Juleluka 2019
Det vart ei samleluke for heile jula. Luke 24 vart ikkje klar for opning før jula vart ringt inn. Sjølv om eg ikkje skulle vera vertinne om kvelden, så har det ein tendens til å bli ein travel dag. Det var julegrøt med hasselnot fordi eg mangla mandel og Iben fekk julesokk med sitt første julehefte om Brillebjørn. Me kom oss til den første julegudstenesten klokka kvart over to, og lettare overtrøytt etter ei intens førjulstid gråt eg så mascaraen rann i stride straumar då nordnorsk julesalme kom som solosong. Teksten er så vakker. Me hadde ein fredeleg og fin julekveld hos syster og svoger på Figgen.

Dagen etterpå hadde eg gleda meg til å samla storfamilien heime i stova vår. Etter litt teamarbeid frå gjester og fastbuande i heimen var me nokonlunde klar då gjestene kom, nokre av dei hadde med seg mat til eit stort felles måltid. Julefeiring er på ein måte eit årleg rituale der ein skal gjennom ulike postar og vera i ulike rollar. Dette må på ingen måte tolkast negativt. Eg trur me treng rituale å halda oss fast i, og at dei rollane me spelar, for eksempel i jula er med på å gjera liva våre heilare og meir robuste.
Etter at dei andre gjestene hadde reist vart nokre av oss sitjande med nye brettspel. Då me braut opp tenkte eg at tida var komen for julelukeopning på bloggen, men då eg høyrde om dødsfallet til Ari Behn kjende eg at det skulle eg venta med. Sjølv om eg på ingen måte kjende han, vekte det mange tankar og kjensler.

Andre juledag kom med nydeleg ver, og det vart ein fin tur frå Brusand til Ogna i frostver og med blå himmel. Etterpå åt me pizza og drakk kaffi hos Ingrid og Oddvar.
I går var det siste heimedagen til Sunniva. Den brukte me saman med Iben. Det vart òg på tide å førebu juletrefesten i kyrkja det eg var veldig medansvarleg. Eg skulle baka fleire kaker, vera med og gjera klar lokala i tillegg til å førebu andakten.
Dagen i dag har vore via juletrefest. Det gjekk bra, alle med ansvar gjorde ein kjempejobb. Leif hjalp meg å visa bileta om dei heilage tre narrane på storskjerm medan eg fortalte historia nedskriven av Tor Åge Bringsværd. Teikningane til Hilde Kramer er heilt fantastiske. Dessverre har boka eg fekk då barna vart små gått tapt. Ved hjelp av facebook og innspel frå bibliotekar Aud fekk eg tak i eit bibliotek-eksemplar. Nå ligg eg flatt på sofaen, glad og fornøgd over at juletrefesten, mitt siste store ansvarsområde i denne omgangen gjekk så bra. Det har vore mange ballar i lufta dei siste månadane, nå er alle tekne trygt ned. Når det er sagt. Nokre oppgåver veit ein bare i utgangspunktet at ein skal ta, og så gjer ein det ein skal med stor ro og stor glede. Slike oppdrag vart boklanseringa, skulegudstenesta og juletrefesten.

Heldigvis er det framleis romjul, og så er det nyttårshelg. Godt framhald alle saman, og takk for fylgjet gjennom desse desembervekene 😊
Heidi