Gå til innhald

21.mai

mai 21, 2017

I kveld skal eg fatta meg kort, for nå er det bare fem og ein halv time til eg skal opp igjen… Eg har jobba med presentasjonen om Alf Prøysen som eg skal ha for åtte grupper med tredje- og fjerdeklassingar denne veka. Eg har lese biografiar til auga blir store og trøytte og kloke, og har problem med å leggja det i frå seg. Eg er djupt fascinert over både livet og forfattarskapet til Alf Prøysen. Eg håpar eg får til å gjera det interessant for ni- og tiåringar og.

For meg har han vore ein viktig person heilt frå eg og bror min sat ved radioen på Bryne og  høyrde på Barnetimen for dei minste, rista sparebøssene og song saman med han:
Å du gode sparegrisen min, nå skal du få toøringen din, la meg bare riste dei til første verset slutter…

For ikkje å snakka om Kanutten og Romeo Clive. Eg visste at Alf Prøysen var Romeo Clive, men eg trur det gjekk litt tid før eg fann ut at Kanutten var Anne Kath Vestly som fortalde i barnetimen om Aurora og Ole Aleksender Filibom-bom-bom.

Image result for Kanutten

Aller øverst ligg ein av dei finaste Prøysen-songane eg veit om; Blåklokkevikua.
Før trudde eg at det handla om ei vik full av blåklokker, men forstod etterkvart at det rett og slett handla om «Blåklokkeveka», ein periode mellom slåttonna og skuronna der blåklokkene blømde, sommaren var på det finaste, og dagane var litt rolegare og romslegare.

Nå kan me vel lengta til blåklokkevikua nokon kvar 🙂

 

Hei

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: