Gå til innhald

Sundag i Tallinn og på bussen

august 2, 2015

image

Dagen begynte med å frakta koffertane våre til bussterminalen. Den låg så pass langt unna at me spanderte på oss ein drosje. Så gjaldt det å få stabla koffertar, handbagasje og dei nyinnkjøpte paraplyane inn i ein oppbevaringsboks. Etterpå hadde me tre- fire timar på oss til bussen skulle gå, så me la ut på byvandring med retning gamlebyen. Me kom over ein lokal sundagsmarknad der dei mellom anna selde gigantiske melonar. Ei eldre russisk dame med skaut og sjal auste opp glas med sylteagurkar til kundane. Andre selde sjølvplukka bær og kantareller. Klede og sko var det og å få kjøpt, både gamle og nye. Det lukta av frukt og bær og sopp.

image

Vegen opp til gamlebyen gjekk over blomstertorget. Her var flotte fargar og fine blomar til ein brøkdel av det me betalar heime. Eg merka meg at ein del blomar var unaturleg blå og må ha vore kunstig farga. Intenst himmelblå roser kan då umogleg vera ekte. Dei har nok fått stå ei stund  i blåfarge vatn. Framor ei av bodene stod det skilt om at fotografering ikkje var lov. Eg lurde på korfor. Var dei redde for kopiering av bukettar? Eg kom fram til at det sikkert er irriterande med mange fotograferande turistar slike som meg, som ikkje har tenkt å kjøpa blomar og nesten går i vegen for kundane.

image

image

I gamlebyen var det konsert på torget i dag og. I dag var det to syngande menn på scenen med kvart sitt trekkspel. Eg trur eg kan karakterisera publikum som godt vaksne, men svært entusiastiske.

image

image

Til mi overrasking var det like mange torgboder i dag sjølv om det ver sundag. Fleire av dei hadde på seg folkedrakter. Ei dame i folkedrakt stod og strikka vottar i gamle mønster, ei anna dreiv med nålebinding. Det har eg alltid hatt lyst til å læra meg, så eg prøvde å få med meg korleis ho brukte nåla.På veg tilbake til bussterminalen kom me forbi denne plassen:

image

Det er ein kattekafe. Eg har høyrt om slike, men aldri sett dei før. Her kan ein slappa av med mat og kaffi mellom mange kattar som held til i lokalet. Det låg fleire kattar og koste seg i vindauget og inne var det endå fleire. Me kom rett frå kafé ein annan plass, men det stoppa ikkje reisekameraten min, han ville inn og sjå. Det viste seg at me måtte slusast inn gjennom ei dobbel dør slik at kattane ikkje skulle springa ut. Der inne var det katteleiker og katteputer i tillegg til vanlege kafebord. Ei dame leikte med to av kattane. Ho fekk dei til å springa rundt på golvet for å prøva å fanga lysstråla frå ei laserlykt. Det var nesten litt flautt å forklara at me bare hadde lyst til å sjå og at me ikkje skulle kjøpa noko. Me passa på å bli slusa ut saman med nokon som var ferdige med å drikka kaffien sin. Kattane såg ut til å leva det gode liv der inne blant katteelskande kafegjestar. Det dei såg ut til å mangla var retten til å gå ut og inn som dei ville, vår katt lever eit fritt liv langt borte frå storbyen og let seg ikkje kommandera. Kanskje dette kunne vera ein alternativ næringsvei for oss, katten og kattane i nabolaget pluss kanskje ein mops om me skulle gå trøytte av undervisning…

image

Til slutt var klokka så mange at me kunne setja oss på ekspressbussen til Riga for ein fire og ein halv times lang busstur. Eg var litt spent på konseptet, men det fungerte veldig bra. Bussen var høg med store vindauge og god oversikt. Det er ikkje mange motorvegar i Estland og Latvia, så turen gjekk gjennom vanlege bustadsområde og for det meste på tofilsvegar. Det vil seia at det var både storkereir og andre kjekke ting å studera frå bussen. Dei reklamerte med gratis varm drikke gjennom heile turen. Det trur eg ikkje blir dyrt for dei for nesten ingen orka å stå i midtgangen på svingete vegar å søla med teposar, kaffipulver og kokande vatn.

image

Nå har me fått «ny heim» i Riga. Me bur litt enklare denne gongen, på eit hotell utan frokost og med do og dusj på gangen. Det ligg fint til og er billig og har fått god omtale. Riga virkar å vera ein spennande by, sjølv om det var ei sorg å reisa frå Tallinn. Her gjeld det å vera omstillingsdyktige…

image

Elles så er leselektyren min mellom anna to bøker av Mor Theresa. Ho var interessante og utfordrande vinklingar på livet. Det skal eg skriva meir om ein annan gong. Elles så får de vera litt ekstra overberande med tanke på skrivefeil i desse  epistlane. Her er det mange hindringar; ein overaktiv stavekontroll, skiftande tilhøve for internett og til dels tungvinte metodar for å få til å lasta opp bilete. I tillegg skal det skrivast inn med ein fing på ein i-pad- mini. Dette å skriva reiseblogg er ein litt merkeleg og fiks ide mi side. Som de forstår, så koser eg meg nok over gjennomsnittet mykje med det å skriva…

Heidi

From → Reiser, sommar

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: