Gå til innhald

7. mai 2019

mai 7, 2019

IMG_20190507_195831_485

For eit kvarter sidan kikka eg ut av vindauget. Det var eit skarpt og nesten merkeleg kveldslys der ute sjølv om klokka var ti om kvelden, og på bakken og hustaka låg det eit kvitt lag av hagl.

I dag morges sykla me med dei nesten sytti sjetteklassingene våre til Lyefjell for at dei skulle springa Tine- stafett. Med dobbel ullundertroye under genseren og fora strikkehanskar på hendene var det friskt og fint å sykla i solskinet gjennom det nygrøne landskapet. Vinden hadde stilna veldig frå dagane som har gått, og sidan han kom sidelengs i dag, så var det heilt greitt ver å sykla i. Sidan eg hadde ansvaret for baktroppa, vart det ein time med oppmuntring, ros og gode sykkelråd: «Trø godt på i denne vesle nedoverbakken, så vil me koma lenger opp i den neste motbakken før me må gå av sykkelen igjen…» Prøvde meg til og med med far si påståtte vitenskaplige utlegning frå då eg vart trøytt på fjellturar og sånn i barndomen at «Når du trur du ikkje orkar meir, så orkar du akkurat like mykje ein gong til».Hakket meir audmjuk enn han var, så la eg til «er det nokon som seier»…

Eg har ingen problem med å forstå at ikkje alle har lyst til å springa stafett, og heldigvis hadde alle våre elevar valet om dei ville springa eller ikkje. Dei fleste ville, og resten var heia-gjeng. Då me kom fram begynte det å snø… Heldigvis vart snøfallet heilt minimalt, og sola kom snart tilbake. Det er fint å vera i lag med elevar på tur, og det å frysa litt i lag er sikkert relasjonsbyggande det og. Me vaksne hadde den fordelen at me har erfaring nok til å kle oss etter veret og i tillegg hadde me termosar med varm kaffi til å varma iskalde fingrar på.

Heimturen frå Lye over Vestly er eit kapittel for seg sjølv i mai med alt det grøne, med nyfødde lam og med storhavet som blikkfang i horisonten medan sykkelen trillar heim nesten av seg sjølv.

Det blir ein intens jobb å bli ferdig med boka me lagar på «Skapande skriving,» men det er alltid kjempespennande å sjå kva me får til. I dag hadde me collageverkstad for å laga framside og illustrasjonar. Dagens bilete er eit utsnitt av det me har gjort. Så spørst det om eg er datakyndig nok til å få manipulert fotografi av ansikta til elevane mine inn i biletet… Me sat rundt eit langbord med sakser lim, kunstmagasin og gamle vekeblad, småprata og åt kjeks medan me klippa og limte og høyrde på solosongøvingar i sideromet:

«Kjære lytt til lyset når det gryr av dag!
Solen løfter sin trompet mot munnen.
Lytt til hvite sommerfuglers vingeslag:
Denne dag skal bli din beste dag…

Mangt skal vi møte, og mangt skal vi mestre,
dagen i dag den kan bli din beste dag…»

På tysdagane hender det at eg blir angripen av ei fredfull utmatting etter at eg har avslutta den «doble arbeidsdagen» og har rydda etter elevane. Då kan det kjennest så ubegripeleg deilig å synka ned på kontorstolen og gjera ingenting før eg etter ein halvtime eller meir kvinnar meg opp og klyv opp på sykkelen eller tek beina fatt for å koma meg heim frå jobb.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: