22.mai 2019
Bileta er frå turen me kjekk med sjetteklassingane til Midgardsormen i dag. Det var akkurat den typen lys som gjer det grøne ekstra grønt. For to dagar sidan såg det ut på vermeldingane som om me ville få høljeregn på turen, men det hender veret blir betre enn forventa.
Nå skal eg ta ein «tidleg kveld». I morgon klokka ni får eg utdelt munnleg eksamen, og så skal eg bruka tida fram til måndag til å laga ei eksamensframføring i lag med dei andre to på gruppa mi. Etter å ha vore på gruppe saman heile skuleåret, er me på ein måte blitt kjende med kvarandre utan nokon gong å ha møtt einannan. Det er ein underleg måte å ha samarbeid på, men det fungerer, i alle fall viss teknologien står meg bi, det er i grunnen det eg er mest nervøs for kan koma til å gå gale.
Eg får sjå på det som ei interessant erfaring. Det kan godt henda at det blir min aller siste eksamen nokonsinne… Men ein skal alltid halda dei fleste dører litt på gløtt, ein veit jo aldri heilt på kva måte livet skal opna seg…
Det som er interessant er å ta pulsen på eigne reaksjonar på det heile. Eg er skeptisk til dette med karakterer, men erkjenner at eg sjølv skjerpar meg meir når eg får karakterer enn på oppgåver der det er «bestått-ikkje bestått». Eg får eksamensnerver sjølv om eg held det for veldig sannsynleg at me står med god margin, og eg er nervøs for karakterene på den innleverte mappe-eksamenen, sjølv om eg veit at eg ikkje har nokon jobb eller akademisk framtid å vinna eller tapa. Eg er og nervøs for om eg klarte å finna løysinga på korleis sensorane hadde tenkt at den eine oppgåva skulle tolkast. Sannsynlegvis kjem knapt nok nokon til å leggja merke til karakteren i det heile tatt.
Kort og litt beskjemma oppsummert, eg er meir nervøs for eksamen enn for om eg har lært meg ferdigheitar som vil gjera meg til ein markant betre norsklærar i all lærarframtid. Ein interessant og kanskje litt nedslåande observasjon, -og det verste er at eg ikkje trur eg er den einaste som opplever det slik.
Konklusjon: Me godt vaksne lærarar let oss stressa av prøver, karakterar og eksamenar sjølv om me håpar at elevane våre ikkje skal gjera det. Til forskjell for oss har mange av dei masse å tapa fordi nokre av dei ettertrakta utdanningsløpa krev skyhøge karakterar for å i det heile tatt å få lov til å koma i gang… At ungdomar stressar seg sjuke er rett og slett bekymringsverdig. Det er sjølvsagt like bekymringsverdig at ein del ungdomar har gitt opp og ikkje orkar å stressa med å prøva ein gong.
«Sjå i nåde til oss»,som det står både i skrifta og ein av songane til Bjørn Eidsvåg. Så lite flinke me ofte er til å skilja det verkeleg viktige frå det som ikkje er fullt så viktig… Eg seier til meg sjølv det eg seier til elevane mine: Når du verkeleg gjer så godt du kan, då er det godt nok…
Heidi