Litt lys og varme

Slike englespel som den på biletet var eg veldig fascinert av då eg var barn, men eg var vaksen og vel så det før eg fekk mitt eige. Eg har gitt vekk fleire i presang, og har i tillegg til denne ein mindre kyrkjeleg variant med vesen frå Mummidalen i staden for englar.
Kanskje det var min begeistring som smitta over då eg introduserte barnebarnet på tre år for desse, for ungane nå er jo vane med at det meste kan skje bare ein trykkjer på ein knapp. Eg måtte lova å venta med å pakka dei vekk til ho hadde vore på eit nytt besøk. Først gongen ho kom etter jul spurde ho om ho kunne få sjå på dei som gjekk rundt og rundt, og heldigvis forstod eg kva ho meinte så me fekk ei lita stund med kvardagsmagi til kveldsmaten.
Då eg sist sundag skulle laga ein installasjon til ei kveldsgudstjeneste om håp, forstod eg plutseleg at då måtte eg ta med denne. Det er ein veldig enkel illustrasjon på kor lite lys og varme det eigentleg skal til for å laga ein forskjell. Englespelet er ein skjør og spinkel konstruksjon, men rundt og rundt går det til varmen frå eit lite telys. Det skal ikkje alltid så mykje til før magiske, eventuelt heilage, reaksjonar inntrer. For meg vart dette plutseleg eit sterkt vitnesbyrd om håp, lys og varme. Det er jo slikt me treng akkurat nå.
På tysdag stilde eg med englespelet i tredje klasse for å diskutera det som skjedde, som eit lite lynkurs i fysikk. Samtidig fekk eg vist noko om kva lys og varme kan føra til. Det er jo aldri feil bagasje å få med seg vidare. Eg har ei slags klokkartru på at det ikkje alltid er dei store og voldsomme tinga som gjer inntrykk.
Og for dei som måtte lura: Nå har eg pakka vekk siste rest av julepynten for i år.
Heidi