Gå til innhald

Og atter som eit under

mai 9, 2018

Me som held til i dette hjørnet av verda, veit at sommardagar skal me ta i mot, anten dei kjem i april, mai, juli eller september. Slikt kan ein aldri vita sikkert her hos oss. Me veit og at når me kjenner att ein sommardag, finst det ingen garanti for at me skal få mange av det slaget. Derfor gjeld det å kasta seg uti og pusta sommaren inn og ut med friske lunger, fryd og livsglede den dagen han er her. Me på Bryne skule har vore utruleg heldige med den felles leseveka vår, «Lesa for å gjera». Då hadde me nemleg planlagd mykje tid ute, og me visste jo at det alltid er ein viss fare for at me kan få ti grader, høljeregn og nordavind. Denne gongen skulle det visa seg at me og ansvarlege for veret spelte på lag. Me har hadd fint ver heile veka, men i dag toppa det seg med tjue grader pluss. Lite kunne passa betre den dagen heile mellomtrinnet skulle på aldersblanda sporløype i Sandtangen med påfylgjande pølsegrilling, kanopadling og uteleik.

Aldersblanda smågrupper er alltid litt spennande, kanskje spesielt for dei som er yngst på gruppa. Mange hadde behov for å dobbelsjekka at dei hadde rett gruppenummer før dei stilde opp bak sjuandeklassingane som stod der med nummerskilt, kart og blyant og skulle vera gruppeleiarar. Så bar det i veg ut i naturen for å finna fram til postane via kart og så løysa ulike typar oppgåver der dei måtte lesa seg til både kva dei skulle gjera og kva dei skulle finna ut av. Eg var så heldig å få vera flue på skuldera i ei av gruppene, og det slo meg kor mykje meir dette handla om enn faktisk å løysa oppgåvene. Elevane skulle vera på gruppe med slike dei ikkje kjende, og det er spennande å observera barn sine strategiar for å bli kjende med nokon ein ikkje kjenner frå før. Det vart i tillegg observert edderkoppar, konglar, ulike småkryp, fuglar og fuglelydar, og ein på gruppa informerte dei andre om at det gjekk an å eta gauksyre, men at det var ganske surt. Då eg som vaksen nikka at det stemde var det fleire som nølande stakk blomar og blad inn i munnen for å smaka for første gongen.

Danske Jesper Juul har skrive ei bok som heiter «Ditt kompetente barn,» og eg tenkte på i dag at veldig mange barn er verkeleg kompetente og spesialistar på dette å vera barn. På ein utedag som var så godt organisert at mykje gjekk av seg sjølv, var det spennande å vera ein del av ein barneverden me vaksne aldri blir heilt inkluderte i. Me kan vera i fantastiske samspel med ungar og ha det kjekt i lag med dei, men heldigvis eksisterer det framleis ein eigen barnekultur med sine eigne reglar og sin eigen logikk. Cornelis Vresvijk, for det er han, trur eg, har eit poeng i songen «Det gåtfulla folket». «Alla är barn och dom tilhör det gåtfulla folket.» Det er fint å sjå at barn framleis er i stand til å engasjera seg sjølve i leik utan at vaksne set ein einaste premiss, og det er fint å sjå at veldig mange av dei er omsorgsfulle ovenfor andre barn.

Det betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje eksisterer grenseutprøving, utestengning, tankeløyse og alt dette andre me stadig strever med, me som er sette til å fostra dei, men det andre, dette fine, varme og umiddelbare finst og, det må me ikkje gløyma når me forheld oss til at det kan vera problematisk å disiplinera og oppdra barn. Det er ikkje alltid me vaksne heller klarer å leva etter den etikken som me er flinke på i teorien. At barn lærer meir om korleis me lever enn kva me seier er eg overbevist om, men det er ein annan sak.

Eg er glad for at eg jobbar på ein skule og i ein kommune der hovudmålet vårt for å driva skule framleis er: «Å gje elevane lyst på livet og evne til å meistra det».

Det er ei utfordring eg kan lika å vera med på å prøva å lukkast med.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: