Framme ved nye dører

Dette har vore ein spesiell dag på fleire vis. Me hadde første planleggingsdag på skulen og skuleferien er over for lærarane og resten av personalet.
For første gong på halvanna år kunne me sitja der me ville når me var samla og omgåst nokonlunde normalt. Meteren er oppheva mellom dei vaksinerte. Den einaste restriksjonen er at me skal la vera å klemma kvarandre og å handhelsa. Det var tydeleg på stemninga at det gjorde godt at skulelivet ser ut til å normalisera seg.
Det som har gjort denne dagen verkeleg spesiell, er at Leif reiste grytidlig til Bergen for å bli innlagd på Haukeland. Då han rutinemessig vart hjarteundersøkt då han var innlagd med galleproblem ved påsketider, vart det nokså tilfeldig oppdaga at han har ein medfødd hjartefeil han aldri hadde visst om. Det viste seg å vera nødvendig med ein hjarteoperasjon som skal finna stad i morgon tidleg.
Dette har me visst om sidan begynnelsen av mai, så til ei viss grad har det prega sommaren vår. Me har likevel hatt ein veldig fin sommar. Det er ikkje kjekt å vita at ein operasjon ligg og ventar rundt svingen, og heller ikkje å vita at ein går rundt med eit hjarte som ikkje fungerer heilt. Det å bli minna om at liv og helse ikkje er sjølvsagt gjer me vel alle med jamne mellomrom. Det rare er at på ein måte får det oss til å forstå betre kva som er viktig og kva som i grunnen er bagatellar…
Han som skal opererast i morgon tidleg er relativt roleg og fatta. Det er eg og i større grad enn eg kanskje hadde trudd eg skulle vera, men kjekt er det ikkje. Likevel er eg glad for at nå blir det gjort…
Eg er glad for at dei som har visst om dette viser oss omsorg og omtanke. Me er kjempeglade både for varme tankar, kryssa fingrar og forbøn. Liv og helse er ein kostbar gave, og det var rein flaks at dette vart oppdaga. Eg oppdaterer når eg veit meir.
Heidi