Gå til innhald

Luke 22 2019

desember 22, 2019

Ikkje før hadde eg klaga mi naud over manglande delfiafett på Bryne før eg fekk eit tilbod om ei forsyning frå Klepp og oppskrift i innboksen om risbollar utan delfiafett. Inger toppa det heile med å bera med seg ein halv pakke delfiafett i handveska då ho la ut på kyrkjeveg. Nå er eg med andre ord berga, og kan skriva under på at folk støttar kvarandre i krisetider…

Eg dristar meg derfor til ei ny eyterlysing, eg er på jakt etter to av mine favorittbilledbøker: Guds gjøglar av Paolo eit eller anna og De hellige tre narrer av Tor Åge Bringsværd. Den siste er eg aller mest interessert i. Eg ville gjerne fått låna fram til juletrefesten laurdag i romjula. Eg har prøvd å kjøpa både i bokhandlar og på nettet, men det skulle visa seg å vera alt anna enn lett. Det eg lærer av dette er å tvihalda på biletbøker eg verkeleg forelskar meg i, og aldri gi dei vekk eller noko liknande… Dei forsvinn forsvinnande fort og brutalt ut av handelen.

Etter gudstenesta skunda eg meg heim for å rydda og koka suppe før generasjonane under oss var samla rundt bordet. Juletreet fekk til og med fot og lys før middagen, og slikt skjer ikkje kvart år dagen før julafta.

I kveld har me hatt hyggeleg besøk av Anne Mette og etterpå spelekveld med alle fire «ungane» +Oddvar. Nå har alle dei andre gått til ei, og det bør absolutt eg gjera og. Oppe i toppetasjen lugg det ei lita jente og søv, og dersom alt er som det pleier står ho i senga ca klokka seks og ropar “mormor! “, opplagd og klar for ein ny dag.

I år har den lengste dagen i året og den fjerde sundagen i advent vore ein fin dag.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: