Kristi himmelfartsdag
Eg kom så langt som til å lesa eit innlegg i Vårt Land om kor fint det er å feira heilagdagar, å gjera alt klart på førehand og verkeleg nyta når dagen kjem at alt er gjort ferdig og arbeidet lagt til sides.
Eg må nok innrømma at det bare delvis vart slik i dag. Den eine store skrivejobben min begynnar det å hasta med å få i havn, så eg stod relativt tidleg opp og sette i gang, fordi eg skulle få gildt besøk og langhelg etterkvart.
Det å ferdigsetja tekstar som skriveelevane mine har skrive er ein stor jobb, men samtidig ein veldig interessant jobb med mykje glede i. Framleis skriv me med blyant og kulepenn, og når våren kjem har alle ei stor mappe med tekstar. I desse gjer eg eit utval saman med elevane og reinskriv dei inn i digitalt format. Som ein hovudregel forandrar eg ikkje på noko anna enn rettskrivinga, men den synest eg bør vera rett. Det hender og at eg foreslår omskrivingar, men då i samarbeid med den som har skrive.
Til nå har eg omtrent hundre og tjue sider med tekst i det som skal bli boka vår i år. Eg er oppriktig imponert over mykje av det elevane skriv. Dei har ein til dels frisk og ny måte å ordleggja seg på, og alle skriv med sitt eige særpreg, slik at tekstane blir ganske forskjellige sjølv dei gongene alle har jobba med den same oppgåva.
Tekstane er i frå lettbeint tøysete, til kvardagsskildringar, dikt og så kolsvarte triste tekstar at eg lurer på om dei bør sensurerast bort, men sensurering vil eg helst det skal vera minst mogleg av fordi eg synest det skal bli genuine uttrykk for det ein tenåring har å koma med. I år er elevane mine ganske store, dei yngste skal opp på ungdomsskulen nå, nokre går på ungdomstrinnet, og to av dei er i gang med vidaregåande skule. Det vil bli ledige plassar til hausten, men eg set ei grense på ti elevar slik at alle skal få merksemd og individuell oppfylgjing.
Då klokka var eitt, opna dørene seg til Gjestehuset i Kong Sigurds gate. Først ut var eldstedottera og eit lite barnebarn som for tida står på knær og hender og gynger fram og tilbake slik dei aller fleste barn gjer før dei heilt erobrar krabbekunsten. Det er fantastisk å sjå koss små barn har i seg alle utviklingstrinn dei skal gjennom og bare heilt naturleg plutseleg gjer det dei er programmerte til når tida er mogen for det. Utan samanlikning i det heile tatt, så har me rumpetroll på grupperomet på skulen for tredje året på rad, og nå kan me seia, snart kjem dei ut av egget, nå blir kroppane rundare, i neste veke eller veka deretter kjem kanskje bakbeina ut… Naturen er til å bli imponert over.
Eg fekk kokt litt heimelaga fiskesuppe og bakt litt før Eva Mari og hunden Lara dukka opp etter ein lang køyretur frå austlandet. Etter middag og kaffi måtte me ut og gå litt, og kledde oss for regn. Det var heilt utruleg å sjå korleis våren fullstendig hadde eksplodert etter dei varme fine dagane først i veka og alt regnet i natt og i dag. Det var plutseleg nesten sommar i naturen og det lukta den gode lukta du veit av nyutsprungen bjørk i regn. Akkurat den krydra grøne lukta der er noko av det som verkeleg gir meg ei kjensle av vår og nesten sommar. Ein gong var eg på lærarutvekslingstur i Umeå i mai. Der feira dei bjørkefestival den helgen bjørka var forventa å springa ut. Dei selde bjørkekaramellar. Kanskje var det det me på norsk kallar drops, eller på godt jærsk bombom, det hugsar eg ikkje lenger, men eg hugsar dei var bjørkegrøne og skulle ha smak av nyutsprungen bjørk. Eg meinar eg kjøpte med eit par posar slik at elevane skulle få smaka kvar sin når eg kom heim.
Eg hugsar og at me gjekk heim veldig seint på kvelden etter eit arrangement i Umeå, det var framleist lyst sidan me var så langt nord og det lukta så heimsleg og vårleg av bjørk.
Det slutta nesten å regna den timen me gjekk tur, i morgon trur eg veret skal bli ganske fint att. Eg synest at den fine grønfargen i ein litt grå kveld i mai kom fint fram på bileta eg knipsa med mobilen, så dei deler eg med meg i kveld.
Heidi