17.mai
Det har vore ein fin syttande mai. Eg starta dagen med å sjå barnetoget i lag med denne fine bunadskledde gjengen frå jobb. Oisan, der hadde viss Dagny auga lukka. I det heile tatt lite blikkontakt å få med desse blide damene.
Så me får hiva på eit til, sjølv om ikkje Kari hadde dukka opp då dette vart teke. Ingenting er som eit barnetog, og i år regna det ikkje ein gong. Sidan det er blitt oppfordra om å ikkje leggja ut syttande mai- bilete av barn utan å få foreldra si godkjenning, så får denne gjengen få representera alle dei fine ungane eg har sett i dag…
Etter barnetoget far det først brunsj hos syster May Brit og etterpå kaffi og kaker ute i sola hos broder Jan, så det vart ein skikkeleg familiedag sjølv om alle dei eg er mor til hadde anna program enn å vera i lag med oss. Odd Christian kom innom i kveldinga, det var kjempekoseleg. Ein liten fotosafari vart det og tid til, og her kjem mine litt uortodokse bilete frå nasjonaldagen:
Dei første løvetennene er alt på veg inn i sistefasen. Dei er då veldig fine då og, med nesten sirkelforma bomsterkroner klare til å sleppa sine kvite stjerner ut til nytt liv.
På Træe er det og fint om sommaren. Det minner oss om kor enkelt mange levde i denne delen av landet for ikkje så altfor lenge sidan. Træe var forresten ein husmannsplass og akkurat det er litt utypisk for Jæren, dei fleste her hadde eiga jord sjølv om det var enkelt og fattigsleg.
Lam er noko av det finaste eg veit. Det er eit sprettande teikn på vår og ventande sommar.
Med litt trøytte bein gjekk me inn for landing på kvar vår sofa framfor storskjermen på loftet. Leif har funne ein fantastisk dansk serie – 1864, som ligg på netflix. Temaet er krigen mot Prøyssen der Danmark for godt tapte Schlesvig- Holstein. Eg anbefalar denne til alle som er glade i god film. Eg har faktisk nesten ikkje vore i dette romet etter jul, og oppdaga til mi forferding at den fine broderte juleduken etter svigermor låg på bordet framleis… Nå er han pakka ned, men det gjekk bokstaveleg talt både vinter og vår før han vart oppdaga… Dette til trøyst for andre husmødre og husfedre som ikkje sitt heilt støtt i perfeksjonssalen… På biletet observerer eg at det jammen heng eit julehjarte i taket og… Det er godt å ha noko å utretta sånn etterkvart…
Heidi