Gå til innhald

Snart 17.mai

mai 16, 2016

image

Om mindre enn ein time er det 17.mai, og eg må bare innrømma at så lite 17.mai-førebuingar som det eg har prestert i år kan eg ikkje hugsa å ha vore med på nokon gong. Det var nokså annleis då fire ungar skulle pyntast til å gå i tog og me sjølv skulle levera smørbrødfat og kaker både her og der og var i styret for skulekorps og var foreldrekontaktar, og skulle ha heile storfamilien på feiring i stova. På den tida dreiv framleis russen og vekte lærarane sine natt til den store dagen, og ungar som blir vekte midt på natta har ikkje veldig lett for å sovna att når dei veit kva for ein dag dei snart skal vakna til…

Nå er me i ein heilt annan livsfase, både heldigvis og dessverre, for visst var det kjekt. Me kunne ha invitert masse folk og pynta fint i heimen, men akkurat i år vart det litt på sparebluss.

Leif har masse rettearbeid, og eg hadde boka frå skapande skriving som eg gjerne ville bli ferdig med. Eg og Cleopatra har jobba nesten heile dagen. Ho er forsøkt jaga vekk, men ein dag på tastaturet er bortimot det beste ho veit og gir seg ikkje så lett. Med jamne mellomrom må eg radera vekk kryptiske ord og lange rekkjer med bokstavar som ho plutseleg har skrive på mine vegne. Eg held moglegheiten open for at ho plutseleg ein dag skal ha skrive noko klokt og skjelsetjande, eg trur då på under… Det dyret er eit godt eksempel på oppdraging med masse kjærleik, men med manglande grensesetjing. Eg får skulda på at eg må vera grensesetjande i så mange andre rom i livet…

image

Om nokon skulle tolka innlegget dit hen at dette året skal eg ikkje feira 17.mai, så er det heilt feil. Eg har eit mjukt hjarte for barnetog, musikkorps, bjørketre, norske flagg og høgstemt mannskorsong i radioen. Stol på at eg skal få min porsjon med nasjonalisme i morgon. Eg har til og med bakt ei rabarbrakake som eg akkurat tok ut av ovnen og har sveipa over kjøkengolvet med ein våtmopp med hurtigklut som luktar grønsåpe. Eg har ein mistanke om at kaka ikkje er heilt som ho var tenkt å vera, men med krem på toppen kan det koma til å bli bra likevel.

Sidan det nå er mindre enn ein halvtime att til klokka på datamaskin og mobil viser at det er blitt den 17., så kostar eg på meg eit vers av den songen eg gjerne ville hatt som nasjonalsong:

Gud signe vårt dyre fedreland, og lat det som hagen bløma,
lat lysa din fred frå fjell til strand, og vetter for vårsol røma,
lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma.

image

image

Og idet eg skreiv meg ferdig vart eg innhenta av litt sentimentalitet, så eg måtte finna fram to gamle bilete…

God 17.mai. Akkurat nå kryssar klokka datogrensa 🙂

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

´

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: