Skip to content

Langfredag, påskeafta og alt det fine

april 5, 2015

image

For ein fin påske me har hatt kva veret angår og. Det har vore så fint å vera ute på tur og sjå at naturen smått om senn faktisk vaknar til liv i år og. Då eg var lita lærte mor meg at denne vesle sola av ein blom heiter leirfivel. Nå seier vel dei fleste hestehov. Løvetann har eg og sett, eller hestablom som det heitte på førstespråket mitt, og så heitte det merkeleg nok sauablom då eg familien min flytta halvanna mil frå Bryne til Ålgård. Kanskje det var meir sauer enn hestar på Ålgård?

image

På langfredag har me ein mangeårig tradisjon med Torhild og Per Magne om å eta frokost i lag på langfredag. Nokre gonger bad me med oss fleire familiar og, og hadde ein heil flokk med små og litt større barn rundt bordet som me åt i lag med, utførde små formingsoppgåver saman med og song påskesongar saman med. I år var det det første året absolutt ingen av barna våre hadde tid eller lyst til å vera med. Me vandrar inn i nye landskap når det gjeld livsfasar. I år var påskefrukosten på hytta på Tjørn, så me la ut relativt tidleg frå heimen med nysteikte rundstykke, appelsinjus og litt pålegg i bagasjen. Oppe på hytta venta det oss knallgule egg og ovnsvarmt nybakt brød.

På vegen heim tok me ein avstikkar ut til kysten for å få oss ein liten spasertur i det fine veret.

image

Slik ser kystlandskapet ut oppe frå Høgjæren. Som ikkje heilt subjektiv innbyggjar, så vil eg påstå at landskapet her er utruleg vakkert.

image

Me kjørde ut til Brusand og gjekk inn ein grusveg like ved «Hitlertennene», desse store steinane og støttene som vart sette opp av tyskarane under krigen for å hindra at dei allierte skulle gå inn med tanks.

image

image

Nede ved sjøen var landskapet veldig vakkert med både sandstrender og rullesteinsstrender. Me oppdaga at der har me av ein eller annan grunn ikkje vore før, og at dit må me utan tvil dra ned att ein dag me har tid til litt lengre turar.

På sundag var det eg og Anne Mette som la i veg ut på tur. Me gjekk over den vesle hengebrua ved Hå gamle prestegård.

image

Så gjekk me grusvegen ned til havet, og ein tur langs stranda til Nærland.

image

image

image

image

image

Me hadde heldigvis tid til å sjå på kunsten etterpå, og til og med til litt te, kaffi og kaffimat i kafeteriaen etterpå. Hå gamle prestegård er ein av yndlingsplassane mine her i denne verda. Eg burde sjølvsagt ha namnet på kunstnarane når eg nå snikviser litt av kunsten, men håpar verknaden av bileta er at mange får lyst til å reisa ned sjølv for å oppleva det same.

image

image

image

image

image

image

Mummimamma beundrar mummipappa? Eg har forresten alltid hatt sansen for den dama med syltetøy i handveska i tilfelle nokon skulle trenga akkurat syltetøy den dagen, og nok hjartevarme til at usynlege barn langsomt og gradvis blir synlege att…

image

Og inne i kafeteriaen var det fint pynta til påske.
Sjølv måtte eg etterkvart skunda meg for å dekkja bord heime og for å gjera klar for familiemiddag for hund og tre generasjonar menneske.

image

Og forøvrig med servering av påskeegg til firbeinte barn og påskeegg til tobeinte barn mellom tjue og tjueåtte år…

image

Det er viktig å halda fast på tradisjonar, sjølv om det var eit lite brot på akkurat dei at påskeegga kunne finnast allereie på påskeafta. I alle år har eg gøymt dei bak gardin og sofaputer natt til første påskedag.
Og så får folk tyggja sjokolade og marsipan til det nesten tyt ut øyrene dei dagane det er att av påsken, så ventar det vel eit sunnare liv rundt neste sving…

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: