Gå til innhald

Håpet finst

januar 23, 2021

Om litt

Eg gyngar mine hjelpelause håp,
eg dansar på høghæla sko,

Som eg aldri skulle ha gjort anna,
jublande nedover brusteinane.

Gabriel bles i trompeten sin,
det er ingen grunn til å telja taktar.

Lukkelege menneske,
som framleis
held verda oppe,
med strake armar
og lengtande bøner.

Om litt skal det veksa
roser, tistlar og blå kornblomar
fram av det tome mørket.

Eg som aldri har spelt
i noko orkester før,
står klar på fortauet,
ventande med triangelet mitt.

Eg har skrive mange dikt om håp. I tider som desse kjem det godt med å kunna håpa. Her på Bryne har me ein kveldsgudstenesteserie med tema håp, og i morgon kjem Tore Svæven frå Kirkens bymisjon for å snakka om «Håp som ei livshaldning». Kirkens bymisjon er ein av dei organisasjonane eg verkeleg har tru på og beundrar, så eg ser veldig fram til å høyra han. På grunn av at tidene er som dei er skal gudstenesta streamast, så alle har sjansen til å få det med seg sjølv om dei ikkje fysisk får lov til å vera i kyrkjeromet.

Sjølv skal eg få lov til å vera med fordi eg har ei fast oppgåve med å rigga bønevandringar på kveldsgudstenester. Nå skal eg laga eit bord som skal fungera som ein meditasjonsstasjon på ein digital gudsteneste. Eg trur eg veit korleis eg skal organisera det, men eg har ikkje bestemt meg heilt for detaljane. Det blir spennande å vera med som aktør på eit streama kyrkjeleg arrangement. Det har eg aldri vore med på før.

Og eg kryssar fingrane og foldar hendene og håpar at me snart får kvardagane og sundagane tilbake. Av og til kjennest det som om me er midt i ein eller annan merkeleg film der uventa ting skjer heile tida. La oss halda oss godt fast i håpet.

*

Me ser

Me ser, og snur oss vekk.
Me høyrer, og set i øyrepluggane.
Me talar, og vågar ikkje bruka dei rette orda.

Me prøver, og veit ikkje korleis. Me leitar, og vågar ikkje å finna. Derfor sørgjer jorda,
og me gret med henne

når ingen ser oss.
Men håpet må finnast. Håpet må ha eit ansikt.

*

Håpet har eit ansikt

Ho vandrar rundt på stiane, på gatene og torga.
Ho set seg ned på benkane for å lytta.

Ho seier at ho håpar
at håpet har eit ansikt.
Veit ho at det kan vera hennar eige?

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: