil gjerne vera
den som får teke skikkeleg farvel,
til slutt får eg kanskje
ikkje gjort anna
enn å ta farvel med dagane
der dei går vidare.
Alt har ein avskjed i seg,
alt har ein lengt i seg
alt ber noko med seg
i opne eller lukka hender.
Så står me der ved portane,
opnar dei og lukkar dei
alltid med forventing
alltid med eit mildt og vennleg vemod
mot alt som er og blir.
Heidi
Påskeferien har fått tid til å gå forbi og til å bli til kvardagar. På torsdag reiste Halvard og i går reiste Sunniva. Ho er akkurat nå i Mo i Rana for å sjå fire versjonar av teaterstykket sitt. Det høyrest spennande ut. Eg skulle gjerne ha blitt med bortsett frå at det er ein lang veg og flytur dit, delvis med eit ganske lite fly. Sunniva kunne melda at det hadde vore forferdeleg turbulens, så eg har det nok best der eg er. Ho hadde forresten klart å gløyma bagasjen sin på flyplassen, men den snille bussjåføren ho var blitt kjend med på vegen der i frå henta sekken på neste tur og leverte han på hotellet. Eg er ikkje den rette til å spørja nokon korleis i all verda det går an å gløyma gabasjen sin på ein flyplass, for det har eg gjort sjølv…
Det legg seg alltid eit mildt vemod i huset når ungdomane har reist att, det er så fint å ha dei her. Samtidig opnar tida seg slik at eg og sekretæren min kan få jobba med viktige saker utan å bli forstyrra og utan å bli frista til å avbryta arbeidet til fordel for eit slag Bezzerwizzer…
Eg sluttar aldri å forundra meg over vår venn tida som bare går forbi. Diktet øverst er ikkje ferdig, men sidan eg var i delehumør akkurat nå, så får det stå som det er. Det er fint å vera kreativitetsarbeidar, sjølv om få ting får tida til å springa så fort forbi. Eg er fullt klar over at tida kjem heile tida og at det er tida eg til ei kvar tid bur i. Likevel tillet eg meg å undra meg over kor fort det heile går, og til og med til å skriva om det…
Eg er ferdig med manuset til kveldsgudstenesta i Brynekyrkja neste sundag der temaet er «Ei truverdig kyrkje?» Eg oppdagar at temaet er så stort at eg mest ikkje veit korleis eg skal fanga det i løpet av ein times tid, men nå har eg teke nokre val. Eg er klar, Torhild er klar og Randi Engelsvold med band er klar. Leif skal bidra med bilete og han er ikkje klar, men han jobbar minst like godt som meg under press, så han kjem til å bli det. Det kriblar i magen når eg tenkjer på arrangementet som er i grenseland av komfortsona mi, men sidan eg ikkje driv med fallskjermhopping eller tindebestigning så må eg driva med min eigen variant av ekstremsport.
På onsdag skal eg opptre på smiekveld på Undheim, men der er har eg bare eit av innslaga i eit større program, så det gruer eg meg ikkje til. Eg skal lesa dikt og fortelja. Elles så sit eg her og jobbar med ei stor mengde dikt som kanskje blir ferdige sånn etterkvart og med boka som elevane på skapande skriving i kulturskulen skal gi ut nå i vår. Det siste er veldig kjekt arbeid, men samtidig veldig arbeidskrevjande. Det er spennande å vera «kreativitetsarbeider». I løpet av eit år kan eg skriva mange tekstar og gjera mange rare ting som eg kastar til andre som tek hys. Så er det opp til dei å laga musikk til, framføra, arrangera, dramatisera eller noko liknande. Så plutseleg så kan alt vera ferdig samtidig og det drysser inn songar og andre ting som eg nesten heilt hadde gløymt. Nokre gonger skjer det veldig mykje samtidig, og plutseleg kjem det mange forespørslar samtidig om å laga tekstar, lesa dikt eller fortelja. Eg liker å seia ja til ting, men det hender at eg må begrensa eller ikkje har tid.
Den siste veka har eg fått med meg mykje kreativt arbeid som ikkje kjem frå meg sjølv. Andre påskedag var eg og jentene på kino i Stavanger og såg filmen «Den tilfeldige rockestjernen», ein dokumentar om Kaisers Orchestra med spesielt fokus på Helge Risa, mannen med gassmaska. Det var ein varm og fin film som eg anbefalar andre å få sett.
Eg har laga små dokketeater med dei tospråklege elevane mine med temaet eventyr. Dokketeater er noko eg blir meir og meir glad i å driva med og som eg gjerne skulle læra meir om.
Eg fekk og med meg «Eit møte med kunstnaren Sissel Ruud» i Tjensvoll kirke. Eg kjenner Sissel frå før, og hadde ein kjempekoseleg kveld på Tjensvoll saman med Inger. Eg har fått lov til å fotografera, men bileta er sjølvsagt veldig mykje finare når ein ser dei som dei er og ikkje går omvegen via mobilen og bloggen min. Eg torer ikkje garantera at fargane er rette, men dette skulle i alle fall gje eit inntrykk. Dette er collager, som mellom anna er bygd opp av gamle serviettar. Eg fekk veldig lyst til å prøva på dette sjølv.
Og nå når det nettopp har vore påske, tek eg med meg eit bilete av altartavla i kyrkja og.
Sissel viste fram ein koffert med ting ho samla for å laga collagar og collagrafiar. Det er godt at det finst fleire samlarar enn meg der ute. Sjølv har eg problem med å kasta noko som helst fordi eg ofte har tusen idear om kva det skulle brukast til. Eg har ofte ønskt meg ein verkstad med masse hyller og skuffer til rare ting ein kan laga collagar av, eit bord til å arbeida på, ein symaskin og ein biletvev. Dersom dette var noko eg verkeleg, verkeleg ville, så hadde eg vel fått det til… Det er fint å ha draumar… I kofferten under ser du forresten nokre av trykkplatene til Sissel og.
Elles takkar eg Gud for alle bilete og tekstar som kan ryddast inn i verda via datamaskinen min… Tenk så mykje eg ville hatt flytande rundt meg av papir og tekstar om eg ikkje kunne putta det inn her.
Nå får eg jobba vidare. Eg håpar eg får meg ein tur ut i våren og før det blir kveld.
Heidi
From → barn, Barna mine, Gjengløymde ting, kunst, kyrkja, Poesi, Skriving, Skule, våren