20.mai
Slik venner, farer livet med all verdens løvetenner,
først blir de ild,
så blir de sne,
og siden gamle menner…
André Bjerke
Kanskje dette innlegget er litt prega av at dagane tikkar ubønhøyrleg mot den datoen då eg må leggja på eit år når nokon spør om kor gammal eg er…
Me les i ei bok kvar morgon så sant me får tid. Denne veka var ein av utfordringane: Våg å vera det mennesket du er. Våg å vera akkurat så gammal som du er, så sårbar som du er, og så sterk som du er…
Det er rart at dette med å vera så gammal som ein er faktisk er ei utfordring for dei fleste av oss. Det er heldigvis ein heil del år til eg må spørja og svara som kongen gjorde i talen sin: Talet åtti, kva i all verda har det talet med meg å gjera? Sjølv må eg innrømma at eg seinast i dag såg på eit tal som rett nok var ganske mykje lågare og lurte på kva det hadde med meg å gjera…Eg trur det er ei slags skjult sanning i at me heilt oppriktig gløymer kor vaksne me har blitt, men at alle andre ser det. Sjølv er me jo i den velsigna tilstanden at me i dei fleste av dagens timar stort sett bare ser oss sjølve frå innsida. Det er likevel blitt vanskelegare å stålsetja seg mot visse synsinntrykk enn det var før. Før i livet såg me spegelen koma og kunne ta på oss speglansiktet og trekkja inn magen. Nå står eg rett som det er og skal fotografera eit eller anna fint, og så kjem eg borti ein tast på mobilen som gjer at han kjem i selfiemodus. Sjølv om eg vil påstå at eg har ein relativt brukbar grad av sjølvinnsikt, så kan mitt eige bleike og usensurerte ansikt vera i overkant når eg har finstemt estetikken i blikket og står der og trur eg skal fotografera vakker natur…
Ein gong kom eg direkte oppgira heim og fortalde at eit menneske eg hadde blitt kjend med i jobbasamanhang, var sikker på at eg var minst ti år yngre enn eg var. Det kjendest som ei vitamininnsprøyting, som eg burde ha vore klok nok til å halda for meg sjølv. Etter at eg med ei viss glød hadde lagt fram situasjonen ved middagsbordet eller noko liknande, kom det tørt frå ein av ungane mine: «Slapp av litt mor, viss du lure så ser du nøyaktigt så gammale ud så du faktisk æ…» Eg må innrømma at eg kunne klart meg utan den realitetsorienteringa.
Alderen er bare eit tal, tenkjer kanskje den som les dette at han eller ho skal skunda seg å skriva i kommentarfeltet. Det er vel og bra at det er det det er, og tal er ikkje det som påverker verken meg eller livet mitt aller mest… Likevel, det er eit tankekors at me innerst inne som oftast ikkje ser med glede på det å vera akkurat så gamle som me er. Er me ikkje ansvarlege nok til å våga å bera alderen som nyttig livserfaring og takknemleg glede? I ein roman av Finn Carling er det skildra eit samfunn der alle med jamne mellomrom tek operasjonar for å sjå unge ut. Som ein slags motstraum er det ei gruppe menneske som let rynkene i ansiktet koma når dei vil, og let håret bli grått. Mange i samfunnet opplever desse menneska som svært provoserande og som bortimot ekle å sjå på…
Som ei trøyst til dei som held fast på at alder er bare eit tal, så er det mykje som talar for teorien at alder ikkje er så viktig og. Dersom eg les bloggen min frå ti år tilbake, ja til og med dagboka mi frå eg var atten eller tjue, så vil eg jo kunne konkludera med at den eg var då liknar meir på meg sjølv enn noko anna menneske som til ei kvar tid er jamnaldrande med meg. Det meste som eg skreiv for ti år sidan kunne eg har skrive i dag. Det får me til å tenkja at me kanskje lever litt for alderssegregert og er opplærde til å tru at folk på vår eigen alder er dei me har mest til felles med. Dersom me som er i femti-åra ikkje omgåst med åttiåringar eller trettiåringar fordi me trur me ikkje har noko til felles med dei, så kan me koma til å snyta oss sjølve for å finna venner som det ville vera veldig fint for oss å ha.
I dag kom Laila på besøk og hadde med seg denne fargerike koppen med ei flygande bokdame på i frodige fargar, teikna av Bjørg Torhallsdottir. Det passar godt her eg sit og førebur leseveka som me skal ha i den komande skuleveka. Og boka med skriveelevane mine? Den er bestilt og skal leverast 9. juni. Det er utruleg fint å koma i mål med store prosjekt. I kveld har eg nseten avslutta eit stort strikkeprosjekt og, bare monteringa står att. Eg stel systematisk tid frå meg sjølv og nettene mine gjennom å la meg totalt oppsluka av alt anna enn lysten til å leggja seg. Kanskje eg snart er gammal nok til å vita betre.
Så kjære lesar, du er hermed utfordra til eit spennande eksperiment. «Våg å vera akkurat så gammal som du er»- Heldige meg som omgåst så mykje med ungar og ungdomar. Det minner meg på kor kjekt det er å leika, og på at menneske i alle aldrar har nokså mykje til felles med einannan.
Heidi