23.mai 2019
Så er eg i mitt femtiniande år. Det er påbegynt i dag, så framleis kan alt skje… Eg kan jo kanskje strekkja det så langt som at det må då vera noko livsbejaande og nesten ungt ved å gå inn i sin femtiåttande gebursdag og motta ei eksamensoppgåve i det dagen begynnar.
Mine to medstudentar sat klare ved datamaskinane i det oppgåva skulle publiserast, sjølv var eg på veg inn i klasseromet i det teksten tikka inn. Eg fekk eit foto av oppgåva på mobilen som eg smugkikka på første gong eg hadde sjansen, sånn fem minutt inne i timen, og konstaterte at dette såg då ganske greitt ut.
I matfriminuttet logga eg meg på inne på møteromet for å bruka matpausen til å ta ein første prat med dei eg skal jobba i lag med. Etter at me hadde snakka saman ei stund, sa eg at det eg stressa mest med var om teknologien fungerte, akkurat då vart skjermen på surfacen min svart. Batteriet var oppbrukt, og eg hadde teke med feil straumledning. Eg fekk logga meg på på I-paden og kom tilbake i det møtet vart avslutta, men me hadde fått lagt ein plan.
Etter ein time om lesing av tabellar og dei Mellom- Europeiske landa og eit jobbrelatert møte, sykla eg heim og fekk begynt på oppgåva. Så kom Iben frå barnehagen, og me måtte feira dagen med kaffi, melk og kake.
Eg hadde invitert med meg generasjonane over og under i tillegg til kjærasten min på restaurant for å eta middag i lag. Iben vart pynta i ny gul kjole og fekk sett opp håret i anledning dagen. Ho såg ut som ein veldig sjølvbevisst liten ballettdansar.
Middagen vart veldig koseleg. Så heldig eg er som har ein så stor del av familien buande rundt meg. Iben åt og koste seg og ved hjelp av turar i lokalet i lag med morfar, mormor, mamma og oldefar etter tur, så klarte ho å underhalda seg sjølv og oss ganske lenge. Etterpå var det heim att til nytt eksamensmøte.
Koppen på toppen fekk eg i lag med ein annan mummikopp i gebursdagspresang. Historien om det usynlege barnet er ein av dei aller finaste forteljingane frå Tove Jansson sitt Mummidalunivers. Mummimamma som aldri har avvist nokon som treng omsorg, har tatt eit usynleg barn heim til seg. Barnet, som så vidt eg hugsar det heiter Ninni, har blitt usynleg fordi ingen har sett henne. Ved hjelp av mykje omsorg, kjærleik og tåmod, får mummimamma henne langsomt til å bli synleg att. Så vidt eg kan hugsa det har ho eit tilbakefall ein gong ho føler seg krenka, men til slutt er ho like synleg som alle andre.
Sidan Mummimamma er eit av mine store ideal der ho tålmodig drassar rundt på den store veska si fylt av syltetøyglas og andre ting som nokon kan koma til å trenga, har eg teke denne historia inn i hjartet mitt. Eg er sikker på at barn ingen ser risikerer å bli usynlege og eg er sikker på at dei med Mummimamma si oppskrift kan koma til å bli synlege igjen. Faktisk er akkurat dette noko av det viktigaste me steller med me som jobbar i skulen. Me jobbar med å få barn til å vera synlege på ein tillitsfull og glad måte slik at dei kan, slik visjonen på skulen min tilseier, få lyst på livet og evne til å meistra det.
Heidi