Skip to content

Hjarte, vit og magekjensle

oktober 9, 2017

Mange timar med fred i sjela og brodering av dåpskjole har gjort at eg har fått høyrt ekstra mange fine radioprogram i sommar og i haust. I sist veke fekk eg med meg eit møte med forfattaren Tordis Ørjasæter som gjorde sterkt inntrykk på meg. Ho er nå nitti år gammal, men framleis frisk og vital. Ho har skrive ei ny bok om sonen Dag Tore som er autist og psykisk utviklingshemma. Boka har fått tittelen «Kjærligheten har sitt eget språk». Etterpå var eg så heldig å finna denne boka på det digitale biblioteket og har fått lesa ei ærleg, varm og klok kjærleikserklæring til sonen, og til livet.

For veldig lenge sidan lånte eg den første boka hennar «Boken om Dag Tore», som handlar om litt av det same,  i si tid gjorde denne boka sterkt inntrykk på meg. Eg har alltid hatt lyst til å jobba med barn med spesielle utfordringar, og då eg begynte på lærarskulen hadde eg i tankane at det var desse barna eg ville jobba med. Det tredje året mitt var då og ei fordjupning i spesialpedagogikk, der me mellom anna hadde praksis på ulike spesialskular, som det framleis fanstest nokre av på begynnelsen av åttitalet. Då eg kom i jobb, var det så kjekt å jobba med «vanleg skule» og «vanlege klassar», (som om slike skulle finnast i det verkelege livet), at det er det eg har gjort mesteparten av yrkeslivet mitt, vore lærar for alle variantar av vanlege uvanlege ungar, og eg har elska det. Eg har likevel alltid hatt ei spesiell interesse for dei som slit litt med å finna sin plass i firkantane me held opp for dei. Det kan kanskje ha litt med det å gjera at eg i grunnen aldri har vore så glad i firkantar eg heller…

Noko av det som er hjarteskjerande i Tordis Ørjasæter sine forteljingar om Dag Tore, er korleis ho sleit med masse skuldkjensle då Dag Tore fekk diagnosen autist. Ho hadde sjølv vore på forelesingar tidlegare der det vart slått fast at autistiske barn hadde «blitt slik» fordi dei hadde intellektuelle kalde mødrer som ikkje instinktivt hadde gitt dei den varmen og blikkontakten dei trengde som nyfødde. Dette var nemleg ei utbreidd forestilling i fagmiljøet den gongen. Guten hennar gjekk til og med gjennom regresjonsterapi for å gjenoppleva dei viktige fasene på ein rettare måte og koma heilare ut av det. Han skulle i ein periode drikka av tåteflaske og få lov til å grisa med avføreing for å på ny gå gjennom den orale og anale fasen. Dette høyrest merkeleg ut i dag, men på den tida trudde fagfolk at dette var det rette for Dag Tore. Etter eit vanskeleg svangerskap og ein hard fødsel hadde ho barnepleiar heime for å hjelpa til. Denne sikkert flinke dama, var overbevist om at det som var rett for spebarn var å bli tatt opp for stell og mating til faste tider og elles få ligga og skrika. Tordis Ørjasæter hadde lese om den nye trenden med sjølvregulering og amming når barnet gråt. Dette vart så vanskeleg at barnepleiaren vart sagd opp.  Seinare møtte ho mange ekspertar som var overbeviste om kva som var best for barnet. På den tida innebar det døgnplass på institusjon…

Eg skriv ikkje dette for å gjera narr av dei som har meint mykje om kva som er best for barn og foreldre. Eg held det bare opp som ein spegel for alle oss som gjerne vil gjera vårt beste, gjerne vil jobba profesjonelt og forskningsbasert, og i tillegg vera lojale mot systema me jobbar innanfor. Alt dette er vel og bra, men eg tenkjer og at i møte med menneske, enten dei er autistar, utviklingshemma, har adhd, er introverte, er ekstra kreative, ekstra sjenerte, ekstra hjartevarme, ekstra engstelege eller aggressive, så er det lov å bruka hjarte, vit og magekjensle i tillegg til alt det andre me har lært å bruka. Me gjer feil, og vil koma til å gjera feil, men måten me møter andre menneske på, enten me møter dei som elevar, naboar, foreldre i skulen, medlemmar av eigen familie eller som ein framand på toget, så har dei rett på respekt og varme. På jærsk har me eit ganske treffande uttrykk, «å ha heila vede». Er det noko me må passa oss for, så er det å tru at me har heile vitet…

«Ingen får dei barna dei har drøymt om», seier Tordis Ørjasæter, og legg til «og ingen får akkurat det livet dei har drøymt om». Me må elska dei barna me får som dei er, og det livet me får som det det er, nemleg livet vårt. Ho skriv at det å vera mor til Dag Tore er noko av det som har vore med på å gjera henne til det mennesket ho er og livet hennar til det livet ho har levd. Ho er takknemleg.

Det andre som gjorde inntrykk på meg i radioprogrammet var den ærlege framstillinga hennar av det å bli gammal. Ho har bestemt seg for å vera open for livet, ta kontakt med menneske ho møter og fortsetja å lesa, skriva og engasjera seg så lenge ho har krefter til det. Det er ikkje mange som skriv bøker i ein alder av nitti år. Likevel skriv ho om einsemda ein må takla som gammal, sjølv om ho har eit stort nettverk og familie ho er mykje i lag med, så blir det mange timar aleine, og slik må det vera. Ho fortalde og om sorga over å ikkje lenger kunna gå lange skiturar, stå opp om morgonen og ta ein lang symjetur aleine, og det å kunne skunda seg når det er glatt ute utan å vera redd. Alle desse småtinga som er med på å gjera eit liv til eit liv, og som endrar seg etterkvart som åra kjem. Ho fortel og om gleda over å oppleva at ho kan utvikla nye djupe vennskap til menneske som ho møter, og som godt kan vera mykje yngre enn henne. Ho fortel at noko av det ho er mest glad for er at Dag Tore, som nå er over seksti år, har sitt eige liv der han har det godt også utan henne. Ho kjenner at navlestrengen til eit barn som aldri blir vaksen på same måten som andre endeleg er heilt kutta. Ho fortel om det å leva aleine etter eit langt og godt ekteskap, og det å kunna kvila i ei Gudstru ho ikkje heilt klarer å definera eller setja ord på, men som kjennest trygg.

Eg blir så glad for å møta slike kloke, reflekterte og varme menneske, sjølv om eg av og til gjer det gjennom radioen eller gjennom bøker. Eg fekk rett og slett lyst til å setja meg ned og skriva eit langt gammaldags papirbrev til henne der eg skriv desse tinga. Det hender nemleg at eg framleis skriv papirbrev og har stor glede av det…

I dag las eg fylgjande setning i boka «For livets skyld» av Ulla Käll: «En katolsk prest sa en gang til meg, på spørsmål om hva kjærlighet er: Det er å forbli åpen.»  Den setningen passar det godt å avslutta med.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: