Luke 23-2019
«Mor, søve du?» Sunniva stussar på ein plutseleg stans i akslemassasjen under filmen me ser på, og eg må litt motvillig innrømma at eg sovna viss litt…
Dagen begynte til mitt forsvar veldig tidleg. Eg vakna faktisk ein halvtime før barnebarnet vakna klokka kvart på seks, og tenkte at nå vaknar ho kor tid som helst. Det gjorde at eg var relativt pigg og vaken då ho ropte på «mommor» på babycallen.
Me hadde ein riktig koseleg morgon før dei andre vakna, las mange bøker og pynta vidare på juletreet me starta på kvelden før. Ivrige små toåringar i pyjamas er den beste pyntekompanjongen ein kan få, i alle fall på entusiasmeplanet.
Litt seinare kunne ho gledesstrålande fortelja at ho og «moffar“ skulle i “dyreparken». Det vart hakket meir truverdig då ho retta det til «foglaparken», «så kan du jydda litt i fre, mommor». Og det fekk eg…
Det å rydda til jul krev si dame. Me har frykteleg mykje julepynt, og min måte å pynta på kan vel ikkje sjølv med beste vilje kallast, planmessig, minimalistisk eller stringent.
Vanlegvis ber me opp dei store, tunge kassane opp i stova, men pyntehjelpa tar i betraktning så valde eg å ta det opp porsjonsvis. Eg fekk den tanken at eg trengde jo ikkje bruka alt… Mykje står att i kjellaren, men det skulle ingen tru. Me har gått ein lang veg frå jula – 86 då me får første gong hadde eige juletre, eg vil tru det var eit lite, skakt og rart eitt me hadde fått for halv pris. Så kjøpte me glanspapir, glasperler og trekuler og sette i gang å laga pynt for me måtte jo begynna frå botnen. Det var før den store gjenbruksbølgja gav oss ideen om å kjøpa brukt.
Eg vart litt engsteleg då eg rett og slett ikkje kunne finna Jesusbarnet i den bolivianske vesle julekrybba Sunniva kom heim med for seks år sidan etter halvåret sitt i La Paz. Heldigvis fann eg det etter å ha tråla kassane med alt eg trur skal få overvintra i kjellaren. Kanskje det kan stå som eit symbol på det minste og vernlause me ikkje tenkjer over, men som me kan oppdaga er viktig når me plutseleg ikkje finn det.
Elles har me vore innom dørene i nokre hus i dag for å levera ei helsing og ynskja god jul. Torhild kunne fortelja at ho hadde kokt gome av 24 egg. Eg fekk smaka på godsakene som smakte heilt nydeleg. Leif er etter snart 34 år i området ikkje blitt vestlending nok til å la seg velsigna av ei skål nykokt gome.
For å sitera min eigen jærske julesame:
Der svarte skarvar står på kalde steinar,
Og vintertrea bøyer seg i vind
Står husa her i rennedrev og reggen
Og lyser medan jula ringest inn…
Rennedrevet glimrar rett nok med sitt fråver, men regn har me hatt rikesleg av i dag og den siste veka. Slik er vår jul og eg hadde nær sagt våre juletradisjonar. Heilt akseptert på linje med kvit austlandsjul er det vel ikkje når me tenkjer norsk julefeiring. Ville NRK ha våga å satsa på ein adventkalendar i barne TV der hovudpersonane dansar seg gjennom desembermørket iført gummistøvlar og fargerike regnklede? Det tenkte eg på i dag… Om nokon frå NRK skulle lesa dette, så byr eg på utfordringa heilt gratis. Dei kan gjerne leggja inn ein episode der det blir kokt gome på 24 egg…
God julaftan, alle saman.
Heidi