8. mai 2019
Nå er eg i den travlaste innsatsen med å få pakka kofferten og rydda litt i papira mine, for i morgon går eg rett frå jobben til toget. Nå skal eg ut på tur. Dersom alt går som det skal, så er eg på toget ca kvart over eitt. Først går turen til Lysaker der eg blir plukka opp av Eva Mari, så får me ein kveld og ein dag i lag før eg reiser vidare til Oslo der eg og Anne Mette skal besøkja Heidi.
Dette har eg gleda meg stort til, for nå har livet gått fort i svingane i ein periode. Det skal bli fantastisk å slappa av i lag med gode venninner. Om nokon skulle lura så er «mitt skip lasta med» pensumbøker, og eg tenkjer at uforstyrra toglesing på 7-8 timar i to omganger kan då ikkje vera så verst…
Eigentleg burde eg sikkert vore heime og skrive frå morgon til kveld og brukt nettene til lesing, men nå trur eg det er lurt å bare pusta roleg eit par dagar. Eg ligg etter med anna forefallande mai-arbeid som utviklingssamtalar og skriving av individuelle læreplanar, men eg veit at eg kjem i mål til slutt. Som Arne Garborg så viseleg har sagt. «Alt lagar seg bare ein ikkje kjem i ulage sjølv». Det har vore gode ord å halda seg fast i mange gonger.
I morgon skal heile skulen etter initiativ frå elevane i sjuande klasse ut og plukka søppel i alle områda rundt oss. Me er stolte over å ha elevar som tek klimakampen på alvor og viser det med lokale tiltak. Dei har ikkje meld det beste veret, så denne læraren skal utstyra seg med full regnhyre så ho ikkje kjem søkkvåt på toget. Nå kjenner me at me er inne i perioden med mange alternative arbeidsdagar. Heldigvis er skulen noko for seg sjølv i mai og juni, det er fint å gjera andre og viktige ting med elevane. Etter sommaren i april drøymer me om å bli innhenta av «mai du skjønne milde». Det er ikkje lett å vita om ein skal pakka dommar- eller vinterklede når ein skal austover, i dag morges var det framleis delvis kvitt på bakken, men heldigvis var det ikkje glatt på vegen.
Så altså, alle fylgjarar av maibloggen min, nå skal me på tur! 🙂
Heidi