Gå til innhald

Tilpasningsdyktige

januar 31, 2021

Me er då trass alt ganske tilpasningsdyktige. I løpet av det siste året er mykje snudd opp ned. Kven skulle trudd for eit år sidan at det skulle kjennast heilt normalt å gå med munnbind på butikken og at me nesten har gløymt av korleis eit varmt handtrykk eller ein god klem frå ein venn kjennest? Aldri før har eg tenkt smittevern før ein tannlegetime. Sist eg skulle i stolen avlyste eg på grunn av lette symptom på forkjøling eller noko som kanskje verre var. Kven skulle trudd at det er eit ope spørsmål om me det vil vera lovleg å gjennomføra den planlagde vinterferien i Oslo-Bærum-området, og at det er veldig usikkert om det kan la seg gjera å ta med storfamilien til Danmark i juli? Kanskje det ikkje er så rart om nokre av oss av og til føler oss litt slitne i nokre mentale musklar me i grunnen ikkje ante at me hadde?

Heldigvis kan eg igjen vera i lag med yndlingsleikekameraten min på tre år. Me har ein «duploby» med heimehus, barnehage og uteområde som aldri blir rydda vekk frå stova. Der blir det leika rundt det som til ei kvar tid er aktuelle problemstillingar i hovudet på ei lita jente. Mang ein gong har legen måtta koma på traktoren sin fordi barna dett ned der det går an å detta ned. Mang ein konflikt er ordna opp i, og eit enormt antal bursdagsfeiringar er avvikla med langbord og duplokaker. Før jul måtte me kjøpa ledlys, juletre og små kjelkar til duplobarna i tilfelle det kom snø.

I sist veke spurde ei duplojente mora si om ho kunne få ha med bestevenninna på overnatting. Mora svarte då gjennom den tre år gamle regissøren: «Ja, men då må me væra forsiktige, for i dag æ der litt korona!» Duplofigurane kan og plutseleg seia: «Me må passa oss for virusen». Heldigvis har det denne helga vore fantastiske forhold for uteleik i akebakken, og der har treåringen kunna treffa venner og kosa seg med andre ting enn å passa seg for virusen. Sjølv lærte eg meg ordet «helgenomsekvensering» sist helg. Tenk kva me lærer om ting me ikkje ante eksisterte…

Eg har kasta meg på verdens underlegaste trend, og funne ut at Bernie Sanders sine vottar let seg strikka i løpet av to kveldar. Eg kjende umiddelbart dragninga då eg såg at nokon hadde lagt ut oppskrift på nettet, og eg har ledd for meg sjølv av at garnbutikkar verda over er i ferd med å gå tome for garn i dei rette fargane. Sjølv måtte eg nøya meg med beige der det eigentleg skulle vera grått.

Ser ikkje den godaste Bernie rett og slett ut som ein vaske-ekte nordmann, eller til og med som ein traust jærbu der han sit i varme og ufasjonable klede og småhutrar under presidentinnsetjinga. Ikkje rart at me her til lands får ein viss godleik for denne politikaren. Eg høyrde forresten ei venninne som har amerikanske venner referera at dei nå er mange i USA som meiner at det å leva under Biden kjem til å bli reine kommunismen…

Varme vottar kan me trenga her og. Nå har me hatt vinterglatte vegar sidan først i januar og snø i fleire omgangar. Heile den komande veka melder dei kuldegrader i heile det store landet vårt. Så kjekt for ungane at det akkurat denne på mange måtar litt begrensa vinteren skulle bli skikkeleg vinterver. Me treng det me vaksne og. Sjølv om me er aldri så vane med iskald nordavind og regn som kjem sidelengs, så må me vel innrømma at det kan vera godt å få ein liten pause frå det nå i den mørkaste årstida.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: