Gå til innhald

Pinsedag

mai 24, 2015

image

Pinsedag er ein litt merkeleg dag. Det blir opna nokre luker frå våre trauste kvardagar til det me kanskje mest av alt kjenner som eit mysterium. Lenge var læra om Den hellige Ånd eller Den heilage Ande på nynorsk eit litt lukka og nesten litt skummelt mysterium for meg. Tunger av eld over hovuda, tale på andre tungemål, kva var dette for noko då? Det var best å halda seg på litt trygg avstand og konsentrera seg om det jordnære og kvardagslege.

Framleis er Heilaganden eit mysterium for meg, eit av dei mange mysteria som omgir livet. Desse lukene til det heilage, alt det me ikkje forstår, er for meg ein god ballast i kvardagslivet. Det er beroligande å konstatera at det er mykje me ikkje forstår, og at det faktisk er ein naturleg del av det å vera menneske at det meste forstår me sannsynlegvis ikkje. Det er på ein måte fint og trygt å godta at det er mykje eit menneske ikkje kan gripa heilt med tanke og fornuft, og det er meir fint enn skremmande å tru at det er dimensjonar i livet som er så store at dei er ubegripelege for ein menneskehjerne.

Eg tenkjer nå på Heilaganden som noko av det me ikkje kan forklara heilt med ord. Det er beslekta med det mange kallar intuisjon og magekjensle. Eg trur faktisk på ramme alvor at me plutseleg kan få ei innsikt, eit innfall eller ei innskyting som gjer at me endrar kursen bittelitt og plutseleg er me ein stad me ikkje hadde planlagd å vera, med ei kjensle av å vera på rett plass.Det er litt i slekt med det mange kallar skjebnen. Dersom ein plutseleg møter eit menneske ein ikkje hadde møtt dersom vegen hadde gått rett fram slik me hadde tenkt han skulle, og det viser seg at det skjer eit møte mellom to menneske som ingen ville vore forutan. Då er både eg og skjebnetrutilhengjarane tilbøyelege til å tenkja at «Det var nok slik det var meint å vera.» Eg trur at me lyttar for lite til det som er å finna når alt er stille rundt oss. Det me høyrer når alt er stille kan ein kalla ulike ting. Ein kan kalla det sine eigne tankar, ein kan kalla det sine eigne erfarinar, magekjensla intuisjonen eller til og med Gud sin stemme. Eg er blitt litt flinkare enn eg var før til å lytta når alt er stille. Det gjer meg godt.

I dag var me på pinsegudsteneste. Eg har skrive eit dikt om Heilaganden, og Stein bad meg om å lesa det som ein del av forbønsdelen i gudstenesta. Det gjorde eg med glede. Diktet er slik:

Blås på meg, Heilage Ande

Blås på meg, Heilage Ande.
Blås meg nedover gata
så eg kjem på rett plass.

Ver den kvite dua
eg kan fylgja etter på tå
utan å forstyrra eller skremma.

Vis veg,
Gløym ikkje å bruka meg.
Varm hjartet mitt
nok til å toøa ruskever.

Gjer hovudet
kaldt nok til klare tankar
om det eg ikkje veit
at eg veit.

Ver krafta
eg ikkje står i mot,
og vakt mine innfall.

Ver kjærleiken
eg ikkje har ord for
Og den som styrer lengten.

Ver flammane
over håret mitt
og elden lengst inne i magen.

Blås på meg, Heilage Ande.
Fyll meg med din fred
og med din uro.

Heidi

image

Dei fine blomane på bileta fekk eg i går då eg fylde året. Den fine vasen fekk eg og. Eg er takknemleg og glad.

Gudstenesta i dag var så fin. Eg kjende på denne varme uroa som dukkar opp av og til og trigger kreativiteten min. Eg bestemte meg for at når eg kjem heim så vil eg prøva å skriva ein pinsesalme. På eit punkt i dagen hadde eg ro rundt meg til å gjera det. Eg er nok ikkje i mål, eg trur det må pussast meir på, men sidan det er dagen for mysterie og intuisjon, så byr eg rett og slett på det foreløpige resultatet slik det er akkurat nå. Kanskje nokon har innspel…

Du vind som bles på pinsedag
og kviskrar lett og fritt,
i grøne tre av alle slag
som fann at lauvet sitt,
ser livet vakna opp på ny,
ser dogg-grønt gras i morgongry,
ser alt det gode Gud har skapt
ser frukttre bløma kvitt.

Du vind som bles frå syd og nord
kom finn meg, her er eg.
Eg er eit barn av pust og jord,
og lengten bur i meg.
Kom finn meg, blås meg dit du vil,
kom før meg dit eg høyrer til,
i alt det gode Gud har skapt,
kom finn meg vis meg veg.

Du Heilag Ande, gi oss mot,
og vis kor me skal gå,
som fugl har veng og tre har rot
som dei kan kvila på.
Fyll opp vår kraft, vår lengt vår tru,
så me i tillit trygt kan bu
i alt det gode Gud har skapt
i tida som er nå.

Heidi

17645949379_9ef727622c_o(1)

From → blomar, Mot, salmar, Tid, Tru, våren

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: