4.juli – Mosjøen

For ein fin dag me har hatt. Då me stod opp var bordet dekka til fest med flagg, blomar og spidermantallerkenar til ære for Albert som fylde seks år. Storesøstrene hans hadde steikt pannekaker, og dei vaksne hadde ordna varme rundstykke og eggerøre.
Tidleg på føremiddagen gjekk me vegen langs elva ned til sentrum. Eg har vore der før ein gong og oppdaga mot sedvane at eg kjende meg sånn nokonlunde att. Eg hugsa den gamle trehusbebyggelsen i Sjøgata, men det var endå meir idyllisk enn eg kunne hugsa. Kanskje det hadde samanheng med at gata låg forgylla i sommarsol, og sjølv om det var eit skarpt og kjøleg drag i lufta så varma sola så godt at det gjekk an å kasta jakken.
Utanfor det ærverdige gamle hotellet kunne ein kjøpa seg ein zip-line tur frå ein avsats på Øyafjellet på den andre sida av elva Vefsna. Via ein sele blir ein kopla til ein slags løypestreng og send i stor fart nedover fjellet og over elva. Det frista lite å prøva, men var ganske spennande å sjå på. To gutar bada frå ei brygge, eg vil tru at det var ein kjøleg fornøyelse i ei elv eg antar var full av smeltevatn, men den eine påstod hardnakka at vatnet var ganske bra.

I smug og tverrgater var det koselege kafear og små kunstgalleri, og folk sat i sola og koste seg med at det var sommar. Me åt lunsj ved eit utebord på Blomsterbua, ein liten kafé, og me vart fortalde at dette var den første dagen dei hadde ope etter koronanedstengninga. Etterpå koste me oss med å vasa rundt på eit antikvariat drive av frivillige eldsjeler der me unte oss å kjøpa med oss to bøker me kunne ha leita etter viss me visste at dei stod der.


På strikkebutikken Den røde tråd fekk eg kjøpt meg nytt strikketøy for eg ser at slikt går unna på bilturar. Etter mykje om og men, og med ei veldig hjelpsam og triveleg dame som gjorde alt ho kunne for å hjelpa meg, gjekk eg til slutt ut med sju nøster kvitt babyullgarn og eit mønster fotografert på mobilen pluss ei adresse til korleis me eg kunne lasta det ned frå nettet.

Alt blir bra står det på desse barneteikningane på veggen, og sykkelen med blomar i korga får stå som eit symbol på ubekymra sommardagar med vind i håret og ein sommar der framme der det blir lov igjen å dela ut varme klemmer i aust og vest og sitja tett saman utan å vera redde for å smitta kvarandre.
I ettermiddag har me drukke kaffi og ete is og vannmelon saman med foreldra til Hege, Åse og Per. Det var veldig koseleg. Eg møter så masse gjestfriheit her at eg blir heilt rørt. Mitt møte med Mosjøen er at alle her er kjempehyggelege, og det inntrykket kjem eg til å behalda, for i morgon reiser me vidare. Det som rørte meg endå meir var at eg fekk helsingar frå Kari og Gro, gamle venninner frå året i Notodden for sånn ca 36 år sidan. Eg har ikkje sett dei sånn omtrent sidan då. Begge har busett seg i Tromsø og ønska velkommen dit. Det hadde vore så fint å møtast, men det må dessverre bli ein annan sommar.
I morgon kjem fronten på bilen til å venda sørover. Eg kjenner at nå hadde eg vore klar for tre veker i Nord-Norge med midnattssol og glede, men slik vart ikkje kabalen denne sommaren. Men framleis har me ein tur med etapper me verkeleg gleder oss til, og så blir neste avdeling kattepass i Oslo.
Vermeldinga såg dårleg ut før me reiste, men me har hatt sol nesten heile turen. Nå ser det bra ut i morgon og. Då er planen at me skal koma oss tidleg av gårde så me får sett litt av Helgelandskysten. Det blir spennande.
Heidi