Skip to content

Vondskapen sine mange problem og Rigasommar

august 3, 2015

image

Dette må vera den vermessig mest perfekte dagen me har hatt i sommar. Himmelen er skyfri og sola varmar lufta opp til den mest behagelege sommartemperaturen som tenkjast kan på sånn bortimot 25 grader. Me bur i det som blir kalla «Art noveau- stroket». Og sånn nesten rett over gata kan ein beundra denne husfasaden. Det me har vore med på i føremiddag står i grell kontrast til alt dette.

image

Me har vore på eit totimars langt besøk på KGB- museet her i byen. Det me såg og høyrde rysta oss langt inn i sjela. Eg trur me begge var fysisk kvalme då me gjekk der i frå. Bygarden der KGB hadde hovudkvarter i Riga blir nå brukt som museum. Me får gå inn i fleire av roma, mottaksromet, avhøyrsromet, cellene, luftegarden, kjøkkenet, henrettingsromet og ein del av kontora. Eg visste jo at dette har vore gale, men det eg høyrde i dag var mykje verre enn eg hadde forestilt meg. Det er og annleis å sjå, høyra, oppleva og kjenna lukta i dei roma der det faktisk foregjekk.

Mistenkte vart henta, gjerne om natta og gjerne i ein bil det stod «Bakeri» eller «Meieri» utanpå for ikkje å vekkja oppsikt. Så vart dei avhøyrde, ydmyka, trua, slått, sparka og utsette for psykisk tortur til dei innrømma det dei ville dei skulle tilstå. Det vart gjerne trua med at foreldra, ektefellen eller barna kom til å lida skade dersom dei ikkje tilstod. Ein av torturmetodane var å nekta dei søvn i mange døgn etter kvarandre. Ein del av cellene var felles- celler med fire harde tresenger utan sengetøy og ei dobøtte i hjørnet. Her kunne det vera opptil 30 fangar samtidig. Dei haldt konstant ein temperatur på 40 grader i cellene, og dei var belyste dag og natt med lyspærer som gav ekstremt sterkt og ubehageleg lys. Me fekk kjenna belysninga, det var ubehageleg sjølv når me hadde lukka auge. Fangane var under konstant tilsyn, og dei fekk ikkje lov til å skriva, teikna eller synga. Ein gong i veka fekk dei vera tjue minutt ute i ein liten luftegard, men under luftinga måtte dei marsjerande rundt og rundt med bøygde hovud medan bevæpna soldatar stod på ei bru over luftegarden og fulgte med.

Kunstnarar var spesielt utsette for å falla i unåde hos KGB fordi film, teater, litteratur og liknande kunne føra folk på gale vegar reint tankemessig. Det å utøva religion vart og sett på som farleg. Utrivne sider frå aviser, bøker og biblar vart brukte som toalettpapir i KGB – fengselet, og det vart sett på som ein alvorleg forbrytelse å gøyma unna slikt papir for å lesa på det.

image

Det er skremmande korleis kommunismen, som jo på mange måtar var tenkt som eit system der folket skulle ha det godt å bli ivaretatt, kunne utvikla system av maktmisbruk og der folket vart haldne nede med angst og frykt. Det er og skremmande å tenkja på at dette har skjedd sånn omtrent i nåtida og i land som geografisk sett ligg så nære vårt eige.

Guiden, som sjølv var for ung til å ha opplevd dette, fortalde at KGB- hovedkvarteret i Riga var eit forhatt hus. Mødrene ville be barna sine om å ikkje sjå på den bygningen når dei gjekk forbi på gata.Likevel var mange av dei som jobba der etniske latviarar. Det å vera så høgt oppe i systemet gav dei mange fordelar. Eg kan ikkje la vera å grubla over korvidt dei som var i slike posisjonar sjølv trudde på det dei dreiv med. Var dei idealistisk overbeviste om at dei jobba for folkevelferd og framskritt, eller var dei hjelpelaust fanga i eit system dei ikkje kunne koma ut av igjen? Det einaste hotellet utlendingar på besøk i Riga fekk bu på, var eit fint hotell kalla «Hotel Riga». Etter frigjeringa i 1991 vart det funne avlytningsutstyr i veggane, og på nokre av roma var det einvegsspeglar slik at agenter kunne sitja på eit tilstøytande rom og observera mistenkelege gjester.

Dette seier meg noko om kva vondskap som kan utvikla seg i eit system skapt av tilsynelatande fornuftige og velmeinande menneske, og om kor farlige system kan bli når det ikkje er lov å tenkja sjølv eller stilla kritiske spørsmål. Det ligg utruleg mykje makt i det å halda menneske nede med eit system som byggjer på frykt og angst. mennesket er eit flokkdyr som kan utretta grusomme ting om me er mange nok til å overbevisa oss sjølve om at det me gjer er etisk forsvarleg. Eit verkeleg ubehageleg spørsmål er om me sjølve er med på å oppretthalda grunnleggjande uetiske maktstrukturar som går ut over uskuldige menneske…

Etter nokre timar i dei dystre og grå KGB- lokala, til dels utan dagslys, var det deilig å forsiktig kunna omstilla seg til sola og sommaren, og gå litt i nokre av dei fantastiske parkane her.

image

 

Det var og befriande å høyra nokre oppbyggelige historiar. Dette fine paret med hund fann me i ein park. Me spurde ei forbipasserande dame kven det skulle forestilla.

image

Ho kunne fortelja at mannen var ein høgt elska borgarmeistar i Riga på begynnelsen av 1900-talet. Han var opprinneleg engelsk og son av ein rik jernbanemann. Han testamenterte alt han åtte til byen Riga. Då det på begynnelsen av 2000- talet vart bestemt at denne statuen skulle lagast, tok bilethoggaren seg den fridommen å laga hunden etter modell av sin eigen kjære Chow- Chow , sjølv om borgarmeistaren i si tid nok hadde hatt ein heilt annan type hund. Då skulpturen skulle avdukast, vart dronning Elisabeth 2. henta til Riga for å utføra det ærefulle oppdraget.

Sidan me nå bur på hotell utan frokost hadde me nesten ikkje ete. Me fann ut at eit bord ein stad i sola på ein uterestaurant i parken ikkje høyrdest dumt ut.

image

Dette smakte fantastisk godt. Tomatsuppe med mozzarella laga på friske tomatar, ostekrokettar, grilla cherrytomatar og latvisk brød.

image

 

Sjå nærare på dette brødet, latvisk rugbrød med ibakte fiolblad, eller kan det kanskje vera kornblomar, og lysegrønt urtesmør. Brødet med smøret på hadde nesten vore eit gourmetmåltid nok i seg sjølv. Så kom me til gamlebyen, og då takka mobilbatteriet for seg. Nå er det nylada, og me må heilt klart dit igjen.

I det som heitte klostergata, Iela klostera, må vel bety det, var det ei gammal kyrkje, men den var stengt i dag. Rett over gata var det ein bygning og der var det ein plakat som på engelsk og latvisk fortalde at dette var eit bønekapell som var ope 24 timar i døgnet. Inne var det eit altar der det var store blomsterbukettar med mellom anna store liljer. Så var det trebenkjer med kneleputer der folk kunne setja seg ned eller knela for bøn og ettertanke. Eg liker tanken på at det er eit slikt rom i byen. Me var der ei lita stund og var stille. Først då me skulle gå oppdaga eg at det sat ein mann bakerst i romet. Eg hadde faktisk ikkje lagt merke til at han var der, og er usikker på om han haldt vakt eller var der for å be.

Nå har me hatt ein liten lade- skrive- og kvilepause alt etter kven sin synsvinkel me ser det i frå. Nå går feriedagane våre med stormskritt, så nå må me ut og oppleva meir…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: