Pinsedag
For meg er pinsen og ei religiøs høgtid. Her hos oss fell denne saman med at våren er her for fullt, ho treff oss ein stad i skjeringspunktet mellom vår og sommar, og det gjer tankane om at alle ting skal bli nye endå sterkare.
I dag skulle eg ha sundagsskule saman med Ruth, eg hadde og ansvar for at kyrkjeløva vår dukka opp, og at ho hadde noko å formidla til dei av oss som var der. Det viste seg at kyrkja var nesten tom for barn, dei fleste var kanskje bortreiste, men heldigvis var det to små feriegjester der som gjorde at me fekk ei fin stund saman med opning av skattekiste, dokketeater, song, teiknehistorie og laging av kvite duer.
Etterpå skunda eg meg ut av bilen for å koma nokonlunde på tida til dagens neste oppdrag, å selgja lodd for vennelaget på Hå gamle prestegard. På turen ned tenkte eg at nå er alt så vakkert ute at ein kunne ha lyst til å setja seg ned og gråta. Bjørkene og graset lyser grønt, kirsebærtrea blømer i kvitt og rosa, løvetennene lyser gult og rampete frå alle grøfter, lamma er ute på markene og havet blenkjer i sola.
Då eg kom ned, såg det slik ut som dette, det som ikkje framgår av biletet, er at det var bitande kaldt i nordavinden. Utan nordavinden og regnet måtte me då kvalifisera til å vera det fremste turistmålet her i landet. Eg lurer på om nordmenn flest veit kor blendande vakkert det er på Jæren i mai.
Eg fekk meg eit loddsalsbord i inngangsromet, og utsikta var det lite å seia på. Akkurat som eg hadde sett for meg, så var dei fire-fem timane med loddsal avslappande, rolege og fine. Det var forholdsvis lite folk der, kanskje på grunn av den kalde vinden, men dei som dukka opp var blide og vennlege. Snille Bjørnar som sat og selde inngangsbilletter kom fleire gonger for å fylla opp kaffikoppen min, og når det var tomt for folk fekk eg sjansen til å prata med han.
Eg sat der og såg ut på sjøen, prata med potensielle loddkunder, selde litt lodd innimellom, las litt i ei bok eg hadde med, og skreiv side opp og side ned i notatboka mi. Det var ein fin plass å sitja og skriva. Eg kjende mens eg sat der at eg måtte ut og vera litt i vinden og veret før eg kjørde heim.
Strandnellikane hadde begynt å bløma, og fargen på dei stod perfekt til dei gule løvetennene og det intenst grøne, nye graset.
Det gynga godt over hengebrua i dag, og eg fekk ikkje til å fotografera verda i rett vinkel. Siden eg ikkje er heilt rettvinkla alltid sjølv heller, så får biletet vera med likevel.
Eg hadde tenkt å ta mange fine bilete, men på dette punktet svikta mobilbatteriet og skjermen gjekk i svart. Resten får eg fotografera ein annan gong. Det er ein fin avslutning på ein sundag at vaksne barn kjem heim på nysteikte vafler. Nå etterpå har eg fått tid til å skriva litt. Nå har eg frykteleg lyst til å laga ein collage. Kanskje eg kan unna meg såpass sidan det er fri i morgon. Fortsatt god pinse!
Heidi